Tidspresset

Terrorangrepet var berre starten. Det ville komme fleire aksjonar. Slik starta Anders Behring Breivik si forklaring til politiet. Avhøyrar Nina Holm Andersen møtte han med empati, respekt og lytting.

22. juli-angrepet sette dei nye avhøyrsmetodane på ei av sine største prøver nokon sinne. Korleis går ein fram når ein skal avhøyre ein massemordar, rett etter eit terrorangrep – rett etter at nesten 80 menneske er brutalt drepne?

Kva gjer ein når terroristen seier det vil komme fleire aksjonar, og at det som nettopp har skjedd berre er starten?

Den oppgåva fekk politioverbetjent Nina Holm Andersen. Medan heile verda hadde auga retta mot Norge, var det Andersen si oppgåve å få mest mogleg informasjon ut av Breivik.

– Eg er glad eg ikkje tenkte på det då, seier ho.

Avhøyrsgruppa var sett saman av seks personar. Tre av dei var handplukka for å avhøyre terroristen. Til saman sat dei rundt 220 timar andlet til andlet med massemordaren.

Knut Jensen og Ingebjørg Hansen på Voldsavsnittet i Oslo valde ut dei som skulle avhøyre. Andersen blei plukka ut saman med Geir-Egil Løken og Kim Alexander Ordal, på bakgrunn av eigenskapane deira, erfaringa dei hadde og taktisk forståing.

Breivik er sladda fordi han ikkje har samtykke til publisering.

Hvordan avhøre en massemorder

VIDEO: Nina Holm Andersen fekk oppgåva med å avhøyre Breivik.

Det første avhøyret

Politihuset i Oslo, 23. juli 2011. Nina Holm Andersen hadde vore på jobb i mange timar dagen før, 22. juli, men det blei ikkje noko avhøyr av Breivik på politihuset den kvelden.

Kollegaer frå Avsnitt for spesielle operasjon (SO) gjorde eit innleiande avhøyr av terroristen på Utøya, og det blei seint før terroristen blei frakta til Oslo.

«Det som skjedde i dag, her og i Oslo tidligere i dag, det er ikke operasjonen. Dette er fyrverkeriet for noe som vil skje. Celle to og tre vil aktivere»

Breivik i det første avhøyret på Utøya
Anders B. Breivik

Dei nye avhøyrsmetodane blei sett på ei av sine største prøver nokon sinne etter 22. juli-terroren.

Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

Andersen hadde nettopp kome heim frå ferie då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet. Ho blir plukka ut til å ta ei spesiell oppgåve, nemleg å avhøyre massemordaren.

– Eg er vant med å jobbe med alvorlege saker som drap og drapsforsøk, så eg tenkte eg skulle gjere det eg vanlegvis gjer.

Klokka 13.50 møter ho Breivik for første gong, i avhøyrsrommet i sjette etasje på politihuset. Noko av det første han seier er:

«Så du har fått den beklagelige oppgaven, og æren, med å avhøre det største monsteret i norgeshistorien siden Quisling?»

Andersen svarar momentant:

«Nei, mine tanker om dette er at nå skal snakke med deg. Så skal jeg prøve å få så mye informasjon som mulig om hva som har skjedd og hvorfor. Det er min oppgave i dag, og det er det eg skal fokusere på.»

I mange timar forsøkte Andersen å få fram mest mogleg informasjon. Var det fleire gjerningsmenn? Ville det komme fleire terroraksjonar?

ABB_pågrepet Utøya_BRUK

Anders Behring Breivik rett etter arrestasjonen på Utøya. Han uttalte nesten umiddelbart at angrepet berre var starten, og at det ville skje meir.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det også var krevjande for terroristen sjølv.

Avhøyrar Geir-Egil Løken

I avhøyret sette terroristen tidleg fram krav som han ville ha innfridd før han forklarte seg. Han uttalte til Andersen at ho skulle få 98 prosent av informasjonen dersom krava blei innfridd. Det handla mellom anna å få datamaskin på cella si, med ein lasta ned versjon av Wikipedia.

Han stilte også krav om å få gå med Knight Templar-uniforma sin under rettssaka.

«Dette er ikke en arena for forhandlinger», uttalte Andersen.

Metoden

K.R. E. A. T. I. V.-modellen. Fram til 2001 eksisterte det ingen spesiell avhøyrsmetodikk i politiet, og politifolk hadde liten eller ingen opplæring. No får norsk politi internasjonal merksemd for snuoperasjonen dei gjorde for drygt 15 år sidan, og metodane dei har utvikla.

Den første tida etter angrepet 22. juli var etterforskarane under eit ekstremt press. Breivik uttalte ved fleire høve at angrepet berre var «fyrverkeri», og at fleire terrorceller var klare til å bli aktiverte når som helst.

Likevel – sjølv om den som skal avhøyrast er sikta for sykkeltjuveri eller massemord; dei same avhøyrsmetodane skal brukast. Det internasjonale samfunnet blei ikkje berre overraska over korleis nasjonen takla tida etter angrepet, men også på måten avhøyra av massemordaren blei gjennomført på.

Målet med metoden er å få fram mest mogleg informasjon, ikkje å få den sikta til å stadfeste det politiet trur har skjedd, eller presse fram opplysningar eller ei tilståing.

1) Dersom politiet presenterer eit bevis tidleg:

Figur som viser avhørsteknikk - 1

2) Dersom politiet lagar alternative hypytesar og aktivt testar dei ut i avhøyret, utan å presentere bevisa for tidleg:

Figur som viser avhørsteknikk-2

Grafikk: Kari Anne Gisetstad Andersen

Det er ikkje min jobb å få nokon til å knekke saman i avhøyr, eller å få dei til å forså at dei har gjort noko gale. Min jobb er å skaffe mest mogleg informasjon.

Avhøyrar Geir-Egil Løken

– Blir folk utsett for fysisk eller psykisk press, får vi ikkje fram sanninga. Blir ein sikta torturert kan han eller ho sei kva som helst. Det er ein myte at tortur er så effektivt, seier Asbjørn Rachlew, ein av landets fremste avhøyrsekspertar.

Han var rådgjevar for teamet som avhøyrde Breivik, og var med å endre avhøyrsmetodane i norsk politi for drygt 15 år sidan. Han har doktorgrad i etterforskingsfeil.

Informasjon: Målet med eit avhøyr er å innhente nøyaktig og påliteleg informasjon for å komme fram til sanninga, ikkje å få ein mistenkt til å tilstå og stadfeste det etterforskaren meiner har skjedd. Politiet brukar gjerne spørsmål som: «Fortel meir om det», «beskriv kva som skjedde» og «forklar». I starten av eit avhøyr er det viktig at den som blir avhøyrd forklarar seg fritt. Dette er også ein rett ein sikta har etter straffeprosesslova. Stiller ein lukka spørsmål, som «var det ein gul bil på åstaden?», kan ein i mindre grad stole på svaret ein får.

Metakommunikasjon: Dette er sentralt for politiet. Det handlar om å kommunisere om rammene for avhøyret, kva som skal skje og korleis. I avhøyra med Breivik kan ein sjå at etterforskarane tek seg tid til å sei at han kan ta pausar når han vil, kva som er føremålet med avhøyret og kva dei ønskjer svar på.

I det første avhøyret sa Nina Holm Andersen at det også kunne komme spørsmål som Breivik kunne oppfatte som ubehagelege og konfronterande, men at dei først var ute etter hans frie forklaring.

Metoden byggjer på tillit gjennom openheit; at politiet skal vere opne om metodane dei brukar. Dette for at det skal bli mest mogleg trygt for den som skal avhøyrast.

Menneskerettar: Norske politiavhøyr skal vere i tråd med menneskerettane. Avhøyraren skal ha bruke empati, vise respekt og likeverd. Dei skal ikkje bruke triks eller psykologisk manipulasjon, eller komme med uriktige opplysningar. I USA har politiet lov til å lyge i avhøyre. Slik er det ikkje i Norge.

Den sikta skal bli presentert rettane sine, at dei ikkje har plikt til å forklare seg for politiet og at dei har rett til forsvarar.

Sondering: Dei som gjer avhøyr må tenkje alternativt, og lage alternative hypotesar til kva som kan ha skjedd. Politiet kallar dette for sondering. Oppgåva er å aktivt teste ut hypotesane i avhøyret for å finne ut om det kan ha skjedd noko anna enn det politiet trur. Dersom nokon er uskuldige, så finst det alltid ei alternativ forklaring til bevisa. Presenterer politiet bevisa for tidleg, kan den sikta snu seg unna.

Politiet har plikt til å leite etter opplysningar som også kan indikere uskuld. Dersom det ikkje kjem fram opplysningar som peikar mot nokon av dei alternative hypotesane, så styrkar den opphavlege teorien til politiet – og det gjer politiet tryggare på at dei faktisk har riktig gjerningsperson.

Avhøyr

Geir-Egil Løken avhøyrde terroristen i rundt 70 timar. Breivik er anonymisert fordi han ikkje har samtykka til publisering av avhøyret.

Foto: Politiet

Avslørte at Breivik ikkje snakka sant

Breivik var veldig oppteken av å fortelje om det han hadde gjort, og han forklarte seg detaljert om det meste. Men han ville ikkje sei noko om det internasjonal nettverket han påstod at han var ein del av, Knights Templar.

Han forklarte aldri noko direkte om dei påståtte terrorcellene, ut over at det ville komme fleire angrep.

Men Breivik prata. Avhøyrarane lytta. Dei brukte mykje stille. Så kom det informasjon. Litt etter litt.

– I starten hadde vi stort fokus på bomba i Regjeringskvartalet. Var han i stand til å lage den aleine? Visst ikkje, måtte det ha vore fleire involvert, seier Nina Holm Andersen.

Han forklarte korleis han hadde laga den, om syntetiseringa av kjemikaliane og at arbeidet var krevjande.

