Rekordsymjaren etter skjema Lewis Pugh. (Foto: H. L. Bakke, NRK)Den britiske symjaren Lewis Gordon Pugh gjekk måndag i land på Avsnes ved Vadheimsfjorden i Høyanger - tre dagar etter skjema. Pugh har hatt sterke motstraumar og difor har turen så langt tatt lengre tid enn venta.
Pugh marknadsfører Sognefjorden Pugh undervegs. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)Verdsrekordforsøket til engelskmannen Lewis Gordon Pugh gir ein enorm marknadsføringsverdi av Sognefjorden. Det seier styreleiar i Visit Sognefjorden, Arne Glenn Flåten.
Rekordsymjaren er halvveges Foto: Arne EithunKlokka 14 onsdag symde den britiske lang-distansesymjaren Lewis Gordon Pugh til lands i Balestrand. Dermed er han halvveges i verdsrekordforsøket på å symje Sognefjorden på langs.
Sym om kvelden Symjaren Lewis Gordon Pugh kjem etter planen til Leikanger i dag. Dermed har den symjande advokaten lagt bak seg 50 kilometer av Sognefjorden.
Rekordsetjar ved godt mot i Sognefj Pugh la ut frå Skjolden måndag. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)Langdistansesymjar og advokat Lewis Gordon Pugh frå London er ved godt mot etter 35 tilbakelagde kalde kilometer i Lustrafjorden. Temperaturen har stige frå 6 grader inst ved Skjolden til 16 grader i det han er på veg inn i sjølve Sognefjorden.
12 av 204 km unnagjort Trass i ein kaldare start på symjeturen enn venta, la Gordon Pugh bak seg 12 kilometer i går. Dette gjorde han unna på drygt fire timar.
Sym Sognefjorden på langs Pugh la ut frå Skjolden måndag morgon. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)Lewis Gordon Pugh har teke mål av seg å symje ut heile Sognefjorden, frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Eivindvik heilt ytst i Noregs lengste fjord, totalt 204 kilometer.