Tilståinga

Mannen som sit i avhøyrsrommet er sikta for eit brutalt drap i Oslo. Han har nekta for drapet. Fram til no.

Drapsalarmen har gått i Oslo, og på Voldsavsnittet har dei kalla inn ekstra mannskap. Ei kvinne er funnen brutalt drepen i hovudstaden, og ein mann er arrestert og sikta.

Politiet trur dei har arrestert riktig gjerningsmann, men er ikkje sikker, og jobbar no mot klokka.

Har vi feil mann, er det kjempeviktig for oss å finne ut av. For då går det ein gjerningsmann fri.

Drapsetterforskar Line Alvestrand Simensen

NRK har over tid fått følgje etterforskarane som avhøyrer dei som er sikta i dei mest alvorlege sakene i Oslo; nemleg drap.

Det som skjer i avhøyrsrommet er noko av det viktigaste i etterforskinga av ei drapssak. Det som skjer der kan utgjere skilnaden på om saka blir oppklart eller ikkje.

Klipp fra Brennpunkt-dokumentaren Avhøyret

Det første avhøyret

Sjette etasje, Politihuset i Oslo. Drapsetterforskarane på Voldsavsnittet førebur det første avhøyret av mannen. Det er Line Alvestrand Simensen som skal gjere avhøyret, men eit team etterforskarar skal også følgje med frå bakrommet, gjennom spegelen.

Politioverbetjent Ingebjørg Hansen er blant dei. Ho er fagansvarleg på avsnittet og spesialist i avhøyrsmetodikk. Ho var på starten av 2000-talet med å utvikle avhøyrsmetodane som norsk politi brukar i dag.

– No er den sikta i samtale med forsvararen sin. Stort sett vil dei fleste forklare seg for politiet, men ikkje alle, seier Hansen.

Dersom den sikta mannen nektar, kan ikkje politiet tvinge han til å forklare seg. Ein sikta har rett til å vere taus. Ingen har plikt til å bidra til si eiga domfelling.

– Dette kan ta mange timar, eller så kan det vere over i løpet av kort tid. Det veit vi aldri, seier Hansen.

– Men det er viktig at han bidreg og forklarar seg, i alle fall visst han ikkje har noko med drapet å gjere. Det er kjempeviktig for oss å finne ut av, for vi vil jo sjekke ut dei som er uskuldige, seier Hansen.

Går etterforskarane feil fram i avhøyr, kan det potensielt øydeleggje heile saka. Frank Opdahl er etterforskingsleiar og bestemmer saman med politiadvokaten kva retning dei skal dreie etterforskinga.

– No er det viktig at vi er opne, og at vi ikkje påverkar forklaringa hans. Det er viktig at vi får fram informasjonen på ein skikkeleg og objektiv måte, seier Opdahl.

Ingebjørg Hansen Oslo politidistrikt

– Er den trygg? Gir eg han ikkje for mykje, då? Avhøyrar Line Alvestrand Simensen diskuterer med fagansvarleg Ingebjørg Hansen om korleis dei bør gå fram i avhøyret av den sikta mannen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Nektar for drapet

Mannen som er sikta for drapet skal avhøyrast i det same rommet som Anders Behring Breivik. To stolar står mot kvarandre på skrått – med eit lite rundt bord i midten: Den eine stolen er til den sikta, den andre til drapsetterforskar Line Alvestrand Simensen. På motsett side av den sikta står ein stol til forsvararen.

Mannen kjem inn i rommet i følgje med to politibetjentar. Han har handjern på seg, men dei blir låst opp før avhøyret startar.

Simensen helsar venneleg på den sikta mannen. Så startar avhøyret.

– Grunnen til at du er arrestert og sikta, er fordi det blei funne ei død kvinne, og du er då sikta for å ha drepe henne eller medverka til drapet, seier Simensen.

Mannen svarar:

– Mhm ...

Simensen ser mot den sikta mannen, og seier:

– Det er viktig at du veit, og det har du også kanskje fått vite på førehand, at du ikkje er pliktig til å forklare deg til meg.

Mannen svarar:

– Nei, det har ikkje eg noko problem med.

Mannen nektar for å ha noko med drapet å gjere, og seier han er uskuldig.

– Eg var aleine heile laurdagen, seier mannen.

Når mannen er ferdig med si frie forklaring, vurderer politiet å konfrontere han med opplysningar som ikkje passar med det han har forklart. For etterforskarane meiner nemleg at dei har bevis som knyter han til drapet.

Klipp fra Brennpunkt-dokumentaren Avhøyret
Drapsetterforsking i Oslo

På bakrommet diskuterer etterforskarane og politiadvokaten korleis dei skal gå fram vidare. Seksjonsleiar Grete Lien Metlid lyttar på avhøyr.

Foto: Simon Solheim / NRK

Snuoperasjonen

Det har gått drygt 15 år sidan norsk politi endra avhøyrsmetodane. Metodane politiet brukte fram til 2000-talet har fått massiv kritikk – så mykje kritikk at det førte til ein snuoperasjon. Det blei tatt eit oppgjer med det som mange meinte var manipulerande og ulovlege teknikkar.

Fleire sentrale politifolk seier det var stor maktkamp internt og at motstanden mot endringa var stor i enkelte delar av etaten.

– Det var litt sånn machokultur, seier Grete Lien Metlid.

På 90-talet arbeidde ho som etterforskar i hovudstaden, og på starten av 2000-talet var ho sentral i utviklinga av dei nye avhøyrsmetodane. I dag er ho politiinspektør og sjef for dei som etterforskar drap og seksuelle overgrep i Oslo politidistrikt.

– Vi lærte manipuleringsteknikkar og det var eit stort fokus på å få dei mistenkte til å tilstå. Det var kollegaer som snakka om at dei hadde så og så mange tilståingar, seier Metlid.

Birgitte Tengs

Avhøyra i Birgitte Tengs-saka førte til snuoperasjon innan avhøyrsmetodikk.

Foto: Privat

Den mest omtalte saka med kritiserte avhøyrsteknikkar i Norge, er Birgitte Tengs-saka. 17-åringen blei i 1995 funnen valdteken og drepen på Karmøy i Rogaland. Politiet sto utan gjerningsmann, før dei to år seinare arresterte og sikta fetteren hennar.

Etter mange og lange avhøyr tilstod til slutt fetteren å ha tatt livet av Birgitte. Fetteren blei tiltalt og dømt – sjølv om politiet stod utan tekniske bevis. Det einaste «beviset» politiet hadde, var ein fetter som hadde tilstått.

Men denne tilståinga trakk han. Han meinte politiet manipulerte han til å vedgå drapet. Det var han ikkje aleine om å meine.

Rettspsykolog og professor Gisli Gudjonsson blei henta inn frå England som sakkunnig i ankesaka i lagmannsretten.

– Dette er eit av dei sterkaste eksempla på ei falsk tilståing eg nokon gong har sett, meinte Gudjonsson.

Han forklare korleis britisk politi for lenge sidan hadde lagt slike manipulerande metodar bort, og stempla dei som ubrukelege.

I avhøyra blei fetteren oppfordra til å konstruere kva som hadde skjedd og skrive fiktive historier om kva som kunne ha hendt med kusina hans. Han blei beden om å dikte eit «filmmanus» om drapet, og han skulle prøve å sjå det heile føre seg som Gud – sett ovanfrå.

– Målet til etterforskarane var å få fetteren til å tilstå. Det gjorde dei med press og manipulasjon, seier Asbjørn Rachlew.

Grete Lien Metlid

– Vi lærte manipuleringsteknikkar, seier politiinspektør Grete Lien Metlid.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Oppgjeret

Politihuset i Oslo, starten av 2000. Asbjørn Rachlew hadde kome heim frå England. Der hadde han tatt mastergrad og studert britiske avhøyrsmetodar. Inspirasjonen fekk han etter kritikken som kom mot avhøyra i Birgitte Tengs-saka, og informasjonen han fekk om metodane engelskmennene brukte i avhøyrsrommet.

Asbjørn Rachlew

– Det måtte ein snuoperasjon til. Vi måtte endre metodane våre, seier Asbjørn Rachlew, ein av landets fremste avhøyrsekspertar.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Vi blei rett og slett slakta av professor Gisli Gudjonsson i Birgitte Tengs-saka. Eg huskar reaksjonane. Kven er denne professoren som kjem hit og seier at vi driv med manipulasjon? Kor mange avhøyr har han tatt?

– Men han viste til forsking og vitskapelege artiklar som vi aldri hadde høyrt om. Vi visste faktisk ikkje at dei eksisterte, seier Rachlew.

I England hadde dei forska lenge på avhøyrsmetodikk og vitnepsykologi, og hadde endra avhøyrsmetodane sine etter fleire større rettsskandalar. I England var ikkje lenger målet å jakte etter tilståingar, for å stadfeste politiet sine teoriar, men å intervjue – og få fram mest mogleg upåverka informasjon.

– Det var rart å vere drapsetterforskar og fagleg interessert, særleg i avhøyrsmetodikk, og ikkje ha peiling på at nokon faktisk hadde brukt heile livet sitt, eller i alle fall karriera si, på å forske på nettopp det eg heldt på med, seier Rachlew.

Konklusjonen til Rachlew var ikkje til å misforstå då han kom tilbake: Noko måtte gjerast i norsk politi, og det noko drastisk.

– Det måtte ein snuoperasjon til. Vi måtte endre metodane våre, seier Rachlew.

Men motstanden var stor:

– Det var kollegaer som verken snakka til meg eller såg på meg då eg gjekk forbi dei i gangane. Så det var ikkje berre berre å komme tilbake frå England som ung 30-åring og sei at vi måtte endre kurs. Men med støtte frå kollegaer, leiinga, Politihøgskolen og Riksadvokaten, så gjekk det greitt, seier Rachlew.

Finn Abrahamsen

– Det var nærast eit tilfeldig initiativ som har ført til at vi er der vi er i dag, seier tidlegare politileiar Finn Abrahamsen.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Finn Abrahamsen var på denne tida leiar for Voldsavsnittet i Oslo, og var sjefen til Asbjørn Rachlew.

– Asbjørn argumenterte godt, og vi var overtydde om at dette var riktig veg å gå. Vi skrapa saman litt pengar her og litt pengar her, og sende ein liten gjeng på politihytta i Hønefoss for å starte arbeidet, seier Abrahamsen.

Den vesle arbeidsgruppa bestod av Asbjørn Rachlew, Ole Jakob Øglænd, Ann Kristin Hoff Johansen, Grete Lien Metlid og Ingebjørg Hansen.

– Det er interessant å tenkje tilbake på dette. Det var nærast eit tilfeldig initiativ som har ført til at vi er der vi er i dag. Det kom ingen krav frå leiinga eller politikarar, i motsetnad til kva som hadde skjedd i England, men det kom nedanfrå. Det kom frå golvet.

– Vi utvikla det nye avhøyrsprogrammet nærast på dugnad. Vi sat på politihuset på kveldstid og jobba, og vi var på politihytta, seier Metlid.

Fritz Moen frikjent

Fritz Moen blei først dømt for to bestialske seksualdrap, så frikjent. Her har han nettopp bli frikjent for det eine drapet, på dagen 27 år etter at han blei arrestert. Avhøyra som Moen blei utsett for har fått mykje kritikk.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Fritz Moen dømt – så frikjent

Det har skjedd fleire justismord i Norge, og i mange av sakene gjekk det gale i avhøyra. Ei av dei mest kjente er Fritz Moen-saka. Han blei dømt for to drap, men begge sakene blei gjennomtatt.

I den eine dommen stod det:

«Tiltalte var simpelthen ute på jakt etter en eller annen kvinne å gå til angrep på. Voldtekten er utført med tilsynelatende sinnsro, fast og besluttet.»

Han blei frikjent for begge drapa. Retten konkluderte med justismord. Han blei dømt for noko han ikkje hadde gjort. Men det var berre ei av frifinningane han fekk oppleve før han døde.

Moen var både døv og stum, og blei utsett for svært kritikkverdige avhøyr.

«Det er mye bedre for deg å fortelle sannheten, du vil føle en lettelse etterpå.»

Slik formulerte avhøyraren seg. Fritz Moen nikka på hovudet. Han var samd med etterforskaren. Politimannen sa vidare:

«Jeg tror at du drepte henne, det er vel mye bedre å fortelle det, hvis du har gjort det, vil du ikke fortelle meg hvordan?»

«Er du enig i at du drepte henne?»

Fritz Moen nikka på hovudet og sa «ja».

Avhøyret heldt fram etter middag. Då nekta han for eitt av drapa. Etter fleire timar i avhøyr, seint på natta, tilstod Fritz Moen igjen. Men då nemnde han også at det heile var ein draum.

– Dersom vi først gjør oss opp ei meining, og det gjer vi, leitar vi etter informasjon som støttar hypotesen var utan at vi sjølv er klar over det. Det er slik vi menneske fungerer. Informasjon som peikar i andre retningar har vi ein tendens til å sjå bort frå. Dersom vi ikkje har ein metodikk for å motverke dette, risikerer vi å gå i stadfestingsfella, få tunnelsyn og gjere justisfeil, seier Asbjørn Rachlew.

Fritz Moen har seinare fortalt: «De lokket meg. Jeg forsto det ikke.»

Moen har fortalt at han fant på og fortalde, og at politiet lærte han til å svare det som var riktig. Eit regjeringutnemnt utval kom med krass kritikk i saka i 2007, og skreiv dette i rapporten:

«Utvalget mener å ha funnet flere eksempler på at politiet, trolig fordi de var overbevist om Moens skyld, ikke var tilstrekkelig objektive og kritiske i sin etterforsking.»

Metlid viser fram manual

«Kun til internt bruk» stod det i mange av opplæringsmanualane før 2000-talet. Grete Lien Metlid viser fram ein manual ho har tatt vare på.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Dei hemmelege opplæringsmanualane

Avhøyrsmetodane norsk politi brukte fram til dei nye blei utvikla, var hemmelege. «Kun til internt bruk» stod det i opplæringsmanualane.

– Vi hadde eigentleg ingen opplæring. Det var heilt tilfeldig kva vi lærte, og vi fekk beskjed av dei eldre etterforskarane at alt handla om erfaring, seier Asbjørn Rachlew.

– Dei som var kjent som dei beste på arbeidsplassen, var også dei farlegaste. Det var dei som var villege til å gå lengst for å få tilståingar, seier han.

– Var du ein av dei?

– Ja, det var eg. Eg ville bli flink. Eg ville bli den som sjefane sendte inn.

Han har sjølv gjort feil han angrar på i avhøyrsrommet. Han fortel mellom anna at han har fått eit vitne til å kollapse fordi han pressa ho for hardt.

Rachlew blei fortalt at «anten er du ein menneskekjennar, eller så er du det ikkje».

– Dei sa at eg måtte lære meg å lese den sikta sitt kroppsspråk, for å sjå om han snakka sant eller ikkje. Men korleis gjorde ein det? «Erfaring», sa dei mest erfarne på avdelinga.

– Eg lagde skjema etter kvart avhøyr for å finne ut mest mogleg, og for å systematisere. Men eg klarte det ikkje. Eg klarte ikkje å tolke om folk laug eller ikkje, seier Rachlew.

Både han og Metlid seier dei lærte manipuleringsteknikkar av eldre kollegaer, for å få dei sikta til å tilstå. I manualar Rachlew har tatt vare på står det:

  • «Du bør heller ikke være redd for å ta på ham dersom dette er naturlig.»
  • «Kontakten blir sterkere, og det riktige øyeblikket for en tilståelse kan nærme seg. En forsiktig berøring, f.eks. et klapp på skulderen…»
  • «Nærmest tilfeldig setter du deg ved sidan av og legger en hånd på ham.»

Ein avdelingssjef i Kripos skreiv dette på 90-talet:

  • «Hver etterforsker har sin individuelle stil å gjennomføre avhørene på ... Det finnes en rekke forskjellige veier å gå under et avhør, og det underlige er at mange vil føre til målet – tilståelsen.»

Politiet har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at ulike formar for press brukast bevisst for å svekke motstandskrafta hos mistenkte, og deretter få fram tilståingar.

I ein kronikk i Politibladet i 1987 skreiv to sentrale politisjefar dette:

  • «Ved avhør av en siktet bør vi være overbevist om at vi har gjerningsmannen foran oss.»
  • «Vi må motivere oss slik at vi ikke lar oss lure, og at vi opprettholder en fast tro på at vi har gjerningsmannen foran oss.»

Politiveteran: Har eg gjort nokon noko urett?

Tanken slår han med jamne mellomrom. Ivar Husby har over 40 år i politiet bak seg, mange av dei som drapsetterforskar i Kripos. Han har vore involvert i mange store straffesaker.

Ivar Husby

– Det ligg alltid ein tanke om; har eg gjort nokon noko urett? Det seier Ivar Husby, som har arbeidd i politiet i over 40 år.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

I dag er han seksjonsleiar på Politihøgskolen og har ansvar for etter- og vidareutdanning.

Han seier snuoperasjonen som norsk politi gjekk gjennom og oppgjeret med dei gamle avhøyrsmetodane var smertefull.

– For meg er det smertefullt å tenkje at kvaliteten på det vi gjorde kunne vore betre. Og det ligg alltid ein tanke om; er det nokon eg gjort nokon noko urett?

– Vi gjennomførte avhøyr utan å vite om dei psykologiske faktorane som vi i dag kjenner til. Vi visste rett og slett ikkje at vi ikkje visste, seier Husby.

– Kva gjorde ein før visst ein fekk ei tilståing?

– Då kunne ein sjå på saka om oppklart, og det kunne også føre til at kriminaltekniske undersøkingar blei avslutta.

Husby fortel at det var mange ulike reaksjonar som kom då snuoperasjonen starta på starten av 2000-talet.

– Mange var nysgjerrige og opne for endring, men det var også mange som var veldig skeptiske. Dei kom med utsegn som: «Skal vi no bli mjuke overfor dei vi avhøyrer, skal vi ikkje lenger kunne presse på?» Dette sprika veldig.

– Heldigvis hadde vi leiarar i etaten som sa tydeleg at dette skulle vi gå for. I staden for å gå i skyttargrava og stenge forskingsresultata ute, så blei dei faktisk tatt inn i etaten, tilarbeida og tilpassa norske forhold, seier Husby.

Han har ingen erfaring med at etterforskarar gjekk direkte inn for å lure ein mistenkt til å vedgå.

– Kva tenkjer du om dei sakene som gjekk gale, som Fritz Moen og Birgitte Tengs?

– Det er utruleg trist og heilt uakseptabelt at vi har fått slike saker. Det rører ved sjølvsagt oss alle. Men det har også vore ein drivar for å vedgå at vi måtte endre avhøyrsmetodikken, seier Husby.

I dag reiser Husby jorda rundt og fortel om norske avhøyrsmetodar og snuoperasjonen som norsk politi har gjort, saman med Asbjørn Rachlew og Ivar Fahsing på Politihøgskolen. Dei har vore både i Indonesia og Vietnam og haldt kurs for politistyrkane der, og i fjor var dei i FN i New York.

Abrahammsen: Kunne slå i bordet

Finn Abrahamsen, som var sjefen til Rachlew på slutten av 90-talet, seier at motstanden mot dei nye avhøyrsmetodane var stor.

– Det var mange, mange rare påstandar som kom den gangen. Mange meinte at metodikken ikkje kunne brukast, fordi ein ikkje ville få tilståingar, seier han.

Han og dei andre politisjefane i Oslo hadde trua på argumenta til Rachlew. Men å endre ein innarbeidd politikultur var ingen enkel oppgåve.

– Det hadde vore umogleg å gjennomføre dette utan støtte, og ein av dei som støtta dette var riksadvokat Tor-Aksel Busch. Han sa: «Dette går vi for», seier Abrahamsen.

I 2001 var det nye avhøyrsprogrammet ferdig og opplæringa kunne starte. Seinare adopterte Politihøgskolen opplæringsprogrammet, og har gjort det til ein del av grunnutdanninga.

– Det var vi sjefar som var dei første som gjennomførte kurset. Slik måtte vi gjere det for å vise at vi hadde trua på det, og at dette var viktig.

– Avhøyr er eit sterkt maktmiddel, og ein kan i eit avhøyr få til det mest utrulege. Misbruk av politiavhøyr kan gå alvorlege konsekvensar. Ein kan få folk til å tilstå nesten kva som helst, visst ein går inn for det.

– Korleis var opplæringa du fekk då du var etterforskar?

– Vi fekk ingen opplæring. Vi lærte berre å skrive rapportar.

Han fortel at det nærast var tilfeldig korleis avhøyra gjekk fram til slutten av 90-talet.

– Det kunne gå hardt føre seg, og det kunne skje at ein slo i borde, seier Abrahamsen.

Metoden

Målet med eit avhøyr er å skaffe informasjon. Etterforskarane lærer i dag å bruke empati og å prøve å skape ein best mogleg samtale. Ikkje stille spørsmål for å få stadfesta det etterforskaren sjølv meiner har skjedd.

Forsking viser at det ikkje går an å sjå om ein mistenkt lyg eller ikkje. Det går ikkje an å tolke løgn gjennom kroppsspråk med større treffprosent enn rein gjetting.

– Kron og mynt-metoden er like påliteleg, seier Asbjørn Rachlew.

Norske etterforskarar skal sjå etter alternative hypoteser, og aktivt teste dei ut i avhøyret. Dersom ein sikta er uskuldig, så finst det ei naturleg forklaring til kvifor bevisa er som dei er.

– Når vi har testa ut alle teoriane, og vedkommande er skuldig, så vil det bli vanskeleg for han eller henne å snu seg unna, seier Rachlew.

1) Dersom politiet presenterer eit bevis tidleg:

Figur som viser avhørsteknikk - 1

2) Dersom politiet lagar alternative hypytesar og aktivt testar dei ut i avhøyret, utan å presentere bevisa for tidleg (strategist bevispresentasjon):

Figur som viser avhørsteknikk-2

Grafikk: Kari Anne Gisetstad Andersen

Tilstår drapet

Tilbake på politihuset i Oslo. Etterforskarane gjer seg no klare til eit nytt avhøyr av mannen som er sikta for drap. Han har vore på cella si i to dagar, utan å bli avhøyrt, men har no sagt via sin forsvarar at han vil forklare seg på nytt.

Fram til no har han nekta for å ha noko med drapet å gjere.

– No har sikta i saka sagt at han ønskjer å endre forklaring, og då har vi kasta oss rundt og tatt imot han sikta og sjølvsagt legg til rette for at han kan forklare seg, seier Ingebjørg Hansen.

VIDEO: Sjå kva som skjer når mannen tilstår

Det at mannen tilstår, er ikkje godt nok for politiet, for det er ikkje det som er målet med avhøyret.

– Vedkommande må forklare seg så detaljert som mogleg, og gi så god informasjon og detaljert informasjon at vi kan kontrollere dei opplysningane han kjem med. Det er ikkje nok å berre sei at ein har drepe og så er greitt, seier Hansen.

Det er gjort fleire avhøyr og ein rekonstruksjon med mannen. Han seier framleis at han ikkje huskar noko frå sjølve drapet, men står fast på at det er han som har gjort det. Politiet har fleire bevis mot mannen og meiner han var aleine om ugjerninga. Dei har no avslutta etterforskinga, og sendt saka over til statsadvokaten for vurdering.