Etterforskarane klarte etter kvart å få ut såpass mange små bitar med opplysningar, som førte til at dei kunne konkludere med at dei påståtte cellene aldri hadde eksistert. Terroristen var aleine, og det var ikkje sant det han sa om fleire angrep og minst to andre celler i Norge.

– Det er ikkje min jobb å dømme

Geir-Egil Løken, som til dagleg jobbar med organisert kriminalitet i Kripos, gjorde sitt første avhøyr med Breivik tysdag 9. august 2011.

Løken blir sett på som ein svært erfaren avhøyrsinstruktør, med gode lytteeigenskapar. Han avhøyrde Breivik i til saman 70 timar, og fekk mellom anna oppgåva med å få ut mest mogleg informasjon rundt det som skjedde på Utøya.

Han gjorde også avhøyret med Breivik ute på Utøya nokre veker etter terrorangrepet. 13. august fotfølgde han Breivik rundt på Utøya i seks-sju timar. Terroristen forklarte seg om kvar og korleis han tok livet av 69 menneske.

– Det er nok ein av dei mest spesielle dagane eg har hatt på jobb nokon sinne, seier Løken.

– Det var ei heilt spesiell setting. Eg hadde aldri vore på Utøya tidlegare, og hadde bevisst ikkje sett meg inn i informasjon om det som hadde skjedd der. Det var rett og slett for å ikkje påverke terroristen, seier han.

Avhøyra av Breivik hadde fleire føremål. Politiet hadde ikkje berre mål om å oppklare saka.

– Vi skulle også prøve å gi dei etterlatne flest mogleg svar. Det var også grunnen til at vi reiste ut på Utøya saman med terroristen. Eg måtte lytte og prøve å forstå, og var det noko eg ikkje skjønte, måtte eg stille oppfølgingsspørsmål, fortel Løken.

For avhøyrsteamet var det ikkje aktuelt å gjere avhøyra på nokon annan måte enn vanleg. Avhøyrsmetodikken norsk politi har arbeidd ut ifrå dei siste 15 åra låg til grunn, sjølv om dette var ei ekstrem sak.

– Det var ikkje aktuelt å gjere det på nokon annan måte ... Og kva anna måte skulle det vere? Det er jo nettopp i dei situasjonane når ting er på det verste, at vi må gjere det vi har trent på. Det er definitivt ikkje situasjonen å prøve på noko nytt.

– Vi skal ha respekt for den som sit der uavhengig av kva han har gjort. Vi skal forhalde oss til personen, ikkje gjerningane. Vi held oss sjølvsagt til gjerningane i det vi spør om.

Geir-Egil Løken

– Det er nok ein av dei mest spesielle dagane eg har hatt på jobb nokon sinne, seier etterforskar Geir-Egil Løken.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Korleis er det å vise empati for ein som har drepe nesten 80 menneske?

– Eg forstår at det verkar rart, men samstundes har det noko med den profesjonelle rolla vi har. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det også var krevjande for terroristen sjølv. Det å bli plassert på ei glattcelle, å vere isolert, det å ikkje ha kontakt med sine næraste og det at han ikkje kunne leve fritt slik han hadde gjort inntil då. Eg forstår at det er krevjande, og det er ikkje vanskeleg å vise empati for.

– Og så må ein ha det klart for seg at det er skilnad på empati og sympati. Det er vi bevisste på, seier han.

– Korleis var det å bli plukka ut til denne oppgåva?

– Det var veldig fagleg spennande å få moglegheit til å jobbe i ei slik sak, og få kunne fokusere på avhøyr over så lang tid.

– Tenkte du nokon gong på sinne og på kor mange han hadde drepe då du sat der, rett ved sidan av han?

– Det tenkte eg aldri på.

– Kvifor ikkje?

– For det er ikkje jobben min. Det er ikkje min jobb å dømme eller å få nokon til å bryte saman, eller få nokon til å forstå at dei har gjort noko gale. Min jobb er å skaffe informasjon, og det er det som er målet mitt heile vegen.

VG - "Slik skal han knekkes"

Førstesida på VG 4. august 2011.

«Slik skal han knekkes»

Rettsfilosofen Robert Ray skildrar utfordringane ein rettsstat blir utsett for under avhøyr på denne måten:

Det etiske presset i rettsstater er på sitt høyeste når de avhører sine mistenkte.

Rettsfilosofen Robert Roy (2006)

Avhøyrsteamet huskar godt avissforsidene 4. august 2011. Både VG og Dagbladet fokuserte på korleis politiet skulle få terroristen til å knekke saman i avhøyr. Når ein ser på avhøyra som blei gjort av Breivik, skjer det motsette.

– Ååååh ... Eg tenkte: Er det mogleg? Det er så gamaldags. Det viser mangel på forståing for det vi driv med. Vi har ikkje som mål å ta knekken nokon som helst i avhøyr. Vi har som mål å skaffe mest mogleg informasjon, og det er det som heile tida er målet, seier Geir-Egil.

– Kva tenkjer du om at det formar inntrykket befolkninga får?

– Ja, men ikkje berre aviser, men også tv og film. Eg har vel ikkje sett ein einaste film eller ein einaste serie som har vist avhøyr slik som det eigentleg er.