Skjørt kompromiss Det blir neppe endringar i regjeringas framlegg til forvaltingsplan for nordområda når saka skal drøftast i Stortinget. Til det har drakampen og finformuleringane internt i regjeringa vore for omfattande.
Kamp mellom halvstore Meiningsmålinga Opinion har gjort for NRK og Aftenposten varslar beinhard sluttspurt i valkampen mellom fire halvstore parti.
Krigsmotstand styrker SV? Dagens meiningsmåling som Opinion har gjort for NRK og Aftenposten gjer Framstegspartiet til det klårt største partiet på nytt. Men det tydelegaste draget er SV-framgangen som er så sterk at partiet er mest jamstort med Arbeidarpartiet.
Nestleiarstriden i Arbeidarpartiet Komande leiar i Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg, sa onsdag at aukande vanskar for den konkurranseutsette industrien er enno ein grunn til å skape fleirtalsregjeringar. Men ulike utspel denne veka har ikkje gjort det lettare for Stoltenberg å nå dette målet.
Frp utfordrar regjeringa Framstegspartiets økonomiske politikk aukar utfordringane for regjeringa. Krava frå Framstegspartiet om meir pengar til gode føremål kombinert med skattelette tydeleggjer dei politiske motsetnadene, og kan setje Arbeidarpartiet i ein interessant situasjon.
Ikkje lett for regjeringa heller Spørsmålet om gasskraftverk blei på ein måte rydda opp i då regjeringspartia tinga fram SEM-erklæringa. Eitt av momenta var at det som er vedteke i fortida skal stå fast.
Bjørn Bø Bjørn Bø er politisk reporter og kommentator. Han har arbeidd i NRK sidan 1976. Nedanfor finn du dei kommentarane Bjørn Bø har skrive for NRK sine nettsider.
Samling i botnen? Formann Carl I. Hagen prøvde å snøre sekken rundt landsmøtet i Framstegspartiet alt under opninga fredag. Han vil ha samling i botnen, og bed partifellene gløyme det vonde og vanskelege partiet har vore igjennom, og han kan få det om lag som han vil.