Fiktiv identitet - Kripos
Foto: Simon Solheim / NRK

Må lyge seg til sikkerheit

Sju nordmenn er så trusselutsette at dei må leve på ein løgn. Dei har fått ny identitet av politiet og har flykta frå sitt tidlegare liv. Det var det einaste valet dei hadde for å komme utanfor livsfare.

Tenk deg at du må bryte med heile ditt sosiale nettverk. At du må flykte frå ein valdeleg ektemann, eller frå eit hardt kriminelt miljø som har sett ein prislapp på livet ditt. Tenkt deg at du må slutte i jobben din, og at du må ta borna dine ut av skulen. At du må flytte langt bort og starte eit heilt nytt liv.

Tenk deg at du må lyge til alle nye menneske du møter. At du må dikte opp ei heilt ny livshistorie. Alt dette for å leve eit trygt liv.

Slik er det for totalt sju nordmenn – både kvinner og born, men også menn.

Siste utveg

Fiktiv identitet - Kripos

Politioverbetjent Frode Gunnar Larsen er sjef for Seksjon for operative tenester i Kripos.

Foto: Simon Solheim / NRK

I ti år har politiet hatt moglegheit til å gi trusselutsette statsborgarar fiktiv identitet. Då får ein heilt nytt personnummer og oppstår som ein heilt ny person i Folkeregisteret. Dette er siste alternativ. Alt anna må vere prøvd.

Fiktiv identitet blir berre brukt dersom truslar ikkje let seg handtere på andre måtar.

Kven dette gjeld er svært sensitivt og underlagt streng teieplikt. Det er difor berre eit fåtal personar som kjenner sakene. Dersom trusselutøvarane får vite den nye identiteten kan offera igjen vere i livsfare.

Politioverbetjent Frode Gunnar Larsen er blant dei som kjenner sakene. Han er leiar for Seksjon for operative tenester i Kripos og har ansvar for dei som er mest trusselutsette.

– Dette er veldig vanskelege saker å jobbe med. Det er mykje som står på spel for dei det gjeld, og det er difor streng sikkerheit rundt sakene, seier Larsen.

– Å gi nokon fiktiv identitet er eit svært inngripande tiltak. Det reduserer livskvaliteten betydeleg. Det er krevjande å slette sitt tidlegare liv, og å starte eit nytt, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Å gi nokon fiktiv identitet er eit svært inngripande tiltak. Det reduserer livskvaliteten betydeleg.

Politioverbetjent Frode Gunnar Larsen
Fiktiv identitet - Kripos

Kven som har fått fiktiv identitet er strengt hemmeleg, og det er berre eit fåtal politifolk som kjenner sakene.

Foto: Simon Solheim / NRK

Må vere i livsfare

Dei som får fiktiv identitet må vere utsette for ein konkret identifisert trussel, eller vere utsett for vedvarande vald.

Med andre ord: Dei må vere i stor fare. Lova stiller strenge krav til kven som kan få starte eit nytt og falskt liv:

«En person som er registrert i folkeregisteret, og som står i fare for å bli utsatt for alvorlig kriminalitet rettet mot liv, helse eller frihet, kan gis tillatelse til å benytte andre personopplysninger om seg selv enn de virkelige (fingerte personopplysninger).» (Politiloven § 14 a)

– Det er veldig mange andre tiltak vi vurderer før vi vurderer fiktiv identitet. Det er også grunnen til at det ikkje er fleire som har det, seier Larsen.

Andre tiltak kan vere valdsalarm, besøksforbod eller adressesperre, eller ein kombinasjon av fleire av tiltaka.

– Det må vere ein fare for å bli utsett for alvorleg kriminalitet retta mot liv, helse eller fridom for at vi skal gi nokon fiktiv identitet, seier Larsen.

– Det er ikkje fordi vi ikkje ønskjer gi trusselutsette fiktiv identitet, men det er fordi vi har funne andre tiltak som er meir hensiktsmessige og som ikkje er så inngripande. Fiktiv identitet er det mest inngripande tiltaket vi har.

Å få starte på nytt og få ein fiktiv identitet høyrast i utgangspunktet veldig bra ut, men du blir på ein måte eit heilt nytt menneske, og du må leve på ein livsløgn resten av livet.

Politioverbetjent Frode Gunnar Larsen

Kven er dei?

Fiktiv identitet - Kripos

– Det er klart at det går inn på oss som jobbar med dette. Vi kjenner spesielt på det at vi ikkje alltid får gjort noko med sjølve trusselen, seier Frode Gunnar Larsen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Svaret på det er strengt hemmeleg. Difor er det ikkje mykje Kripos kan fortelje om dei, men dei kan fortelje litt:

– Hovudvekta er innanfor vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, seier Larsen.

Døme: Ei jente som nektar å gifte seg med den familien ønskjer.

– Men det er også vitne i kriminalsaker – som har gitt forklaringar mot bakmenn.

Larsen stadfestar at det er personar av begge kjønn, og at det også er born og tenåringar blant dei som har måtte starta eit nytt liv med nytt namn og ny identitet.

– Å få starte på nytt og få ein fiktiv identitet høyrast i utgangspunktet veldig bra ut, men du blir på ein måte eit heilt nytt menneske, og du må leve på ein livsløgn resten av livet, fortel Larsen.

Det er ikkje alltid like enkelt:

– Veldig mange klarer ikkje å innfinne seg med det, for ein vil jo verne om sin opphavlege identitet.

Politiet hjelper dei med ny jobb og heim

Å beskytte dei som er mest trusselutsette er svært ressurskrevjande. Det kostar mykje pengar og politiet brukar mykje tid på sakene.

– Ofte må vi flytte dei ut av Noreg. Dei må få ny jobb, nye vener og dei må bygge opp eit heilt nytt nettverk, seier Larsen og legg til:

– Vi hjelper dei med alt det praktiske rundt identitetsbyttet. I tillegg hjelper vi dei med å skaffe ny bustad og ny jobb, og med å bygge nye relasjonar. Det er veldig tidkrevjande, men alt dette er veldig viktig for dei som får fiktiv identitet.

Det er mange store utfordringar med desse sakene – og mange risikofaktorar. I dagens moderne samfunn er det ikkje berre enkelt å gi folk eit nytt liv, og å fjerne alle spor.

Dei må lære seg ei ny historie om seg sjølv. Vi ser at mange slit med å leve på ein livsløgn.

Politioverbetjent Frode Gunnar Larsen

Reint teknisk skjer identitetsbyttet slik:

  1. Personen sin reelle identitet blir fjerna frå Folkeregisteret
  2. Personen oppstår som ein ny person i Folkeregisteret

– Det er mykje som er krevjande med dette. For det første er Noreg eit høgteknologisk samfunn, der alt er knytt til personnummer. Når vi gir nokon ny fiktiv identitet, må også det gamle livet speglast inn i det nye livet, seier Larsen.

Det må dei gjere på ein måte som ikkje kan avslørast. Mange trusselutøvarar går over lik for å finne personane dei leitar etter.

– Ei anna utfordring er sosiale medium. Det er umogleg å leve i verda i dag utan å vere ein del av det. Vi har difor veldig fokus på det nettvett. Det er ei stor utfordring, seier Larsen og utdjupar:

– Det er spesielt utfordrande om det er born involvert. Dei har ikkje alltid den same forståinga av å ikkje kunne opptre på sosiale medium slik som alle andre. Dette er ein betydeleg risikofaktor som vi brukar mykje ressursar på.

Kvifor fokus på offera, og ikkje dei som truar?

– Det er ei problemstilling som vi er veldig opptekne av, seier Larsen.

Men det er lettare sagt enn gjort, ifølgje politioverbetjenten.

– I utgangspunktet ønskjer vi eit endå større fokus på dei som utøver truslane og valden, men det er ei samansett problemstilling, seier Larsen.

– Ofte kjem truslane frå eit litt udefinert miljø. Særleg i saker med æresrelatert vald, for der kan det vere ein heil storfamilie som står bak. Det kan også vere større kriminelle grupperingar som står bak.

Larsen seier vidare:

– Det er også grunnen til at det er dei som er trusselutsette som får avgrensa liva sine.

Korleis er det å jobbe med slike saker?

– Det er klart at det går inn på oss som jobbar med dette. Vi kjenner spesielt på det at vi ikkje alltid får gjort noko med sjølve trusselen, men at vi i staden må jobbe med dei som blir utsette for truslar, seier Larsen.