Tapte i Molde
Tromsø tapte 2–1 i søndagens eliteseriekamp borte mot Molde. Etzaz Hussain scora først to gonger for Molde, før Robert Taylor reduserte for bortelaget like før pause. Men andre omgang vart mållaus. Vadsøværingen Morten Gamst Pedersen (biletet) fekk gult kort. Magnus Andersen frå Vardø kom ikkje på bana.