Hopp til innhold

Rafaelsen hylla Frode Berg

Årsmøtet til Finnmark Arbeidarparti er i gang i Kirkenes. Ordførar i vertskommunen Sør-Varanger, Rune Rafaelsen, nytta i opningstalen høvet til å rette fokuset mot Frode Berg, som er sikta for spionasje. – Frode Berg er ein pioner som alltid har hatt eit fokus på samarbeidet med Russland. Regjeringa må gjere alt dei kan for å løyse denne situasjonen så fort som mogleg, seier Rafaelsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark