Den enes død, den andres brød. Starts nedrykk redder Strømmen

Kristofer Hæstad deppar over nedrykket i 2007.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Seks svarte dagar i Start-historia

Ingen klubbar i Norge har rykt ned til 1. divisjon fleire gonger enn Start dei siste 20 åra. No er nervane i høgspenn igjen.

For med tap i kveldens skjebnekamp mot Mjøndalen er Start igjen nær stupet.

Mjøndalen vil passere sørlendingane på tabellen og vere to poeng føre Start med to serierundar att.

– Eg er utruleg spent. Vi veit at det er ein skjebnekamp. Men eg er alltid litt optimistisk inn mot kamp og trur vi skal vinne, seier Start sin speaker gjennom snart 44 år, Per Svein Bostrøm.

Speakeren har fortrengt nedturane

I løpet av desse åra har han berre gått glipp av 10–12 heimekampar. Han har opplevd alle opp- og nedturane til klubben. Men på spørsmål om kva nedrykk som var det verste må han melde pass.

Per Svein Bostrøm

Start sin speaker Per Svein Bostrøm er nervøs før skjebnekampen mot Mjøndalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Oi, den er ikkje enkel. Eg veit ikkje. Eg har vel fortrengt dei negative tinga. Eg veit ikkje, seier han.

Med siger mot Mjøndalen trur Bostrøm at klubben langt på veg vil sikre i alle fall kvalifiseringsplass.

– Ein speaker skal i utgangspunktet vere nøytral, men eg kjem til å skrike som ein galning. Dette er så viktig, seier han.

– Så mange nedrykk at det går i ball

Egil Olsen har jobba som sportsjournalist i ei årrekke i Fædrelandsvennen. I tillegg er han ihuga Start-supporter. Heller ikkje han klarer å svare på kva nedrykk som var det verste.

– Det har jo blitt så mange nedrykk at det går i ball. Så ille er det, seier han.

Namnebroren til Norges tidlegare landslagssjef trur fredagens kamp mot Mjøndalen blir heilt avgjerande.

– Eg er redd for at Start er ferdige om det blir tap. Stabæk på medaljejakt og Molde med Ole Gunnar Solskjær tilbake i sjefstolen blir ikkje enkelt i dei to siste kampane, seier han.

Egil Olsen og Erik Mykland

Egil Olsen saman med Erik Mykland på Sør Arena.

Foto: Privat

– Det flauaste eg kan hugse

I førre serierunde vart sørlendingane knust på bortebane mot tabelljumbo Sandefjord. Olsen trudde knapt det han såg.

– Eg trudde spelarane var skikkeleg gira før den kampen. Så, før vi veit ordet av det står det 0–1 til Sandefjord. Nei, den kampen står for noko av det flauaste eg kan hugse som Start-supporter, seier han.

– Korleis er nervane no?

– Eg er litt nervøs. Det er så mykje som står på spel, seier han.

NRK har sett tilbake på Start sine seks nedrykk sidan 1987. Berre sidan år 2000 har laget rykt ned til 1. divisjon fire gonger.

20. november 2011:

Start-nedrykk 2011

Avni Pepa fortvilar over nedrykk på Viking stadion.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

2011 er Start sitt hittil siste nedrykk. Men sesongen starta så bra. Etter tre serierundar toppa laget tabellen og fansen byrja å drøyme om ei reprise frå 2005-sesongen.

Men utover sesongen vart poengfangsten dårlegare og dårlegare. Klubben sette ny rekord med 11 strake tap og 14 kampar på rad utan siger. Før sesongen var det klart at Knut Tørum ikkje fekk fornya kontrakt. I juni kom meldinga om at han var ferdig i klubben.

Mons Ivar Mjelde tok over skuta, men klarte ikkje å berge klubben frå nedrykk. Start måtte slå Viking i Stavanger i nest siste serierunde for å ha eit håp om å berge plassen. Start hadde eitt poeng i lomma i 90 minutt, men så dukka King Osei Gyan opp på overtid og utlikna for Viking. Han sende dermed Start ned i 1. divisjon saman med Sarpsborg 08.

3. november 2007:

Starts Fredrik Strømstad satt igjen på gressmatten etter nedrykket.

Fredrik Strømstad innser at laget må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon etter 1–4 tap mot Lyn på Ullevaal i 2007.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det var berre to år sidan Start kjempa om seriegull i eliteserien. Sesongen etter vart ein stor nedtur. Tom Nordlie fekk sparken etter berre to sigrar på dei 12 første kampane. Stig Inge Bjørnebye tok over som trenar og løfta laget frå botnstriden. Men den påfølgjande sesongen vart eit mareritt for alle som er glade i Start. Etter tre fattige sigrar på 19 kampar fekk også Bjørnebye sparken.

Klubben henta inn tidlegare Viking-trenar Benny Lennartsson for å berge eliteserieplassen. Men i siste serierunde tapte sørlendingane 1–4 mot Lyn på Ullevaal. Samstundes slo Odd Fredrikstad og gjekk forbi Start på tabellen. Nedrykket var eit faktum.

2002: Fiaskosesongen

Dime Jankulovski

Dime Jankulovski deppar etter at Harald Martin Brattbakk scora vinnarmålet for Rosenborg på Kristiansand stadion. Trønderane slo Start 2–1 og vann til slutt seriegull.

Foto: Søreide, Kjell Inge / NTB scanpix

Før sesongstart sa Erik Solér, som hadde investert i fleire spelarar i stallen, at han var villig til å vedde kva som helst på at Start ville halde plassen. Bakgrunnen var at VG tippa dei gule og svarte på nedrykksplass.

– VG sitt tips om botnplass og nedrykk er totalt feil. Dersom så skjer, då har eg sterkt overvurdert mine fotballkunnskapar, sa Solèr til avisa.

Det var VG som til slutt fekk rett. Start var i realiteten eit 1. divisjonslag allereie før serien var halvspelt. Dei enda opp med 11 poeng og vart desidert sist i eliteserien. Det er framleis den lågaste poengsummen i eliteserien i løpet av ein sesong. Det var 14 lag i serien dette året.

22. oktober 2000:

Jan Halvor Halvorsen

Jan Halvor Halvorsen innser at laget har rykt ned til 1. divisjon.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Start kom skeivt ut frå første stund denne sesongen. Klubben makta ikkje å vinne nokon av dei elleve første kampane i serien.

Etter EM-pausen på sommaren plukka laget poeng, men ikkje nok til å berge plassen. Etter å ha tapt 0–3 mot Vålerenga på Ullevaal var nedrykket eit faktum. Vålerenga som sikra kvalifiseringsplass rykte også ned til 1. divisjon etter å ha tap i kvaliken mot Sogndal.

8. september 1996:

Økonomisk rot prega starten på 90-talet. Likevel vart 1995 ein bra sesong for Start med 8.-plass på tabellen. Dei hadde profilar i Erik Mykland, Petter Belsvik, Svein Mathisen og Claus Eftevaag. Men i løpet av 1996-sesongen forsvann ein etter ein.

I tillegg hadde klubben store utfordringar på trenarsida. Midt i oppkøyringa til sesongen gjekk trenar Steve Perrymann til ein japansk klubb. Inn kom Teddy Moen som trekte seg midtvegs i sesongen på grunn av dårlege resultat. Legendariske Karsten Johannessen tok over, men klarte ikkje å berge klubben frå nedrykk.

I løpet av dei ti første kampane stod klubben med ein fattig siger. Fem serierundar før slutt var laget 13 poeng bak kvalifiseringsplass. Då laget tapte 1–2 mot Rosenborg på Lerkendal var alt håp ute. Start var eit 1. divisjonslag.

Startsupporter selger supporterutstyr

Start-supporterane dumpa prisane på supporterutstyret før siste serierunde mot Strømsgodset. Start tapte kampen 2–6.

Foto: Tor Ivar Lindeland / NRK

10. oktober 1987:

Start var eit stabilt 1. divisjonslag, som toppdivisjonen heitte den gong, fram til 1987. I løpet av ti år hadde laget vunne to seriegull og teke bronse tre gonger.

Men etter 15 strake sesongar i toppdivisjonen var det slutt. Start måtte slå Rosenborg på bortebane i siste serierunde for å berge plassen.

Men trønderane vart for sterke og vann 4–1 heime på Lerkendal. Dette var elles den første sesongen det vart delt ut tre poeng for siger. Alle uavgjortkampar skulle også avgjerast på straffesparkkonkurranse. Ifølgje Wikipedia vann Start to slike straffekonkurransar.

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost