Rekk ikkje vedtak i dag
Før årsmøtet til Finnmark Ap i Kirkenes denne helga var det knytt størst forventing til kva årsmøtet meiner om Gardermoen-avtalen og ei eventuell samanslåing med Troms Ap. Men begge desse sakene blir først avgjort søndag. Det har tatt lengre tid å kome seg gjennom laurdagens årsmøtesaker enn det som i utgangspunktet var sett opp.