Illustrasjonsbilde av Isdalskvinnen
Foto: Gro Stefferud (illustrasjon) / NRK

Kven var den mystiske mannen?

Fleire vitne har fortalt at dei såg Isdalskvinna med ein mann i tida før ho døydde.

Ifølge fleire vitne kan det ha vore nokon som visste meir enn andre om kvinna som vart funnen i Isdalen i Bergen i 1970. Ho vart heitande Isdalskvinna, for politiet fann aldri ut kven ho var.

Kvinna hadde budd på fleire hotell, og dei som jobba der vart sentrale vitne for politiet. I den tjukke bunken med etterforskingsdokument kan ein lese at fleire fortalde at dei hadde sett Isdalskvinna med ein mann. Men lenger kom ein ikkje.

– Så rart at han berre kunne fordufte, seier eit av vitna.

Hotell Neptun, Bergen, tidleg november 1970

Det er ettermiddag. Ei kvinne og ein mann sit i etesalen på Hotell Neptun i Bergen. Det luktar middagsmat, og klirrar i tallerkar. Lillian Menes Køhne er på jobb som servitør, og har lagt merke til kvinna fleire gonger.

– Det var dei mystiske auga som gjorde det, fortel ho til NRK i dag. Dei var så mørke, nesten svarte. Som håret.

Kvinna hadde vore aleine dei andre gongane Lillian hadde sett henne i etesalen. Alltid ved det same bordet, i lyset frå vindauge. Ho pleidde ikkje sitte lenge, men denne gongen sat ho ei stund og prata med ein mann, seier Lillian.

– Han hadde gråleg hår og kvit skjorte. Han verka eldre enn henne. Kanskje i 40–50 åra.

Ho klarer berre å hugse kvinna med ei alvorleg mine. Andre gjestar smilte gjerne, men Isdalskvinna smilte ikkje. I alle fall ikkje som Lillian såg.

Isdalskvinnen- Lillian Menes Nilsen

Lillian Menes Køhne er tilbake på Hotell Neptun, der ho møtte Isdalskvinna.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Ho hugsar at kollegaene diskuterte at det var noko mystisk med kvinna.

Heller ikkje under samtalen med mannen smilte ho. Mens det såg ut som dei andre gjestane rundt prata om laust og fast, verka det ikkje slik med dei to ved vindauge. I etterkant har Lillian tenkt at dei kanskje hadde eit møte.

– Det verka som at det var ein alvorleg samtale. Det var ikkje noko smil eller latter under samtalen.

Rosenkrantz hotell, Bergen, 18.11 1970

Hotell Rosenkrantz

Hotell Rosenkrantz i Bergen er eit av hotella Isdalskvinna budde på. Her skal ei stuepike ha sett henne på rommet med ein mann.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Det er fem dagar att til alle spor etter Isdalskvinna sluttar. Ei stuepike låser seg inn på rom 426 for å ta av sengeteppet, som ho pleier. Det er Isdalskvinna sitt rom. Ho kan sjå at døra ikkje er låst innanfrå, og trur rommet er tomt. Men inne på rommet sit ei kvinne på senga. I ein liten sofa vis-â-vis sit ein mann.

«Vitnet skyndte seg å be om unnskyldning for at hun ikke hadde banket på, samtidig som hun spurte om hun skulle få lov til å ta av sengeteppet. Dama reiste seg med en gang uten å si et ord. Vitnet tok så sengeteppet og forlot rommet. Hverken damen eller mannen sa et ord mens vitnet var inne på værelset.» (Frå politiavhøyr)

Fleire såg han

Dei som jobba på hotella kvinna hadde budd på var omtrent dei einaste politiet kunne vere sikre på at hadde møtt henne. Ved hjelp av ei notatblokk med kodar som låg i koffertane hennar klarte dei å knekke ei reiserute. Ho hadde sjekka inn med falske pass, men fleire av hotellvitna hugsa både korleis ho såg ut og korleis ho oppførte seg. Og, seks av dei fortalde at dei hadde sett kvinna med ein mann.

Isdalskvinnen- fantomtegning

Fantomteikning frå 1970 av Isdalskvinna.

Foto: Politiet

«Kvinnen var isammen med en mann, og mannen snakket fransk til kvinnen uten at hun svarte. Vitnet la merke til at han snakket fransk på en slik måte at hun er sikker på at han ikke er franskmann. Kvinnen røkte mens hun var i heisen, og sigarettene var sannsynligvis franske.» (Frå politiavhøyr)

Ein breiskuldra, ordentleg kledd mann, sa fleire. Elles er han skildra ganske ulikt i politiavhøyra. Svart hår, mørkt hår, blond med grått i tinningen og lyst, nærast raudbrunt hår kan ein lese om. Eit vitne fortalde at mannen hadde kort skjegg. Kanskje var det ikkje den same mannen alle hadde sett?

«Ved en anledning som v. husker godt, kom damen inn i spisesalen sammen med en mann, og disse to satt ved samme bord og spiste frokost sammen. Det virket som de hadde det forholdsvis travelt.» (Frå politiavhøyr)

Mannen i telefonen

Har ei amerikansk kvinne nettopp kome?, spurde ein mann som ringde eit av hotella kvinna budde på. Pikkoloen svarte at det hadde sjekka inn ei belgisk dame som snakka engelsk.

Bak resepsjonen låg eit skjema kvinna hadde fylt ut, eit såkalla framandskjema alle utanlandske gjestar måtte fylle ut. Mannen i andre enden spurte om kvinna var gift eller ugift, men pikkoloen kunne ikkje finne noko om det i skjemaet. Han sa namnet ho hadde skrive, eit av dei falske namna til Isdalskvinna, og mannen bad om å få snakke med henne. Då hadde ho akkurat gått ut.

Liknande skjedde på eit anna hotell. Ein resepsjonist fortalde politiet at ein mann hadde ringt og spurt etter kvinna.

Politiet: – Det var ein mann

Isdalskvinnen- VG

VG 04. desember 1970

«Den omkomne var sammen med en mann kort tid før ulykken i Byfjella», stod det i Dagbladet 4. desember 1970.

– Vi meiner å ha konstatert at kvinna her i Bergen har vore saman med ein mann som vi ikkje enno har identifisert og som enno ikkje har meldt seg, sa politifullmektig Tryggve J. Winsnes den gong.

Dei leitte etter ein mann som skulle ha vore med Isdalskvinna på nattruta mellom Stavanger og Bergen, kunne folk lese i VG.

Avisene tok føre seg mange ulike teoriar. Var ho hemmeleg agent? Var ho amerikansk? Belgisk? Hadde ho ein slags mani? Tok ho livet sitt? Hadde ho blitt tatt av dage?

– Det var noko merkeleg

10. desember gjekk politiet ut med fantomteikningar dei hadde fått laga av Isdalskvinna.

Isdalskvinnen- Aftenposten

Aftenposten 17. desember 1970.

Politifolka jobba på spreng, men saka var framleis eit mysterium. På den tida jobba Siri Reikvam i butikk i Bergen sentrum. Ho kjende att kvinna på teikninga. Det gjorde kollegaen og. Isdalskvinna og ein mann hadde vore i butikken og kjøpt ein spegel, var dei einige om.

– Dei var mørke begge to. Aust-Europeiske eller noko sånt. Dei snakka verken engelsk, fransk, italiensk eller tysk, fortel Siri Reikvam til NRK i dag.

46 år er lenge, men ikkje lenge nok til at ho gløymde dei to. Det var noko merkeleg med paret, har ho tenkt. Siri fekk inntrykk av at dei hadde ein voldsom diskusjon.

– Viss dei var kjærastar var det eit dårleg forhold. Dei verka alvorlege og litt sinte, på ein måte. Det var ikkje noko smil, dei var ikkje vennlege. Men når du ikkje forstår språket er det vanskeleg å oppfatte korleis det er.

Siri Reikvam

Butikken bak Siri Reikvam var annleis i 1970. Det var der ho hugsar at Isdalskvinna og ein mann kjøpte ein spegel.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Etter å ha gått rundt og sett på ulike speglar, kjøpte kvinna ein høg, rimeleg og ganske enkel spegel. Ein slik du nesten kan spegle heile kroppen i.

– Rart at han berre fordufta

Siri var sikker på at det var Isdalskvinna ho hadde hatt besøk av i butikken. Det er ho også sikker på i dag.

– Eg følgde med på saka etterpå, og det var rart at han berre kunne fordufte. Det var noko som ikkje stemde med heile greia.

Det budde færre i Bergen i 1970 enn no, og det var færre turistar i byen.

– Det var rart at dei aldri fann han, men han kan jo ha reist frå landet.

Tidligere Kripos-etterforsker Sigbjørn Wathne

Tidlegare Kripos-etterforskar Sigbjørn Wathne ser på politiet sine dokument frå 1970.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Politiet: – Ho var aleine

Like før jul, 22. desember, var Isdalssaka igjen tema i avisene. I Dagbladet kunne ein lese at politiet såg vekk ifrå at kvinna hadde hatt kontakt med andre personar der ho hadde vore. Dei meinte at ho hadde levd sparsamt på hotella, og gått turar aleine.

Dei fleste som etterforska saka er døde. Det er vanskeleg å finne ut nøyaktig kva som vart gjort med det vitna fortalde. Det har heller ikkje kome fram at det var nokon mann som tok kontakt med politiet, og fortalde at han hadde vore med Isdalskvinna.

Tidlegare Kripos- etterforskar Sigbjørn Wathne jobba med saka, men hadde ikkje med den delen av etterforskinga å gjere. Det er vanskeleg for han å svare på akkurat dette. Han er ikkje kjend med opplysningane om mannen eller mennene Isdalskvinna var sett med.

– Den detaljen kjenner ikkje eg til, men det er klart ei interessant opplysning.

Han seier at det kan ha vore vanskeleg for politiet å kome vidare på det vitna fortalde.

Kven var det vitna hadde sett? Det er eit av spørsmåla det ikkje finst svar på – 46 år etter.