Ronny Deila
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Nordmannen som «ikkje kan feile»

LENNOXTOWN (NRK.no): Slik er Ronny Deilas nye liv som manager for den skotske storklubben Celtic.

– Det er klart eg er spent, seier Deila, som sa opp jobben i Strømsgodset for å sikre seg ein posisjon svært få trudde han skulle få for kort tid sidan.

38-åringen trør ut på Celtics treningsmatte i naturskjønne Lennoxtown, to mil nord for Glasgow by. Det er som om vi står på greenen på ein golfbane. Det luktar i alle fall slik. Graset er perfekt.

Bak Norges siste trenareksport ruvar ei gammal borg. Her leia Deila si første Celtic-trening denne veka. Her jobbar han på spreng for å finne seg til rette i sitt nye, skotske kongerike.

– Det er som å ha julafta kvar dag. Du gler deg heile vegen. Av og til er eg «på» i 24 timar. Andre gangar er eg i stand til å kople av. Akkurat no er fotballen altoppslukande.

Minst 12 timar til dagen brukar han på å studere laget på video, trene spelarane og haste frå møte til møte med stjerner og støtteapparat. Alle skal få si ansvarsoppgåve, signert Ronny Deila frå Porsgrunn.

Og slik vil 38-åringens liv vere i storklubben før sesongen tar til for fullt.

– Det er mykje å sette seg inn i no, så eg må nesten bare ta ein dag av gangen. Den første veka, før spelarane kom, helste eg sikkert på 250 forskjellige personar. Det seier seg sjølv at eg ikkje kan hugse namnet på alle, seier Deila.

På kveldstid, lenge etter at spelarane har reist frå Lennoxtown til sine store villaer i området rundt Glasgow går Deila ut av treningslokala og entrar ein ny del av sitt nye liv: bilen. Ein stor, britisk SUV med rattet på motsett side av det han er vand med frå livet i Norge.

– Klarar du å sette deg inn på riktig side på første forsøk?

– Ha-ha. Dette er faktisk første gangen, svarar Deila.

SJÅ VIDEO: Her er medaljane Deila kan vinne (les meir under klippet)

Sjekk medaljene Ronny Deila kan vinne som Celtic-manager.

Vil unngå trykket frå fansen

Å vende seg til køyringa er bare ein bagatell. Å vende seg til pågåande Celtic-fans er noko anna.

I Glasgow blir det sagt at ein ikkje kan stole på nokon som ikkje likar fotball. Byens innbyggarar er verdskjente for å vere manisk opptatte av sporten - og dei to klubbane som deler Glasgow i to: Celtic og Rangers.

Deila har enno ikkje vandra gatelangs i fotballmekkaet. Her vil han heller ikkje bu. Planen er å finne eit hus eit godt stykke unna over ein halv million glaswegians.

– Då kan eg velge om eg vil vere i kaoset eller ikkje. Det er ikkje det at eg har noko problem med kaoset. Gatene har eg ikkje oppsøkt fordi eg har jobba så mykje. Mitt mål er uansett å gjøre folk stolte av at eg er Celtic-manager.

I trykket vil han stå utan sine næraste. Det blir openbart mindre tid til Deilas to døtre, som vil besøke pappa Ronny i ny og ne.

Kampen om Celtic-stjernene

Britain Soccer Scottish Premiership

Southampton skal vere interessert i å betale rundt 70 millionar kroner for Celtic-forsvarar Virgil van Dijk, ifølgje avisa Mirror.

Foto: Danny Lawson / Ap

Kvar dag spanderer skotske medier spalteplass på Deila og Celtic, sjølv om det på mange måtar er dødtid i skotsk fotball. Sesongstart er relativt langt unna.

Det store spørsmålet er kven han vil forsterke laget med, noko han blir konfrontert med kvar einaste gang han møter balløyas tabloide presse.

– Det viktigaste oppgåva eg har er å halde på spelarane i klubben, melder Deila tilbake.

Frykta for å miste nokre av dei aller største er stor. Stjernene som har blitt foredla av forgjengar Neil Lennon. Gigantane som kan hjelpe Deila inn i meisterligagruppespelet.

Den nederlandske forsvarsspelaren Virgil van Dijk (22) og England-keeper Frasier Forster (26) står øvst på lista.

Sistnemnde har tidlegare blitt kopla til klubbar som Manchester United, Manchester City og Barcelona.

– Det finst klubbar med meir pengar enn Celtic. Spelarar kjem til å reise, sånn er det alltid. Men skal vi lukkast er det viktig at vi held gruppa stabil, seier Celtic-forsvarar Mikael Lustig.

– Det er heilt openbart at kvaliteten er veldig høg i gruppa. For to år sidan slo dei Barcelona. Eg er ikkje i tvil om at fleire i troppen kunne gått rett inn i engelsk Premier League, seier Stefan Johansen, som denne veka blei gjenforent med Deila for første gang sidan dei to vann seriegull med Strømsgodset i fjor.

– Trur du Deila er i stand til å halde på dei største stjernene?

– Han er typen til å klare det. I tillegg har han mista gode spelarar før, som trenar i Strømsgodset. Likevel har han klart å erstatte dei. Spelarane her er ettertrakta, men både eg og Ronny har eit sterkt ønske om at dei blir verande no før meisterligakvalifiseringa, seier Johansen.

