Hopp til innhold

Russarar blir sende heim

Dei to fiskarane som blei tekne for ulovleg grensepassering sundag, blir sende tilbake til Russland i løpet av kvelden ifølge operasjonsleiar Thomas Pettersen i Finnmark politidistrikt. – Me er ferdige med avhøyr og dei blir nå sende tilbake til Russland over Storskog, seier han. Dårleg vær og problem med båten skal vera grunnen til at dei to søkte naudhamn på ei strand i Grense Jakobselv.