Hopp til innhold

– Det er heilt uvanleg at to kvinner utfører væpna ran

Kritisk. Alvorleg. Historisk uvanleg. Slik beskriv valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk det væpna ranet som politiet antar blei utført av to unge kvinner i Alta førre veke.

Ranet av Narvesen i Alta

ØNSKJER TIPS I SAKA: Politiet i Alta ser alvorleg på hendinga. Dei ber om at alle som har informasjon om saka tar kontakt.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Søndagskveld den 11. februar blei ein Narvesen-kiosk i Alta rana. Ut ifrå beskriving og åtferd tyder det på at gjerningspersonane er to unge kvinner. Begge var maskerte og væpna med pistol og kniv. Under ranet blei det fyrt av eit skot, som politiet meiner kan vere lauskrut.

Dei to blei pågripne torsdag.

Voldsforsker Ragnhild Bjørnebekk

Men i nokre tilfelle er jenter valdelege, og innanfor ei valdsform er unge kvinner like mykje representert som gutar: kjærastevald. Det fortel forskar på vald, Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Jenter og kvinner i alle kulturar er historisk mindre valdelege og kriminelle enn menn. Dei som først er ute på køyret er i større problem enn gutar i same situasjon. Det er eit mykje større avvik frå normalen med kvinner, seier Ragnhild Bjørnebekk.

Ho er valdsforskar ved Politihøgskolen, og meiner dette er eit teikn på at ranspersonane er inne i ei alvorleg kriminalitetsutvikling.

– Det er heilt uvanleg og veldig alvorleg at jenter utfører væpna ran på denne måten. Dei som har gjort dette treng å kome inn til god behandling. Når det i tillegg blir nytta vald, er det kritisk.

Narvesen Alta

Det var denne kiosken som blei rana søndag den 11. februar rundt klokka 21.30.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

– Ikkje opplevd liknande

Kenneth Nilsen

Kenneth Nilsen er seksjonsleiar for etterforsking i Finnmark politidistrikt.

Foto: SANDER ANDERSEN / NRK

Politiet er svært tilbakehaldne på informasjonen om ranet. Etterforskningsleiar i Finnmark politidistrikt, Kenneth Nilsen, fortel at det har vore episodar tidlegare der ungdommar, inkludert unge jenter, har vore involvert.

Men han kan ikkje hugse å ha opplevd noko liknande.

Det viktigast for politiet er å få bekrefta mistanken om at det er to unge jenter som står bak. Dei ber folk ta kontakt dersom dei har observasjonar som kan knytast til saka.

– Men eg har ikkje tru på at dette er personar som høyrer til eit ransmiljø. Det har vi heldigvis lite av her i nord, seier Nilsen.

Gransking av åstedet

Politiet sikra spor frå kiosken dagen etter ranet.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Ran er «statuskriminalitet»

Valdsforskaren fortel at kvinner oftast blir tekne for nasking, tjuveri og rusrelatert kriminalitet. Det er veldig sjeldan med grov vald.

Ho trur det kan vere to trøblete personar som har funne kvarandre, også begynt å planlegge.

– Ein oppnår høg status av å utføre eit farleg og spektakulært ran i dei kriminelle miljøa. Det blir lagt merke til dersom unge utfører eit ran. Då er det lett å bli henta opp av eldre og meir organiserte grupper, seier Bjørnebekk.

Mange som har vore med på noko kriminelt tidleg i ungdomsåra avsluttar ofte karrieren i 20–25 års alderen.

– Då får dei gjerne andre typar problem som depresjon og rus, fortel valdsforskaren.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark