Hopp til innhold

Sjåfør stakk frå tollkontroll

Ein sjåfør nekta i natt å stanse i ein rutinemessig kontroll i Munkefjord, før vedkommande køyrte over grensa til Finland. Det skriv iFinnmark. Sjåføren skal så ha rast forbi tollkontrollen på veg inn i Norge igjen. Operasjonsleiar i Finnmark politidistrikt, Bjørn Gunner Johnsen, seier at politiet ser svært alvorleg på saka: – Det er alvorleg å stikke av for trafikkontroll og ikkje stanse for kontroll på grensa, seier han til iFinnmark.