Hopp til innhold

Pengar søker idear

Har du ein idé som kan bli morgondagens snakkis?
Nordvisjonen lyser ut 3 x 25 000 euro i ein formatkonkurranse i sjangrane fakta, ung og kultur.

Euro-sedler og euro-mynter
Foto: Joerg Sarbach / Ap

Bestillarar i dei nordiske allmennkringkastarane og Nordvisjonen er saman om konkurransen. Dei er ute etter tre nye format:

Fakta
Faktabestillarane ønsker seg eit nytt faktaformat som kan gå i primetime og produserast i alle dei nordiske landa. Det skal vere breitt og inkluderande, med eit særskilt fokus på dei mellom 25 og 50 år, og gjerne kunne gå i fleire sesongar.

Les meir om faktaformatet

Kultur
Kulturbestillarane ser etter eit format med opne rammer. Det kan vere fakta eller underhaldningsbasert, og kan for eksempel innehalde quiz eller andre konkurranseelement. Formatet må kunne gå over fleire sesongar og kunne tilpassast av dei ulike kringkastarane.

Les meir om kulturformatet

Ung
Juryen for ung-formatet ser etter eit programkonsept som er unikt, moderne, attraktivt och spennande for ei ung målgruppe. Programmet skal våge å bryte tabu og vere utforskande. Her skal morgondagens snakkisar dukke opp!

Formatet bør vere på seks til ti episoder på 30 minutt kvar, for dei mellom 15 og 30 år. Det er viktig å presisere i forslaget kva målgruppe du ønsker å nå med fomatet.

Les meir om Ung-formatet

Frist for påmelding (uansett sjanger): 7. oktober 2013

Fire til seks forslag innanfor kvar sjanger vil bli plukka ut til å gå til ein pitchefinale i København på følgjande datoar:

22. oktober - Ung pitchedag
28. oktober - Kultur pitchedag
30. oktober - Fakta pitcheda

Påmeldinsskjema finn du i lenkene.