edle iversen
Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Han fekk eitt år - eg fekk livstid

Edle Iversen blei seksuelt misbrukt frå ho var ti til ho var tjue år gamal. Tanken på å vera med ein mann er framleis skremmande.

Dørskiltet på huset til Edle Iversen har to kvinnenamn. Sidan ho som tiåring blei utsett for det som skulle bli første av mange overgrep, har ho vore redd for nærkontakt med menn. Ho har alltid ynskt seg eit liv med mann og barn, men det er uaktuelt å bu med nokon som kan minne om overgriparen. Difor bur ho med ei venninne.

Ti år med overgrep har satt djupe spor. Det tok lang tid før Edle forstod kva ho hadde blitt utsett for.

– Eg visste at det som skjedde var feil, men eg forstod ikkje kva eg blei usett for, før eg såg ordet «incest» i ein avisartikkel ti år seinare. Det der skjedde jo med meg, tenkte eg.

Då alt endra seg

Edle iversen

KOM FRÅ EIN 'KJERNEFAMILIE': Før overgrepa starta hadde Edle ein fin barndom. Bilete er teke eitt eller to år før overgrepa starta.

Foto: Privat

Det er våren 1975 i Bergen og Edle har nett fylt ti år. Den dagen som skal endre livet til den unge jenta, er det sol ute. Sola hugsar ho godt, for om få timar skal ein solnedgang bli eit av hennar sterkaste og verste minne.

Ein mann som står familien nær har invitert Edle med på tur i lastebilen sin. Han er i midten av tjueåra og for Edle er han ein tillitsperson. Han er ein ho stolar på og likar å vere i lag med.

Ho har vore med han på tur i lastebilen fleire gonger tidlegare. Ho gler seg, dei to har det alltid kjekt i lag.

Dei skal eigentleg ein tur innom der han jobbar, men i staden for å ta av der han skal, køyrer han den ti år gamle jenta til bustaden sin. Den ligg ikkje meir enn nokre mil unna huset til Edle.

– Me må innom her ein tur, seier han. Edle skjønar at noko er annleis allereie før dei går inn. Der byrjar det som er starten på eit ti år langt helvete.

«Han lukta plutseleg heilt annleis»

Ho er berre ti år gamal og anar ikkje kva sex er, men ho veit at det er noko gale som skjer då han tek av seg kleda og ber ho om å legge seg ned på sofaen og kle av seg.

Han som ho kjenner så godt, blir brått ein ho ikkje anar kven er.

– Han luktar plutseleg heilt annleis. Lukta av han er så innmari sterk. Han pustar heller ikkje slik han plar. Eg veit at han ligg på meg. Eg kjenner det, men det er liksom ikkje han.

Ho ligg på ein sofa og andletet er snudd mot stuevindauget. Ho ser at sola er på veg ned, og at sollyset treffer ei bygning ikkje langt frå bustaden ho er i. Den solnedgangen er på netthinna for alltid.

Medan ho ligg på sofaen er smertene alt ho klarer å tenkje på. Dei overskygger alle andre tankar.

– Smertene kan ikkje beskrivast med ord. Dei var rett og slett uuthaldelege.

Edle Iversen

SAMAN MED FAMILIEHUNDEN REX: På bilete er Edle 10 år gamal og saman med hunden sin Rex. Det var dette året overgrepa mot Edle starta.

Foto: Privat / NRK

«Dette er vår hemmelegheit»

– Det er heilt vanleg at gutane gjer dette med jentene, seier han, før han får den ti år gamle jenta til å love å ikkje fortelje kva som har skjedd til ei levande sjel. – Dessutan vil ingen tru på deg uansett, seier han medan han tek på seg kleda.

Tilbake i lastebilen oppfører han seg som om ingenting har skjedd. På vegen heim tenkjer Edle på blodet i trusa og korleis ho skal klare å skjule det for mor si.

Taina Berg Utnei,

TABU: Sosialkonsulent i SIMSO, Taina Utheim, seier at mange overgrep kunne vore unngått dersom det hadde vore større openheit rundt temaet.

Foto: Privat

Taina Utheim, sosialkonsulent ved støttesenter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO), seier at det er enkelt å få barn til å skjule at dei vert usett for seksuelle overgrep.

Me kom i puberteten og dei andre i klassa byrja å utforska seg sjølve. Eg var allereie ferdig utforska.

Edle Iversen

– Barn er ubetinga lojale mot familie og vaksne tillitspersonar. Me ser at barn som har vore utsett for overgrep som oftast vert truga til å vere stille; «Mamma blir lei seg om du fortel det til ho», «du må flytte vekk om du fortel det til nokon», og «ingen kjem til å tru på deg», er typiske trugslar ifølgje Utheim.

Det syner seg aldri å bli eit problem for Edle å skjule overgrepa. Det blir løyndomen deira i over ti år.

Natta blir tryggleiken

Etter det fyrste overgrepet er Edle livredd for at nokon skal forstå kva som har skjedd. Difor seier ho alltid ja når mannen som forgrip seg på ho inviterer ho med på ting.

