Solrun mista ikkje berre veslesystera – men også mora sitt fang

Solrun var berre to år då systera døydde. Tapet skapte ein avstand mellom ho og mora, men ein samtale nesten femti år seinare skulle verte avgjerande.

Solrun Johanne Valen hugsar ingenting frå ulukka. Ho var berre to og eit halvt år i 1963, systera Hanne var eitt år yngre. Mora må ha fortalt ho kva som hende før ho vart så stor at ho synest det vart vanskeleg å snakke om.

– Kanskje det er heilt greitt at eg ikkje hugsar det, at det er eit slags vern i det, seier Solrun.

Ho las ei undersøking for nokre år sidan. Det stod at det å miste ein bror eller ei syster i ung alder aukar risikoen for sjølv å døy tidleg med 71 prosent.

Det var ein ting til. Prognosen var endå dårlegare dersom aldersskilnaden var liten og den avdøde var same kjønn som den attlevande. Solrun låg dårleg an.

Solrun og systera hanne før ulukka

Solrun og systera Hanne før ulukka.

Foto: Privat

Hennar fyrste minne er frå dagane før ulukka. Ho og systera hadde fått nytt regntøy og var ute og leika. Solrun hugsar ho måtte hjelpe Hanne opp etter at ho ramla og slo seg.

Familien budde på Sønderled utanfor Risør, på ein stor gard som var eigd av ein fabrikkeigar. Det var ein liten dam på eigedomen, men vanlegvis heldt jentene seg unna den.

Det var ein dag i slutten av august. Mor deira hadde luka i kjøkenhagen og systrene fann ut at dei ville mate gjæsene med ugraset. Mora følgde med frå kjøkenglaset. Onkelen deira og ein nabo arbeidde like ved, kanskje det var derfor mora lét dei gå aleine.

Solrun trur ho må ha hoppa etter for å redda systera. Då mora fann dei låg Hanne med fjeset ned i dammen, Solrun låg på ryggen. Etter litt hosting og harking fekk dei liv i Solrun. Hanne var ikkje til å berge.

Solrun vart ståande aleine igjen.

Brosjyre frå begravelsen til Hanne
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Dei fyrste dagane etterpå vart Solrun plassert på den lokale aldersheimen for å skjerme foreldra. Ein eigen barnepleiar passa på ho. Ho hugsar ikkje så mykje frå det, men ho hugsar godt at prestekona var innom og gav ho ei dokke.

– Det var ei tid ein ikkje visste korleis ein skulle handtera den typen problematikk, spesielt overfor ungar, seier Solrun.

Også for vaksne var det uvanleg å få oppfølging etter ei krise. Vanlegvis ville mor til Solrun fått noko roande, men ho var gravid med eit nytt barn. For å ikkje skade fosteret fekk ho oppfølging i staden. Legen oppfordra ho til å legge ulukka bak seg, ho måtte vere til stades for det ufødde barnet.

I dag ville ein gjort mykje annleis. No veit ein at det er viktig å ikkje skyve born vekk i sorgprosessen, at ein heller bør inkludere dei.

Mor til Solrun var ein sprudlande person, men etter tapet vart ho meir reservert. Solrun trur mor hennar tok på seg mykje av skulda for det som hende, og at ho sjølv vart ei påminning om tapet. Ho slapp ikkje Solrun innpå seg og kunne ikkje gje ho den nærleiken ho trong.

– Eg kan ikkje hugse å ha sete på Mamma sitt fang. Eg trur ikkje det var mangel på kjærleik, men det var ein avstand der, seier Solrun.

Det at foreldra ikkje var tilgjengelege for ho under krisa trur ho kan vere opphavet til noko av avstanden som oppstod. Når mora i ettertid freista å nærme seg ho var det Solrun som vende seg vekk.

Ho måtte finne omsorg andre stader.

Bilete av Sofie og Solrun i fotoalbummet til Solrun

Solrun trur omsorga ho fekk hjå Sofie har vore avgjerande for omsorga ho har kunna gje sine eigne born.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Sofie vart redninga for Solrun. Ho var nokre år eldre enn foreldra hennar og budde ikkje så langt frå garden der dei budde.

– Når eg kom til Sofie sette me oss ned for å prata, og så spurde ho om kva godt eg ville ha, fortel Solrun.

Ho kjende seg heime hjå Sofie. Ho torde sleppe ho innpå seg, og gav ho den omsorga foreldra ikkje kunne gje. Solrun trur det kan ha vore godt for dei at Sofie var der, det var ein respekt mellom ho og foreldra. Likevel kan det ikkje alltid kan ha vore like lett for mora.

Familien prøvde å kome seg vidare. Dei var ikkje tause om det som hadde hendt, men det vart snakka lite om.

Då bror til Solrun vart fødd var foreldra framleis sterkt prega av krisa. Dei hadde ikkje overskot til å gje han den merksemda ein baby plar få på starten av livet. Der Solrun vende seg vekk for å finne omsorg andre stader, søkte Jakob seg mot foreldra si merksemd. Han prøvde å få mest mogleg ut av det vesle han fekk.

Han og Solrun fekk eit tett band. Ho gjekk inn i rolla som storesyster, og hugsar godt at ho streva med å kle på broren medan foreldra arbeidde i fjøset.

Solrun ser tilbake på barndommen sin som ei fin tid, til trass for at det som hende.

Solrun trur det er viktig at dei rundt er til stades for born i vanskelege situasjonar.

Foto: Privat

Seks år etter tapet av dottera, fekk familien ei ny jente som dei gav namnet Hanne. Ho vart kalla opp etter dottera dei hadde mista i ulukka.

– I ettertid trur eg mamma og pappa angra på det namnet, seier Solrun.

For Hanne vart ulukka noko fjernt som alltid hadde vore der. Mora hadde fått tapet av dottera meir på avstand og greidde å sleppe den yngste dottera innpå seg. Veslesystera fekk ein nærare og mindre komplisert relasjon til mora.

– Eg kunne prate med ho om alt, fortel Hanne Valen Hillestad.

Faren var mindre open. Han gjekk ofte ut av rommet om det vanskelege vart nemnd, men Solrun hugsar at han ein gong sa dei var ein for lite i familien.

Då dei rydda etter faren sin død fann syskena avisutklipp som han hadde teke vare på frå ulukka. På eit lite gulna utklipp såg den attlevande Hanne sitt eige namn under ein svart kors.

solrun i heimen sin Trondheim

Solrun har budd i Trondheim sidan ho flytta dit for å studere.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

I dag er Solrun 56 år og bur i Trondheim. Ho flytta dit for å studere i 1981 og har budd der sidan. Ho er gift, har to born og skal snart verte bestemor. I 1986 var ho ferdigutdanna sosionom, og har brukt heile yrkeslivet sitt til å hjelpe born i vanskelege situasjonar.

Ho tenkjer ikkje mykje på ulukka i kvardagen, men den har hatt stor innverknad på livet hennar. I løpet av livet har ho gått fleire rundar med seg sjølv for å forsone seg med relasjonen til mora.

Ein formiddag for nokre år sidan hadde Solrun henta mora på sjukeheimen. Mora hadde vorte dement, og vanskeleg å få kontakt med. Solrun stod på kjøkenet og strauk klede medan mora såg på. Mora byrja å prate, med eitt var ho heilt klar.

– Eg heldt fram med å stryke, eg ville ikkje øydelegge augneblinken, seier Solrun.

Mora fortalde om korleis ho heile livet hadde strevd med å halde sorga på avstand. Det skulle så lite til for at dei forferdelege kjenslene kom tilbake. Det var som ei sårskorpe som sprakk opp igjen, eit sår som ikkje ville gro.

Det var ein av dei siste ordentlege samtalane dei hadde.

– Det var hennar måte å innrømme og beklage at vår relasjon vart som den vart, seier Solrun.

Solrun er ein av personane du møter i NRK-serien Datoen, sjå episoden i nettspelaren.