Tor Martin Røhr Andresen
Foto: Gry Kårstad / NRK

Kodeknekkaren

Han knekte kodane som gøymde den omfattande reiseruta til Isdalskvinna.

Det var den første laurdagen i desember 1970. På den tida var det ikkje vanleg med fri på laurdagar. Tor Martin Røhr Andresen jobba annankvar laurdag, og denne helga var det hans tur. Det han ikkje visste då han kom inn på kontoret sitt i Oslo var at han snart skulle bli sentral i politiarbeidet med eit av dei største kriminalmysteria Noreg har hatt.

Tor var konsulent i Forsvaret sin sikkerheitsstab. På dagtid jobba han med kontroll av militære telefonlinjer. På fritida hadde han ei spesiell interesse for detektivromanar.

Skriveblokka til Isdalskvinnen

– Kan du finne ut kva dette er?, spurte sjefen og gav Tor Martin Røhr Andresen Isdalskvinna sine kodar.

Foto: Politiet

– Kan du finne ut kva dette er?, spurte sjefen, og gav han ein lapp med blå tal og bokstavar på rekker. Som bakgrunn fekk han nokre avisartiklar om ei død kvinne i Bergen.

– Det gjekk ikkje så lang tid før eg skjønte kva det var, fortel Tor i dag.

Og det var ikkje kven som helst dei spurde om hjelp. Vi kan kalle Tor ein profesjonell kodeknekkar. Han hadde jobba i Chifferavdelinga, som jobba med å kode og avkode meldingar. Seinare jobba han med monitoring, og lytta på tilsette i forsvaret sine telefonsamtalar.

I Bergen:

På same tid i Bergen jobba politiet på spreng med den gåtefulle kriminalsaka. Det var ein far og to døtrer som hadde funne henne nokre dagar før, kvinna som låg forbrent i ei steinrøys langt inne i Isdalen utanfor Bergen sentrum. Politiet hadde sperra av området, og heldt vakt natta over, for å vere sikre på at dei ikkje gjekk glipp av spor. Men det var ingenting der som kunne fortelje kven ho var.

Brannen hadde gjort ansiktet ugjenkjenneleg. På dei delane av kleda som ikkje var brende opp var fabrikasjonsmerka klipt vekk. Og på tinga hennar var alle kjenneteikn slipte vekk. Til og med merka under nokre plastflasker.

Kosmetikk

To kosmetikkflasker frå koffertane til Isdalskvinna. Nokon hadde skrapa vekk alle spor.

Foto: Politiet

Då betalinga for eit oppbevaringsskap på jernbanestasjonen i Bergen gjekk ut fann politiet to koffertar. Det føltes gjerne som eit stort gjennombrot for politiet då fingeravtrykk på eit par solbriller i den eine kofferten stemde med den døde kvinna sine.

Men igjen, det var nokon som hadde gjort ein grundig jobb med å fjerne spor. Merkelappane på kleda også i kofferten var fjerna. Til og med kosmetikkflasker var avskrapa.

Kodane på skriveblokka

I kofferten låg ei skriveblokk, med ei rekkje bokstavar og tal på første side. Det som ved første augekast ikkje gav meining, skulle snart bli sentralt i saka. Vi spolar tilbake til kontoret til Tor den første laurdagen i desember.

Kodeknekkaren

Tor skreiv tala og bokstavane opp for seg. Då såg han at det var datoar, månader og stader.

Foto: Gry Kårstad / NRK

– Eg reinskreiv det litt. Men skjønte fort at bokstavane stod for månader. Så var det tal som stod for datoar. Og bokstavane på sida stod for stader.

Det var reiseruta til Isdalskvinna han hadde funne, gøymt i kodar. Han gjekk inn til sjefen for å forklare, men nesten før han rakk å snakke ferdig hadde sjefen ringt ei drosje. Dei to reiste rett opp til Victoria terrasse i Oslo, der politihuset var den gongen.

– Der sat heile kriminalavdelinga. Sjefen sjølv og masse folk. Den einaste som ikkje var der var Ørnulf Tofte frå overvakingspolitiet. Alle dei andre var inne på sjefen sitt kontor. Så eg forklarte, og så reiste vi tilbake til kontoret. Sjefen var fornøgd, og alle var fornøgde.

Frå by til by

Han trudde kanskje at han var ferdig med Isdalssaka. Men tysdagen etter kom sjefen inn på kontoret, og bad han reise til Bergen. Han reiste over for å forklare dei kva han hadde gjort og funne ut. Politiet var einige i konklusjonen hans. Kodane var ei liste over reisene til Isdalskvinna.

Tor Martin Røhr Andresen

Tor Martin Røhr Andresen knekte kodane som røpte reiseruta til Isdalskvinna.

Foto: Gry Kårstad / NRK

– Eg kunne ikkje fortelje så mykje meir enn eg allereie hadde forklart. Dei gav meg også eit kart dei hadde funne i kofferten til Isdalskvinna, men det var utan kodar, så eg fekk ikkje noko ut av det. Eg er jo ikkje ein detektiv akkurat.

– Du hjelpte jo politiet vidare i ei ganske stor sak. Kva tenkjer du om det?

– Eg gjorde ikkje noko stort nummer ut av det.

Politiet var allereie på sporet av at kvinna hadde vore i Stavanger. Dei hadde funne ein plastpose i kofferten hennar, og logoen på posen førte dei til ein skobutikk i byen. Der hadde kvinna kjøpt nye støvlar. Og på eit hotell eit steinkast unna kjende tilsette igjen det politiet sa om kvinna.

Isdalskvinna si reiserute

Isdalskvinna hadde reist mellom ulike byar i Europa, og i Noreg, i tida for ho døydde.

Foto: Andre Håker / NRK/Grafikk

På den tida måtte alle utlendingar fylle ut eit skjema då dei sjekka inn på hotell, eit såkalla framandskjema. Det viste seg at skrifta på eit framandskjema på hotellet i Stavanger var den same som skrifta på skriveblokka.

Det Tor klarte å tyde ut av kodane i skriveblokka viste ei omfattande reiserute. Kvinna hadde reist frå by til by i vekevis, og dukka opp i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Men nye svar førte berre til fleire spørsmål. Kvar gong kvinna sjekka inn hadde ho brukt falske namn.

Vart lagt merke til

"Mademoiselle L`s kode viser reiseruten i Norge", kunne folk lese i Dagbladet veslejulaftan.

Dagbladet 23.12.1970

Dagbladet omtalte reiseruta til Isdalskvinna veslejulaftan 1970.

Foto: Faksimile

Når politiet hadde klart å finne ut kva hotell kvinna hadde budd på, fann dei også folk som hadde møtt henne. Det viste seg at ho var lagt merke til. Elegant, sjølvsikker og spesiell, fortalde nokre. Ho snakka ikkje norsk, og verka ikkje interessert i å snakke særleg mykje med resepsjonistane eller servitørane.

Det var fleire teoriar om kvinna. Det har seinare kome fram at overvakingspolitiet var inne i saka. Var ho spion? Hadde ho blitt tatt av dage? Eller hadde ho store psykiske vanskar som gjorde at ho tok sitt eige liv der oppe i Isdalen?

– Det er umogleg å vite, men sidan ho reiste dei siste dagane, og stadig var i Trondheim, Bergen, Oslo. Ja, at ho prøvde å skjule seg er svært mogleg, seier Tor.

Truleg frå Tyskland eller Frankrike

Politiet konkluderte med sjølvmord. Men det er framleis ingen som veit kven Isdalskvinna var, eller kva som skjedde med henne. I 2016 fann NRK og rettsmedisinar Inge Morild tennene hennar og vevsprøvar frå henne.

Teknologi som ikkje fanst på 70-talet og nye undersøkingar har så langt vist at Isdalskvinna mest sannsynleg vaks opp i Tyskland eller Frankrike.

Steg for steg kjem NRK nærare kven Isdalskvinna var.