Blokkavadmyra

BARNDOMSHEIMEN: Fram til ho var kring 20 år budde Edle i denne blokka på Vadmyra i Bergen.

Foto: Privat

– No bestod livet mitt av å stå opp, bli seksuelt misbrukt og legge meg. Den einaste gongen i løpet av døgnet eg kjende meg trygg var om natta, for då var han ikkje der. Men om dagen var eg livredd. Han hadde jo bil og kunne dukke opp når som helst.

Det varierer kor ofte overgrepa skjer. Nokre veker rører han ho ikkje, andre gonger skjer det fleire gonger i veka. Og overgrepa kan skje over alt. I lastebilen han køyrer, i bustaden hans, på kontoret der han jobbar, ute om kvelden og i huset der ho bur.

Edle får problem med å henge med på skulen og venene ho trefte før overgrepa byrja, er ho aldri med lenger.

At Edle blir meir inneslutta og ikkje lenger er med vener, fører til at mora stadig oftare oppmodar Edle til å vere med mannen som forgrip seg på ho. Ho vil det ikkje, men tør ikkje å la vere. Ingen kan få vite kva som har skjedd.

Ho brukar energien ho har i kroppen på å halde misbruket skjult. Ho er redd og skamfull.

– Seksuelle overgrep er tabu

Om lag 150.000 jenter under 18 år og kring 70.000 gutar vert utsett for seksuelle overgrep i Noreg. Ifølgje SMISO blir mellom fem og ti prosent av barn utsett for seksuelle overgrep.

Taina Utheim fortel at mørketala på seksuelle overgrep er enorme. Ho legg mykje av skulda på at incest og seksuelle overgrep framleis er eit tabubelagt tema i Noreg.

Edle

MISTA UNGDOMMEN: Edle hugsar tida på ungdomsskulen som grufull. – Då dei andre byrja å utforske seg sjølve var eg ferdig utforska. På bilete er ho kring 14–15 år gamal.

Foto: Privat

– Dei som jobbar med barn og unge må ikkje vere redde for å snakke om incest og seksuelle overgrep. Auka kunnskap er føresetnaden for å hjelpe barna og hindre at dette skjer.

Dei tre neste åra gjer Edle alt ho kan for å gjere seg sjølv usynleg. Ho har ingen vener, og no byrjar eit nytt kapittel i livet; ungdomsskulen.

Edle Iversen som no er i 40-åra, sit på stua i sofaen sin og fortel om korleis det var å kome i puberteten. Det blir for tungt og ho må ta ei pause.

– Det var ei grufull tid. Eg høyrde jentene i klassen snakke om deira første kyss og om det å ha sex. Me var jo i den alderen, det var naturleg.

– Medan andre utforska seg sjølve, var eg allereie ferdig utforska.

Ungdomstida har ho mista.

– Han har tatt alt frå meg. På denne tida slit eg enormt med min eigen kropp. Det er som om nokon andre eig meg. Kroppen min er eit monster.

Sitt eige sjølvbilete slit ho framleis med.

– Eg greier knapt å sjå mitt eige speilbilete. Å leve med ein mann har alltid vore utelukka. Eg er livredd menn. Det går greitt med kollegaer, men det stoppar der.

Ho blir trist når ho fortel at det er difor ho ikkje har barn. Det har vore eit stort sakn i livet.

– Kan vere barnet prøvar å fortelje

For Edle var det aldri eit alternativ å fortelje om overgrepa til nokon. Men mange barn prøvar faktisk å fortelje at dei vert misbrukt, seier psykolog Svein Mossige som har forska på seksuelle overgrep.

– Barn har ingen omgrep om seksualitet. Dei skjønar ofte ikkje kva det er dei vert usett for før dei blir mykje eldre. Dei har rett og slett ikkje dei rette orda til å fortelje kva dei blir utsett for, seier Mossige.

Han legg til at det finnast teikn på at barn vert utsett for seksuelle overgrep eller vald i heimen.

– Sjølv om dei ikkje klarer å ordlegge seg har me til dømes sett at ungar i barnehagen har teikna ting som seinare har vist seg å truleg vere ein måte å fortelja om overgrep.

Mossige seier at vaksne som fattar mistanke om at noko er gale, ofte vegrar seg for å spørje barnet om det.

– Det kan jo vere at ein tek feil og det kan føre til at det vert problem mellom foreldre og lærar. Dette er jo eit tema ein ikkje snakkar mykje om i skule og barnehage. Det kan nok føre til at mange overgrep ikkje blir oppdaga.

At overgrepene stogga såg eg aldri på med lettelse. Han hadde hatt så stor innverknad på meg. Eg levde for å tilfredstille andre.

Edle Iversen

«Eg er eit incestoffer»

Då Edle Iversen var 22 år er det ein avisartikkel som gjer at ho byrjar på kampen om ta livet tilbake. Då ho kom i tjueåra vart overgrepa sjeldnare. Ho vart mindre interessant dess eldro ho vart. Til slutt stoppa det.

– Eg var så utkøyrd på det tidspunktet. At overgrepa stoppa såg eg aldri på med lettelse. Han hadde hatt så stor innverknad på meg. Eg levde for å tilfredsstille han.

Ho har aldri høyrt om det før, men då ho les avisartikkelen og ser ordet "incest" skjønar ho at det er det ho er. Eit incestoffer.

Det er no ho tek kontakt med psykologen som skal hjelpe ho i mange år framover.

«Kva om ingen trur meg?»

edle4

OVERGREP STOPPA: Bilete er tatt då Edle er 20 år gamal og rett etter at overgrepa stoppa.

Foto: Privat

Ho hugsar lite av korleis det var å fortelje om overgrepa til nokon. Ho hadde halde på hemmeligheiten i så mange år.

I samråd med psykolog bestemmer Edle seg for å ta ei utdanning. Ho treng noko positivt i livet, noko å fokusere på. Ho tek opp att mange fag og byrjar på lærarutdanning.

Éin dag er noko annleis på kontoret til psykologen. Ein telefon står midt på pulten hennar.

– Ho sat i ein sånn stol, seier Edle og nikkar bort mot ein blå, litt gamaldags lenestol i stua hennar.

– Kva tenkjer du om å ringe og melde han til politiet i dag?, spør psykologen.

Edle og vurderer fram og tilbake kva ho skal gjere. Til slutt ringer dei.

Etter at dei har snakka med bistandsadvokaten veit Edle at ho må fortelje foreldra og systrene sine om overgrepa.

Spørsmåla svirrar i hovudet hennar. Tenk om dei ikkje trur på meg? Kva vil alle tru om meg no?

Høyr Edle fortelje om dagen ho fortalde familien om overgrepa

Høyr Edle fortelle om då ho fortalte familien sin om overgrepa.

Tilståinga

Same dag som Edle melder mannen til politiet, inviterer ho foreldra og dei to eldre systrene sine på middag og fortel alt. Familien trur ho med éin gong.

– Hadde dei aldri nokon mistanke om kva som skjedde?

– Nei. Pappa sa han hadde tenkt at det var litt rart overgriparen ville bruke så mykje tid med meg. Det var alt.

I avhøyr med politiet tilstår mannen alt.

Til NRK seier mannen han angrar på det han har gjort.

– Det eg gjorde var feil, men eg har lagt det som skjedde bak meg for lenge sidan. Dessutan oppmoda eg ho ofte til å vere meir med venene sine, ikkje berre meg, seier mannen i 60-åra som ynskjer å vere anonym.

Edle er enormt glad for at mannen innrømma alt til politiet.

– Tenk på dei som ikkje blir trudd. Samstundes er det jævlig å tenkje på at han berre fekk eitt år i fengsel. Eg fekk livstid.

Nokon gonger vert ho bitter når ho tenkjer på at ingen oppdaga kva som skjedde med ho. Ho nølar på spørsmålet om det kunne vore unngått.

– Kanskje nokon burde ha sett at eg sleit? Men kva skulle dei sett etter? Eg veit ikkje.

Det har vore eit helvete, ein beinhard kamp. Men det er mogeleg å få eit tilnærma normalt liv, sjølv etter noko slikt.

Edle Iversen

«Utdanninga redda meg»

– Livet blei jo ikkje heilt som eg hadde trudd. Eg bur jo med ei venninne og fekk aldri mann og born, seier ho og ser bort på venninna si i sofaen.

Då Edle byrja å gå til psykolog i tjueåra, var det første steget tilbake til kvardagen å ta ei utdanning. Edle hadde sett for seg at neste steg skulle vere å klare å nærme seg menn. Kanskje treffa nokon ho kunne stifte familie med. Men då ho var ferdig med utdanninga si, var ho utruleg sliten.

– Å gå til psykolog samstundes som eg tok utdanning var veldig tøft. Det var hard jobbing. På den tida greidde eg ikkje tanken på å vere med ein mann. Den kampen var eg ikkje klar for å kjempa. Å klare å vere intim med ein mann hadde tatt veldig lang tid. Eit liv med mann og barn er for seint.

– Men trass alt har eg det ok, seier ho og smiler.

Ho fortel at det var utdanninga som lærar som på mange måtar redda livet hennar. I dag er ho klasseforstandar på Vågsøy ungdomsskule i Sogn og Fjordane, ein jobb ho sjølv seier er veldig gjevande.

– Jobben betyr enormt mykje for meg. Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag.

Ho legg til at ho kanskje er meir vaken enn andre når det gjeld å plukke opp signal frå elevar som kanskje ikkje har det bra heime.

– Det har vore eit helvete, ein beinhard kamp. Ein kamp for å tru at eg er verdt noko, at eg får til noko og kan noko. Men det er mogeleg å få eit tilnærma normalt liv, sjølv etter noko slikt.