Hopp til innhold

– Eg kan ikkje språket, men eg er samisk

Samane strøymde til manntalet i jubileumsåret.

Sametinget 100Âr

Vilde Øines Pedersen melde seg inn i samemanntalet etter valet i fjor haust. Pedersen kan ikkje snakke samisk, men ønskjer likevel å vere ein del av den samiske kulturen.

Foto: Privat/Jon Eeg/Scanpix / NTB scanpix

– Eg er samisk, men eg kan ikkje språket, har ikkje kofte og har ikkje vore ein del av kulturen slik sett. Eg tenkte at eg ikkje følte meg samisk nok. Men så oppdaga eg at eg likevel kunne melde meg inn i samemanntalet.

Orda kjem frå Vilde Øines Pedersen, ein 23 år gammal altaværing som studerer journalistikk i Bodø.

Ho er ein av om lag 600 personar som melde seg inn i samemanntalet etter sametingsvalet i september i fjor. Sidan 2013 har samemanntalet fått heile 1600 nyinnmeldingar.

– Dette er veldig positivt for sametingsvalet. Det er bra å røyste i vala og påverke det samiske demokratiet. Så denne utviklinga er eit sunnheitsteikn, seier sametingspresident Aili Keskitalo.

Sametingspresident Aili Keskitalo

Sametingspresident Aili Keskitalo er godt nøgd med at 1600 personar har meldt seg inn i samemanntalet sidan 2013.

Foto: Sametinget / Arkiv

– Viktige jubileumsarrangement

Ho trur det er fleire grunnar til at interessa for å melde seg inn i samemanntalet har auka dei siste åra – og spesielt i fjor. I 2017 var det nemleg 100-årsjubileum for det første samiske landsmøtet, som vart halde i Trondheim. Det gav auka merksemd rundt samisk politikk, språk og kultur.

– Jubileet og dei store kulturarrangementa som vart arrangerte i det høvet bidrog nok mykje til auken i samemanntalet, i alle fall den auken som kom tidleg på året, meiner Keskitalo.

Ravdna Buljo Gaup er leiar i plenumsstaben i Sametinget. Ho fortel at det har vore ein markant auke blant unge personar som registrerte seg til valmanntalet i 2017.

– Dei unge engasjerer seg og er interesserte i sametingsvalet og arbeidet som blir gjort. Dei ønskjer å påverke valet, meiner Gaup.

Ravdna Buljo Gaup

Ravnda Buljo Gaup er leiar i plenumsstaben i Sametinget. Ho seier seg spesielt godt nøgd med at så mange unge har meldt seg inn i samemanntalet.

Foto: NRK

– Fornuftig og veldig bra

Vilde Øynes Pedersen, som er ein åttandedel samisk, melde seg inn i samemanntalet då ho i fjor haust arbeidde med ei bacheloroppgåve som mellom anna tok føre seg samisk kultur og historie. Ho kom då til eit punkt der ho fann ut at ho ville bli ein del av den samiske kulturen. Pedersen er glad fleire har gjort som ho sjølv.

– Det er både fornuftig og veldig bra. Mange har sett det same som meg. Det er mange samar i Norge i dag. Dei fleste kan ikkje snakke samisk. Derfor har mange kanskje tatt avstand frå det. Men no har folk forstått at ein kan vere samisk sjølv om ein ikkje kan språket. Og då er det heilt greitt å melde seg inn i samemanntalet, meiner Pedersen.

Som no er ein av om lag 17 000 personar som står i samemanntalet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark