Hopp til innhold

200 personar er isolerte frå omverda: – Vi er slitne no, seier ordføraren

At Falkebergtunnelen igjen er stengt skaper store vanskar for innbyggjarane i Sørvær.

Eva Husby

Den vesle bygda Sørvær har levd i ein slags unntakssituasjon sidan 21. desember, då det gjekk eit steinras i Falkebergtunnelen. Situasjonen har skapt store vanskar for samfunnet, fortel ordførar Eva D. Husby.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

21. desember gjekk det eit steinras i Falkebergtunnelen, som ligg mellom bygdene Sørvær og Breivikbotn i Hasvik kommune i Finnmark. Det gjorde at om lag 200 innbyggjarar i Sørvær vart isolerte frå omverda.

Sidan har innbyggjarane levd i ein uviss situasjon. Tunnelen har blitt stengt fleire gonger grunna arbeid i tunnelen. Alle håpte at arbeidet skulle vere ferdig sist veke.

Men måndag kveld kom meldinga om at tunnelen blir stengt igjen – og truleg blir det resten av veka.

– Eg får stadig telefonar og andre tilbakemeldingar frå næringslivet og innbyggjarane. Sørvær-samfunnet begynner å bli slitent no. Denne situasjonen har vart sidan 21. desember. Det gjer noko med samfunnet, fortel Eva D. Husby til NRK.

Sørvær

Fekk av garde fisken

Hasvik-ordføraren fortel at dei først fekk beskjed om at tunnelen skulle vere open til og med tysdag, før sprengingsarbeidet skule starte onsdag. Så fekk dei melding om at tunnelen må stengast tidlegare, sidan det stadig rasar ned stein.

– Heldigvis klarte fiskeindustrien å få av garden den fisken dei hadde inne i dag, sidan dei fekk beskjed om at tunnelen kunne bli stengt på kort varsel, seier Husby.

Fiskebruket i Sørvær leverer ifølgje ordføraren fisk for éin million kroner kvar dag. Midt i høgsesongen må ein no finne ein alternativ måte å løyse utfordringa med transport for fisken på.

Steinras i Hasvik kommune

30 kubikkmeter med stein sperra vegen i Falkebergtunnelen mellom tettstadane Hasvik og Sørvær. Skredet gjekk 21. desember i fjor.

Foto: Statens vegvesen

Mislukkast sist veke

Hasvik kommune er også i dialog med fylkeskommunen om båttransport for passasjerar. NRK har ikkje lukkast i å få tak i fylkeskommunen sin ansvarlege for dette i kveld.

Statens vegvesen skulle helst sett at arbeidet dei no utfører i tunnelen hadde blitt gjort ferdig sist veke. Det gjekk ikkje etter planen.

– Steinskredet før jul førte til eit overheng som vi no prøver å ta ned. Vi prøvde å sprenge det ned førre veke, men vi fekk ikkje ned alt. Så den jobben må vi halde fram med, forklarer Tor Inge Hellander, prosjektleiar for Vest-Finnmark.

– Ein farleg situasjon

Han håper tunnelen er opna igjen i løpet av veka.

– Om alt går etter planen sprengjer vi på onsdag. Etter sprenginga startar vi å reinske laus fjell. Når det er gjort blir vegen opna, men det er usikkert når dette skjer, seier Hellander.

Tor Inge Hellanderseksjonsleder statens vegvesen

Tor Inge Hellander, prosjektleiar for Vest-Finnmark i Statens vegvesen, håper Falkebergtunnelen blir opna for trafikk igjen i løpet av veka.

Foto: Andrè Bendixen / NRK

Beskjeden frå Hasvik er i alle fall krystallklar. Ordførar Eva D. Husby håper arbeidet i tunnelen blir intensivert.

– Vi kan ikkje gjere noko med situasjonen, men det er ein farleg situasjon. No håper eg utbyggjarane har køyrefart, altså at resten av arbeidet blir gjort så fort som mogleg og at vegen blir opna igjen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark