Joan Rodahl
Foto: Simon Solheim / NRK

Lurt av utanlandske kriminelle

230 av 235 arresterte lommetjuvar i Oslo var utanlandske statsborgarar. Joan Rodahl (94) er eit typisk offer. Dei går bevisst etter eldre og pleietrengande, ifølgje politiet.

– Eg blei veldig lei meg då eg fann ut kva som hadde skjedd, seier 94-åringen.

Ein novemberdag i fjor var ho på handletur på Røa senter i Oslo. Ho visste lite om at fleire rumenske lommetjuvar følgte etter henne. Først på Meny, så på Vinmonopolet. Det var først då ho kom heim igjen, i leilegheita i Holmenkollen, at ho oppdaga at bankkontoen hennar var tappa for fleire tusen kroner.

På overvakingsbileta kan ein sjå korleis banden opererer. Medan Joan skal betale i kassa på Meny står ein av tjuvane tett oppi henne, for å sjå pinkoden, slik at dei seinare kan stjele lommeboka og tappe kontoen hennar for pengar. Historia skal vise seg at tjuvane lukkast - igjen.

– Dei er utspekulerte, profesjonelle og svært godt organiserte. Dei går bevisst etter dei svake gruppene i samfunnet. Dei lettaste offera, seier politioverbetjent Roar Kvassheim, leiar for lommetjuverigruppa i Oslo politidistrikt.

Oslo hadde i 2013 fleire politimelde lommetjuveri per 100 innbyggjar enn Göteborg, Stockholm, Berlin og New York.

Det er ubehageleg at ein ikkje kan gå i ein forretning på Røa utan å vere trygg. Det er det verste med det som skjedde; at det går utover kjensla av tryggleik.

Joan Rodahl (94), tjuverioffer
Lommetjuveri - Røa

Her står ein av tjuvane tett på Joan Rodahl slik at han ser pinkoden hennar. Etter dette startar jakta på å få tak i bankkortet.

Foto: Politiet
Politiet tar lommetyv

TATT PÅ FERSKEN: Her tar politibetjent Morgen Drægni ein lommetjuv på fersk gjerning. – Den beste kjensla er når vi ferskar tjuvane, seier han.

Foto: Politiet

Brukar spanarar i jakta på lommetjuvar

Det er tidleg ettermiddag i hovudstaden og rushet har starta. Fire politispanarar, ei kvinne og tre menn, står og ventar på trikken på ein haldeplass i sentrum. Dei ser heilt vanlege ut. Det er vanskeleg å forstå at dei er politifolk. Men under jakka har dei politiskilt og i lomma handjern.

To av spanarane står saman, medan dei to andre står kvar for seg. Dei latar som om dei ikkje kjenner kvarandre. Latar som at dei berre skal heim frå arbeid – som alle andre.

– Vi følgjer etter han som står bak meg. Han med veska, seier ein av spanarane.

Hittil i år har dei arrestert 98 lommetjuvar, mot 94 i heile fjor. Det er det høgaste talet nokon sinne.

Lommetjuvar

Ved rullebandet ned til førsteetasje var det stans, så Joan Rodahl måtte ta heisen. Der slo tjuvane til.

Foto: Politiet

Oslo politidistrikt har oppretta ei eiga gruppe som jobbar med å ta lommetjuvar. Over 20 politifolk jobbar dag og natt i det som Oslo-politiet kallar «Innsatsgruppe lommetyveri». Gruppa blei starta i 2012 og har sidan arrestert 235 personar.

Politifolka er ute i byen i fleire timar om dagen – på jakt etter lommetjuvane. Men dei kjem også over andre kriminelle når dei er ute. For ei veke sidan arresterte spanarar frå lommetjuverigruppa ein mann som var etterlyst for ei overfallsvaldtekt på Grønland i Oslo. Då mannen vart pågripen, hadde han på seg ein flybillett til heimlandet med avreise dagen etter.

– Vi er ute i bybiletet og fangar difor opp andre ting, mellom anna etterlyste personar, seier Kvassheim.

17-trikken stoppar framfor politispanarane. Mannen dei har i «kikkerten» går om bord. Politifolka følgjer på.

– Oppførselen hans er mistenksam. Han stirrar veldig på veskene til folk. Han flakkar med blikket, kviskrar ein av politibetjentane.

  • For første gong fekk eit tv-team vere med lommetjuverispanarane på jobb. Sjå tv-sak nederst i saka.
Lommetjuverigruppa - analyse

ANALYSERER: Politibetjent og analytikar Morten Drægni brukar mykje tid på å hente inn og gjennomgå overvakingsbilete for å identifisere lommetjuvar, slik at dei seinare kan reise ut og arrestere dei.

Foto: Simon Solheim / NRK

Dei peikar ut lette offer. For dei er det å stjele bare ein dag på jobben, men for oss som politi gjer det at vi får ekstra lyst til å ta dei. Vi vil ikkje at det skal vere slik at dei svakaste blir så kynisk utnytta.

Politibetjent Morten Drægni, lommetjuverigruppa, Oslo politidistrikt

Kraftig auke i utanlandske innsette

Søndag skreiv NRK om auken av utanlandske statsborgarar i norske fengsel. Den 20. august 2004 var det 566 utanlandske statsborgarar bak murane i Norge. I dag er talet 1268. Kvar tredje fange er i dag utanlandsk statsborgar. Sju av ti av dei utanlandske som blir fengsla, har liten eller ingen tilknytning til Norge, ifølgje Kriminalomsorgen.

Lommetjuvar 2

Her har fleire lommetjuvar gått etter Joan Rodahl (94) i nærare 20 minutt i jakta på bankkortet hennar.

Foto: Politiet

NRK har sett på kva statsborgarskap dei innsette hadde og kva type kriminalitet kvar einskild sat inne for.

Her er nokre av funna i NRKs kartlegging:

  • 33 prosent av dei som sit i fengsel i dag, er ikkje norske statsbogarar, altså kvar tredje.
  • Omlag halvparten av dei som sit inne for narkotikalovbrot, er utanlandske statsborgarar.
  • Kvar tredje innsett som sit inne for valdtekt, er utanlandsk statsborgar.
  • Andelen rumenske statsborgarar har auka kraftig. Er i dag den tredje mest respresenterte utanlandske nasjonen i norske fengsel. Per 20. august 2004 var det ingen rumenarar i fengsel i Norge. I dag er talet 128.
  • 46 av 195 kvinner som sit inne per 20. august 2014 er utanlandske statsborgarar.

Storparten frå Romania

Det er nesten utelukkande utanlandske kriminelle som blir tatt for lommetjuveri i Oslo, og ifølgje politiet sine tal er storparten rumenske statsborgarar. Av dei 235 personane som er arresterte for lommetjuveri, var kun fem av dei norske statsborgarar.

Politioverbetjent Roar Kvassheim

Roar Kvassheim, leiar for lommetjuverigruppa i Oslo-politiet, seier at tjuvane bryr seg lite om offera og at dei bevisst går etter dei svakaste gruppene.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Mange av dei som kjem hit, kjem hit kun for å vere kriminelle. Dei er mobile og reiser rundt i Europa for å stjele. Det har vi sett fleire dømer på. Nokre av dei er i landet i underkant av eit døgn, før dei reiser vidare, seier Kvassheim.

Mange av lommetjuvane har blitt arrestert i fleire andre land. Ein 65-åring frå Polen blei i 2013 pågripen i Oslo – men hadde også fleire gonger blitt tatt av politiet i andre land, mellom anna Tyskland, Nederland og Frankrike.

– Dei reiser rundt med eitt mål for auge; å stjele. Ofte kjem dei til landet og reiser igjen i løpet av 24 timar, seier Kvassheim.

Lommetjuveri høyrast kanskje ikkje så ille og alvorleg ut, men ifølgje politiet er dette storkriminelle som tjener store pengar på det dei driv med. Politiet har dømer der dei kriminelle bandane har tappa kontoar for over 100.000 kroner.

– Dei er ikkje notoriske kriminelle. Dei går etter lettjente verdiar, seier Kvassheim og legg til:

Dette er kyniske kriminelle som vi vil ha arrestert, dømd og til soning - og så vil vi ha dei sendt ut av landet.

Roar Kvassheim, leiar for lommetjuverigruppa i Oslo politidistrikt

Den spesialiserte politigruppa jobbar målretta mot å ta lommetjuvane, og seier dei opplever at kriminelle grupper held seg borte frå Norge når innsatsen deira er stor.

– Ryktene går fort i kriminelle kretsar. Når vi jobbar intensivt kan ein sjå at denne formen for kriminalitet går opp i andre byar i Nord-Europa, seier Kvassheim.

Då lommetjuverigruppa blei oppretta, kunne politiet stille seg opp på Jernbanetorget i Oslo og plukke lommetjuvar ein etter ein, ifølgje Kvassheim. Men no er det ikkje slik lenger. I dag er dei profesjonelle og svært vanskelege å oppdage.

Før 2012 eksisterte det ingen heilskapleg, koordinert innsats mot denne type kriminalitet i hovudstaden. Politiet jobba den gong frå sak til sak, utan å analysere, sjå likskap i sakene og kartlegge nettverkene som robbar dei svake for verdiar.

Desse har lommetjuverigruppa arrestert:

Statsborgerskap

Tal pågripne

Romania

150

Polen

18

Algerie

8

Marokko

7

Kosovo

7

Libya

5

Nigeria

5

Norge

5

Andre statsborgarar

30

Totalt:

235

Ekspander/minimer faktaboks
Her opererer lommetyvene i Oslo

HER SKJER DET: I dei raude områda skjer det flest lommetjuveri, ifølgje Oslo-politiet.

Foto: Politiet

– Eg blei lei meg

Tjuvane som følgte etter Joan Rodahl (94) på Røa senter, følgte etter henne i rundt 20 minutt. Pinkoden til bankkortet såg ein av tjuvane då Joan skulle betale i kassa på Meny. Når koden var i hende starta jakta på å få tak i kortet. På overvakingsbileta kan ein sjå korleis jaktar bankkortet til 94-åringen.

Joan Rodahl

Joan Rodahl (94)

Foto: Simon Solheim / NRK

– Eg skulle gå på rullebandet som gjekk ned i første etasje, men bandet stod stille. Eg tok difor heisen i staden. I heisen var det ein mann og ei kvinne, og i det dørene var på veg til å lukkast, kom det ein mann til inn i heisen. Dei snakka på eit språk eg ikkje forstod. Eg merka ikkje at bankkortet var borte før eg kom heim. Dei stjal nok bankkortet då eg snudde meg rundt for å trykke på knappen i heisen, seier Joan.

Ho opplevde det som skjedde som audmjukande.

– Det er ubehageleg at ein ikkje kan gå i ein forretning på Røa utan å vere trygg. Det er det verste med det som skjedde; at det går utover kjensla av tryggleik. Det er forferdeleg at dei gjer slikt. Det gjer oss utrygge, seier ho.

– Svigersonen min sa at eg var heldig som ikkje hadde så mange pengar på kontoen. Eg hadde bare 4000 kroner. Mange andre eldre menneske har mykje meir pengar i banken, og tenkjer ikkje på det, seier Joan.

To av tjuvane som stjal frå Joan vart dømt til fengsel i høvesvis seks månader og eit år og fire månader, også for fleire andre tjuveri. Dei hadde mellom anna også kontoen til ein eldre mann. Han blei 19.800 kroner fattigare.

Når blei tjuvane arrestert?

År

Tal pågripne

2012 (01.08.12-31.12.12)

43

2013

94

2014 (per 17.09.14)

98

Totalt:

235

230 av 235 arresterte lommetjuvar i Oslo var utanlandske statsborgarar.

VIDEO: NRK er med lommetjuverispanarane i Oslo på jobb.