– Eg ville berre slå dei ned

I løpet av ein time slo to 17-åringar ned fem menn. Valdsnatta endra livet til både ofra og dei som slo.

Denne veka fortalde NRK at det har vore over 30 norske valdsbølger på ti år.

Valdsbølger er ikkje ein eigen kategori i kriminalitetsstatistikken, så NRK har kartlagt fenomenet ved å sjå på medieoppslag som har omtalt eit større omfang av vald blant unge.

Bak den siste valdsbølga i Bergen stod det nokre få ungdommar. Blant dei mest aktive var «Benjamin» og «Petter», som då var 17 år.

Natt til laurdag 7. januar 2017 la politiet ut følgande melding på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Benjamin har forklart at han før på kvelden drakk meir enn ein halv liter heimebrent, og tok ein eller to tablettar ecstasy. Han kan hugse at han var i byen, men ikkje kvar.

Ifølge politiloggane og dommane mot dei to 17-åringane, var dette det som skjedde:

Bergen, laurdag 7. januar 2017

Bergen sentrum, det er natt til laurdag 7. januar 2017. På eit lite geografisk område, alt med gangavstand, skal fem valdstilfelle til å skje. Klokka bikkar tolv.

Ca. 00:00

Ein mann (23) og kameraten går av bussen. Dei skal vidare til Loddefjord, men slik blir det ikkje.

Klokka 00:17 får politiet melding: Ein mann (23) skal ha komme i samanstøyt med 17-åringane. Først roping, deretter barka dei saman, midt i gata. 17-åringane følgde etter då dei to andre trekte seg tilbake. Dei skal ha slått og sparka mot kroppen og hovudet på 23-åringen, og han låg livlaus på bakken då dei to sprang vidare. Han blødde frå nasen, hadde ein kul i hovudet, og i ettertid sleit han med hovudverk.

Ca. 00:15

Ein mann i 50-åra har vore inne og sett på TV, og går ut for å bestille seg ein pizza. Medan han ventar på maten tar han seg ein tur til Torgallmenningen.

Ved McDonalds går mannen litt til sida for å gå forbi to gutar som han får inntrykk av at er gira. Ifølge vitne yppar 17-åringane, drar mannen til sida, og deretter går Benjamin roleg bort til mannen, gjer ei dreiing med kroppen, og slår til mannen i hovudet med olbogen. Mannen landar på bakken med heile kroppen samtidig, og smell hovudet i asfalten. Eit vitne seier det såg ut som om mannen ikkje var medviten då han landa.

Ca. 00:17

Ein mann (21) har vore på McDonalds med ein kamerat. Dei ser ein mann ligge livlaus på bakken, og dei oppfattar at nokon skrik og hoiar. Dei tenker det er nok folk som hjelper mannen, og går vidare mot ein utestad.

I det dei kryssar vegen mot Xhibition kjem ein person skrått inn og seier «Do you have a problem». 21-åring svarar «Nei», og han blir han skalla i ansiktet. Den som skallar han ned er Benjamin. 21-åringen får eit kutt i augebrynet.

Ca. 00:45

Ein mann (18) har vore med ein gjeng kjøpt seg kebab. På veg ut møter dei 17-åringane. Ein av dei to brukar skuldra til å dulte borti ein i gjengen. 18-åringen spør kvifor han gjorde det. «Er det eit problem med det», svarar den eine 17-åringen. «Ja», svarer 18-åringen.

Benjamin sitt svar til det er å slå, og han tar kvelartak på den andre. Petter kjem springande til, og skal ha dradd eller kasta 18-åringen i bakken. Deretter prøver Petter å slå̊ 18-åringen i ansiktet og på kroppen.

Ca. 00:47

Nokon i gjengen kjem inn på kebabsjappa, og seier til dei som sit der at nokon køddar med ein kamerat av dei.

Ein av dei som er inne går ut og spør kva som skjer. Benjamin slår til han, med knytt hand, i ansiktet, og dyttar han over ende. Benjamin slår gjentatte gonger mot hovudet og kroppen til mannen. Den fornærma skal ha forklart i retten at han visste kven den eine av dei to 17-åringane var.

Ca. 02:23

Petter blir pågripen og blir tatt med til arresten. Benjamin blir ikkje arrestert denne natta.

Fem tilfelle, frå klokka litt over tolv til litt før eitt. Mindre enn ein time. To 17-åringar, og fem som er skadd av vald.

Petter vart pågripen natt til laurdag 7. januar 2017. Måndag blir han varetektsfengsla. Då han er under 18 år, kan han berre fengslast for to veker om gongen.

Den 6. april 2017 melder Benjamin seg til politiet for å ha slått ned 50-åringen, fordi han ikkje ville at kompisen skulle sitte inne for noko han ikkje hadde gjort. Han får gå fri frå han melder seg, medan saka er under etterforsking.

Saka dryger ut, og den 5. mai 2017 blir Petter lauslaten mot meldeplikt, alkoholforbod, og forbod om å opphalde seg med enkelte av kameratane sine.

Dette braut han.

Den 14. januar 2018 blir ein Bunnprisbutikk rana. Benjamin blir kopla til dette, og varetektsfengsla fem dagar etterpå.

Dommen

"Benjamin" og "Petter" i Bergen fengsel

Benjamin og Petter blir skanna før møtet med Innafor-programleiar Vilde Bratland Erikstad.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Benjamin sonar ein dom på totalt fem år og fire månader, dømt for grov kroppsskade, valdshendingar som kroppsskade og kroppskrenking, og grov kroppskrenking: 12 valdshendingar over ein periode på fire til fem månader.

Han er i tillegg dømt for ran, oppbevaring og sal av ecstasy, tjuveri av ein moped, køyring i ruspåverka tilstand utan førarkort, bruk av hasj, og å ikkje rette seg etter pålegg frå politiet.

Petter fekk ein dom på eitt år og seks månader, der seks månader var betinga fengsel. Han sona først eitt år, men fekk i ettertid fem månader fengsel for nye forhold, og fekk dermed også gjort om den betinga straffa si til fengsel.

I retten vart fleire videoar, også videoar ungdommane sjølv hadde filma, brukt som bevis. Overvakingsvideoen øvst i saka vart brukt, og ifølge politiet, er personen i kvit genser Petter som slår.

Ingeniør måtte lære klokka på nytt

Vidar Helland tar test

Vidar Helland må gå gjennom fleire testar for å finne ut om han kan få igjen førarkortet.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Vidar Helland er ein av dei som vart slått ned den 7. januar 2017. Når NRK møter han over eit år etterpå, har han framleis skadar som påverkar kvardagen hans.

– Han trefte meg i kinnbeinet, så det vart knust. Eg fekk brot på hjerneskallen, og hjernebløding på begge sider, seier Vidar Helland.

– Eg svingar inn på gata, og ser to menn komme mot meg som er litt opptrekt. Eg skuggar til sida, og plutseleg smell det. Eg vart slått rett ned, og var bevisstlaus. Eg har aldri sett dei før. Det skjedde heilt utan forvarsel.

Han fekk hjelp på staden, men først då han låg på Haukeland universitetssjukehus skjønte han at han hadde fått store skadar.

Plutseleg vart det vanskeleg å bruke ein mobiltelefon. Han gjekk frå å vere ingeniør i Statoil, til å måtte lære seg klokka på nytt. Også å sykle kan vere utfordrande.

– Det er mykje som har blitt bra, men ikkje alt er som det bør vere. Eg merkar eg ikkje får til ting som eg burde fått til. Eg har aldri hatt problem med å bestille flybillett og organisere meg, men no har eg det, seier Helland.

Vidar Helland

Vidar Helland vart slått ned på Torgallmenningen i Bergen, og slit endå med skadane.

Foto: Jonas Ruud / NRK

– Som om dei ynskjer å oppsøke vald

Etter at Helland vart slått ned, har han måtta la både bil og motorsykkel stå. NRK møter han på Kysthospitalet i Stavern i Vestfold. Der skal han ta testar som skal kunne seie om han kan få lov til å køyre bil igjen.

Vilde Bratland Erikstad og Vidar Helland

Innafor-programleiar Vilde Bratland Erikstad møtte Vidar Helland på Kysthospitalet i Stavern.

Foto: Jonas Ruud / NRK

– No får me sjå. Det er vel ikkje bestått så langt, ser det ut som, seier Helland.

Han tok billappen då han var 18, og har køyrt motorsykkel frå han var rundt 30. Han seier han saknar fridommen til å ta seg ein tur på hytta.

Helland vart sjukemeld i åtte månader etter hendinga, og har etter kvart byrja å jobbe igjen, i redusert stilling. Han har seinare også fått påvist kognitive vanskar, og etter tilfellet fekk han også epilepsianfall.

– Ein gamblar med nokon sitt liv når ein slår nokon ned på den måten, seier politiadvokat Alexander Gonzalo Sele.

Alexander Gonzalo Sele

Politiadvokat Alexander Gonzalo Sele seier eit slag med olbogen er å gamble med nokon sitt liv.

Foto: JONAS RUUD / NRK

Han står i Torgallmenningen, der Vidar Helland vart olboga ned.

– Det er fatale skadar, utløyst av ein pizza og ein tur på Torgallmenningen. Ein kveld på feil stad, til feil tid, så får det slike konsekvensar, seier Sele.

Handlinga til Benjamin og Petter blir sett på som grov då den ifølge dommen var uprovosert, hadde karakter av overfall og vart gjort av fleire i fellesskap.

– For oss kan det verke som om dei ynskjer å oppsøke vald, at dei har ein veldig låg terskel, og at det har vore målet deira denne kvelden, seier Sele.

– Eg berre forsvarer meg

"Petter"

Petter meiner valden han har utført som regel er for ein grunn, at det har blitt provosert fram.

Foto: Jonas Ruud / NRK

NRK møter Benjamin og Petter i fengselet. Dei opplever at valdsoffera ynskjer å framstille dei verst mogeleg.

Dei er ueinige i dommane for blind vald.

– Som oftast tenkjer eg at dei fortener det. Eg slår ikkje ned tilfeldige personar, det er som regel folk som vil hamne i bråk. Det er dei som startar det. Eg berre forsvarer meg, seier Petter.

– I dommane står det at det er uprovosert?
– Eg veit det er det dei seier, men eg meiner ikkje det.

Kva skal til for å provosere deg?
– Viss ein person kjem opp i trynet på meg, og eg føler han er frekk mot meg, er eg nøydd til å sette han på plass. Det er min måte å svare på, seier Petter.

Kva med å seie at han skal roe seg ned?
– Eg har prøvd det, eg har prøvd å telje til ti også, det gjekk ikkje.

Fekk «kick» av å slå

Petter fortel han var ein «heilt normal gut», som spelte fotball, men at han kom i feil miljø på skulen. Han hadde ikkje jobb, var ute heile natta og sov heile dagen.

Då han var 15 år syntest han det var kult å sitte i fengsel, men det var før han måtte sitte inne sjølv, som 17-åring. Då han byrja å slåst, var det noko han meistra.

"Petter" i fengsel

Petter seier han tidlegare følte at han måtte sette nokon på plass dersom dei var frekke mot han.

Foto: NRK

– Det er folk eg har skada skikkeleg, og eg angrar på det, sjølvsagt. Det var ikkje sånn eg ville det skulle gå. Eg ville berre slå dei ned og så vere ferdig med det, seier Petter.

Benjamin og Petter har ofte slåst saman, og dei meiner det er tilfeldig at dei har blitt gjerningsmenn, fordi det er dei som har «vunne» slåstkampane.

– Det er mykje på byen når me er drita fulle. Viss eg og han drikk sprit saman, er det ein dårleg kombo, seier Petter.

Benjamin innrømmer at mange kunne vere redde for dei.

– Eg trur ikkje det er mange som hadde kødda med oss, seier Benjamin, og seier han fekk adrenalinkick første gong han slo nokon.

Petter hugsar han fekk vondt i handa første gong han slåst, men at han følte seg bra etterpå, etter å ha vunne kampen.

Valden vart filma, og Petter seier han fekk høyre frå andre at det dei hadde gjort var kult.

– Etter det har eg berre syntes det var j**la gøy å slåss, seier Petter.

Synest de ikkje det er ekkelt å sjå kor mykje skade de har gjort på ein person då?
– Tenkjer ikkje så mykje på det, eigentleg, seier Petter.

– Du tenkjer berre på å vinne, seier Benjamin.

Vilde Bratland Erikstad med "Petter" og "Benjamin"

Programleiar i Innafor, Vilde Bratland Erikstad, saman med Petter og Benjamin i Bergen fengsel.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Leitar etter fornærmingar

Sveinung Sandberg er professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo. Han seier at unge personar som har problem med sinne gjerne vil oppsøke miljø der dei får utløp for det.

Sveinung Sandberg

Kriminologiprofessor Sveinung Sandberg seier det i visse gjengar kan gi respekt å slåst.

Foto: Universitetet i Oslo

– Då går det frå å vere eit problem til kompetanse. Det gir meining for dei å oppsøke gjengmiljø, eller miljø der det er dopsal. Dei får «kred» for at dei er lette å fyre opp og hamnar i bråk, seier Sandberg.

– Kanskje du gjennom heile barneskulen har fått beskjed om at du er problem, så møter du eit miljø der det gir respekt å slåst, seier han.

Han seier at i miljø der bruk av vald er vanleg, leitar dei etter fornærmingar.

– Vald i nære relasjonar gir ingen respekt i desse miljøa. Dersom det skjer prøver dei å skjule det. Dei treng den fornærminga, dei skal slåst med nokon som er litt meir enn dei sjølv. Dei hiv seg ikkje over og bankar ein tiåring på sykkel, seier han.

Det er vanskeleg å hindre at unge brukar vald.

– Førebygging inkluderer alt frå rusbehandling og sinnemeistring, til inngriping frå politi og straffeapparatet. Det viktigaste er nok likevel tidleg intervensjon, gjerne allereie frå barndommen, seier Sandberg.

– Slike voldsepisodar er ofte resultat av ein lang prosess som byrjar med problem i oppveksten og tidlege tenår, og held fram med langvarig sosialisering i miljø der rusbruk og vald er vanleg, seier han.

Sint heile tida

Vilde Bratland Erikstad og "Benjamin"

Vilde Bratland Erikstad møtte Benjamin i fengselet.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Benjamin har dei grovaste valdsdommane. Han seier at det sjølvsagt er mykje han kunne gjort annleis.

Den verste tida bar han på mykje sinne, og kunne eksplodere av dei minste ting. I ettertid skjønar han at det, i kombinasjon med alkohol, steroid og rus, ikkje var spesielt lurt.

– Det var eit par episodar der eg ikkje visste kvar sinnet kom frå. Eg vart sint av å sjå ut i lause lufta. Om eg tenkte på noko, vart eg plutseleg steik forbanna, seier Benjamin.

"Benjamin" i fengsel

Benjamin kunne lett bli sint før, og meiner han har roa seg no.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Han var mykje sint også då han var yngre. Han følte på at han ikkje var bra nok. Det var vanskeleg å konsentrere seg på skulen, og han grua seg til å komme heim.

Han seier at han har roa seg i fengselet. Han går på skule og vil få orden på livet sitt. Likevel føler han at han har øydelagt mykje for framtida si.

På spørsmål om kva han drøymer om, er svaret at han ynskjer å bli skodespelar eller kampsportutøvar.

– Eg fekk fem på ungdomsskulen då eg sto på scenen. Det er den einaste femmaren eg har fått, heile ungdomsskulen, seier han.

– Kunne vore unngått

"Petter" og Tore Klanderud

Petter går på sinnemeistringskurs med Tore Klanderud i Bergen fengsel.

Foto: Jonas Ruud / NRK

NRK får vere med fengselsbetjent Tore Klanderud når han har samtaleterapi med Petter.

– Sinnemeistring handlar om å handtere sitt eige sinne på ein måte slik at ein ikkje skadar seg sjølv eller andre, seier Klanderud.

I samarbeid med ein psykolog held han sinnemestringskurs for innsette, både i gruppe og individuelt.

Tore Klanderud

Fengselsbetjent Tore Klanderud er programinstruktør i valdsprogrammet i Bergen fengsel, og har samtaleterapi med dei innsette.

Foto: Jonas Ruud / NRK

– Det sitt inne mange med lange fengselsstraffer, der personar har blitt drepne, der det skjedde i affekt, på grunn av eit kraftig raseri, seier Klanderud.

– Hadde dei fått hjelp før alvorlege hendingar hadde skjedd, hadde mange unngått mye liding. Mange innsette seier det er først når dei kjem i fengsel dei får hjelp til desse tinga, seier han.

Som førebuing til samtalen med Klanderud denne dagen, har Petter skrive om ei hending der han vart sint. Han held arket framføre seg, og med hetta over hovudet fortel han. Klanderud lyttar, balansert, roleg, og han spør:

– Korleis trur du det er å slutte med vald, når det er noko ein faktisk likar?
– Det er vanskelegare for meg enn for andre. Det er det eg har blitt vane med å gjere, og plutseleg skal eg prøve å snakke meg ut av situasjonar. Eg er ikkje vane med å bruke ord, eg er vane med å bruke hendene, seier Petter.

– Håpar dei vil skjerpe seg

Vidar Helland og Vilde Bratland Erikstad

Etter at Vidar Helland vart slått ned i Bergen har han slite med skadar.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Om tilfella som skjedde den 7. januar 2017, har Benjamin og Petter sagt at dei ikkje hugsar stort. Benjamin valde også å anke dommen mot seg, men fekk ikkje medhald i anken.

– Det som slår meg, det er at det ikkje er mykje anger å spore her, seier Vidar Helland.

Han fekk livet sitt endra den natta, og har lite sympati for dei unge mennene.

– Det er vel noko indre sinne. Når dei ikkje får til så mykje anna her i livet, må dei prøve å finne noko dei meistrar. Og det å banke folk er tydelegvis noko dei er gode på, seier Helland.

– At det er den einaste meistringskjensla dei har, er det formildande på nokon måte?
– Nei, det er ikkje det. Det er i beste fall veldig primitivt. Du kan ikkje gå laus på heilt uskuldige menneske berre fordi du ikkje får livet ditt til å virke, seier Helland.

– Eg håpar dei vil skjerpe seg, og ikkje belaste samfunnet med det rotet dei har halde på med, seier Helland.

SJÅ INNANFOR I NRK TV:

Hva får noen til å slå ned tilfeldige mennesker på gata, banke dem til blods og stikke av? I denne episoden møter programleder Vilde noen av Norges mest voldelige, unge menn.

Kva får nokon til å slå ned tilfeldige menneske på gata, banke dei til blods og stikke av? I denne Innafor-episoden møter programleiar Vilde nokon av Noreg sine mest valdelege, unge menn.

SJÅ INNANFOR I NRK TV:

Hva får noen til å slå ned tilfeldige mennesker på gata, banke dem til blods og stikke av? I denne episoden møter programleder Vilde noen av Norges mest voldelige, unge menn.

Kva får nokon til å slå ned tilfeldige menneske på gata, banke dei til blods og stikke av? I denne Innafor-episoden møter programleiar Vilde nokon av Noreg sine mest valdelege, unge menn.