Lustig vil ha Mix til Celtic

FBL-WC-2014-USA-TRAINING

KOPLA TIL CELTIC: Mikkel Diskerud, som for tida er del av Jürgen Klinsmanns USA-tropp i VM.

Foto: Noah Berger / Afp

Samtidig som Deila gjør alt for å få stjernene til å bli, jobbar han hardt med å skaffe forsterkningar.

Tidlegare denne veka hevda The Scottish Sun at Rosenborgs midtbaneprofil Mikkel Diskerud er på veg inn.

– Vi har ikkje snakka noko meir eller mindre om han enn andre spelarar, seier Deila kryptisk.

Lustig, med fortid i Rosenborg, håpar Diskerud får sjansen til å signere for Celtic.

– Ja, absolutt. Eg har aldri spelt med han før, men han er ein fantastisk dyktig fotballspelar, seier Diskerud.

Deila fortel NRK at han ikkje trur han rekk å skaffe forsterkningar før meisterligakvalifiseringa går i gang borte mot KR Reykjavik 15. juli.

Celtic-legenda: – Alt dette blir ditt, Ronny

Celtic

LENNOXTOWN: Celtic-stjernene ladar opp til meisterligamøte med AC Milan på Ronny Deilas nye treningsfelt. Foto frå november 2013.

Foto: Ian MacNicol / Afp

152 millionar kroner.

Det er summen Celtic fekk frå UEFA for å ha spelt i meisterliga-gruppe E og vunne eitt oppgjør med nederlandske Ajax førre sesong. Resten av kampane enda med tap - mot Milan, Barcelona og nemnde Ajax på bortebane.

– Det er desse oppgjøra vi forventar at Deila skal skaffe oss også i år. Celtic Park med plass til 60 000 skal fyllast til randen og lage ei stemning som du ikkje finn maken til i Europa. I tillegg er inntektene essensielle om vi skal klare å konkurrere med dei største klubbane i Europa, seier Murdo MacLeod.

MacLeod er tidlegare Celtic-stjerne med nær 300 kampar for klubben.

I tillegg var han assistentmanager under manager Wim Jansen på slutten av 1990-talet. Saman henta dei klubblegenda Henrik Larsson til klubben, og saman enda dei ti år med gulltørke i serien i 1998.

Før det hadde erkerival Glasgow Rangers vunne skotsk Premier League ni gangar på rad.

Sidan Rangers, som stort sett har vore den einaste utfordraren i skotsk fotball, no ligg ein divisjon under Celtic er det nærast openbart at medaljane vil drysse over Deila - dersom han gjør ein god jobb.

NRK møter MacLeod utanfor hotellet Cameron House, som ligg like ved den kjente innsjøen Loch Lomond. Her brukar Celtic-spelarane å overnatte før viktige kampar.

Skotten, som også hadde tre år i Borussia Dortmund på 1980-talet, opnar ein koffert med si trofésamling frå tida som spelar og trenar. Truleg kan Deila skilte med ein liknande om få år.

– Ligacupen, den skotske FA-cupen og serien. Eg er sikker på at Ronny (Deila) vil vinne alle desse turneringane neste sesong. Alt dette blir ditt, Ronny.

Men MacLeod påpeiker også at alle skotske eliteserieklubbar truleg vil gjøre alt for å vinne over Celtic. Den største laget dei kan slå er Deilas menn.

– Deila var vanvittig sterk på heimebane med Strømsgodset. Her må han vere sterk både heime og borte. Han vil møte tøff motstand på bortebane, seier den tidlegare Celtic-assistenten.

Slik er forventningane

Murdo

CELTIC-LEGENDA: Murdo MacLeod.

Den tidlegare Celtic-assistenten er likevel spent på kor suveren Deila blir mot andre skotske lag. Og korleis han leier laget i Europa.

Der er ikkje MacLeod aleine.

– Alle store byar i USA har ein Celtic-supporterklubb. Reis til Sør-Afrika, reis til Australia. Over heile verda er det organiserte Celtic-fans som no ventar på resultatet av Deilas Celtic-prosjekt. Alle vil sjå korleis Deila styrer klubben.

Ein treng eigentleg ikkje å reise lengre enn til Skotlands britiske naboøy. Bare i Irland og Nord-Irland har Celtic 53 registrerte supporterklubbar.

– Interessa rundt Celtic er enorm. I Storbritannia er dei definitivt i same liga som Manchester United, Manchester City, Chelsea og Arsenal, hevdar MacLeod, som ikkje trur laget treng nemneverdige forsterkningar for å gjøre det akkurat like godt som i fjor.

– Men om han skal erobre Europa treng han ein spiss, som kan bøtte inn mål saman med Kris Commons, som blei toppscorar førre sesong.

– Umogleg å feile

Som oppkøyring til meisterligakvalifiseringa skal Celtic spele fire treningskampar i Austerrike. Første oppgjør har avspark torsdag 3. juli. Motstandar er russiske FK Krasnodar.

Serien startar 13. august. Då har Deila hatt over to månader på å forme sitt Celtic.

– Kan det gå gale for Deila?

– Å, ja. Han kan feile. Om han ikkje tar seriegull, blir slått ut av cupane og snublar i meisterliga-kvalifiseringa.

– Men det kjem aldri til å skje, seier MacLeod med eit stort, skotsk glis om munnen.