Emma Astad viser Jonas kva han skal gjere

LÆRAR FOR ANDRE: Jonas (10) får hjelp av Emma (14) til å få spelet sitt til å fungere.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Framtids­­koden

Blir norske barn sinker av å ikkje lære seg språket Emma (14) kan?

Det er tysdags ettermiddag på Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo. Ei jente med ansiktet fullt av vårfrekner er på veg inn saman med faren sin. Ho er heilt tydeleg for ung til å vere student der, men ser likevel ut til å vere godt kjend på bygget.

Fråværet av studentar forsterkar ekkoet av samtalen jenta og faren har. Hendene hennar gestikulerer ivrig medan faren hennar lyttar roleg.

– Brukar de nokon sinne algebra på jobben, spør 14 år gamle Emma Roberts Astad faren sin, Helge, oppgitt.

Ho og faren er midt i ein samtale mange foreldre kanskje kan kjenne seg igjen i: Kvifor må Emma lære seg noko ho hatar?

Emma Roberts Astad

LÆRAR FOR ANDRE: Emma Roberts Astad (14) lærer andre barn eit heilt nytt språk.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

14 år og lærar

Inne i eit stort og lyst klasserom på universitetet sit barn i alderen åtte til ti år på kvar sin PC, i djup konsentrasjon.

Alle er opptekne med å programmere sine eigne spel, eller å kode, som det populært vert kalla. Emma og Helge underviser saman på kodekurs, og no følgjer dei nøye med i tilfelle nokon treng hjelp.

– Fisken vil ikkje vise seg, seier 10 år gamle Jonas.

– Det har skjedd med meg også eit par gonger, fortel Emma medan ho forklarer korleis han kan fikse koden til spelet.

For Emma har ikkje koding noko med matematikk å gjere. Det handlar om kreativitet. Ho har vorte så god i koding at ho underviser andre i det, og synest det er kjekkast når folk treng hjelp for då føler ho seg smart. Elevane ho har er stort sett barn, men ho har også undervist både eldre tenåringar og vaksne i koding.

Emma hjelper Noah med ein vanskeleg kode.

EI HJELPANDE HAND: Emma lærer mest andre barn som Noah (11) å programmere, men av og til underviser ho vaksne også.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

– Barn må få forståing for samfunnet

Torgeir Waterhouse i interesseorganisasjonen IKT-Norge, er så engasjert i det at barn skal programmere at han nesten vert sint når han blir spurt kvifor barn må lære seg koding.

– Det å i det heile tatt stille det spørsmålet er grunn til å lære det.

Torgeir Waterhouse

IKT-NORGE: Torgeir Waterhouse jobbar i IKT-Norge, og er engasjert i Lær Kidsa Koding.

Foto: Pressebilete / IKT-Norge

Waterhouse var ein av dei som starta organisasjonen Lær Kidsa Koding, men ikkje fordi han vil at alle skal bli programmerarar.

– Skulen er smekkfull av ting som ikkje er direkte relevant for yrket ditt, men som vi lærer for å få ei forståing for korleis sentrale element i samfunnet vårt fungerer.

Waterhouse meiner det er fleire fordelar med det å lære programmering, i tillegg til å lære sjølve språket. Ifølgje han kan barn også lære mykje om problemløysing; det å bryte opp store oppgåver til små oppgåver, få umiddelbar tilbakemelding, feilsøkje og kommunisere tydeleg og presist.

No i haust startar Utdanningsdirektoratet eit pilotprosjekt der 53 kommunar får prøve å ha programmering som valfag på ungdomsskulen. Målet er å vekkje barna si interesse for teknologi og realfag. Waterhouse derimot er ikkje nådig når han skal vurdere det som for Utdanningsdirektoratet er ei storsatsing.

– Det er bra dei startar med det på skulen no, men det er altfor seint og altfor lite, seier Waterhouse.

– Blenda av olje

Noreg var det einaste landet utan ein plan for programmering i skulen, då fleire europeiske land var samla i det europeiske skulenettverket European Schoolnet i 2014. 16 land, inkludert Danmark, Frankrike, Polen og Storbritannia, har allereie innført programmering som ein del av skulepensum.

Eg trur vi har vore så blenda av olje at vi ikkje har følt det presset på å handle, slik andre land har.

Torgeir Waterhouse, IKT-Norge

I Storbritannia er programmering obligatorisk for heile grunnskulen. Med hjelp frå kringkastingsselskapet BBC har 1 million 12-åringar fått tildelt kvar sin micro:bit. Det er ein bitte liten datamaskin utan tastatur, men med ein skjerm, eit par knappar og følsame sensorar. Den kan programmerast til å få lys til å blinke, vise kompassretning, telje skritt og mykje meir.

Mikrodatamaskina micro:bit vart delt ut til 1 million skuleelevar i Storbritannia.

STOR SATSING: Ein million 12-åringar i Storbritannia fekk i år tildelt denne mikrodatamaskina, micro:bit.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Klasseskilje i kunnskap

Waterhouse hever stemma og snakkar fortare jo meir engasjert han blir. Han meiner at det å lære barn koding er snakk om eit demokratiseringsprosjekt. Gjennom organisasjonane han jobbar i ser han allereie no at det byrjar å bli eit klasseskilje mellom barn som har foreldre som er interesserte og ikkje, kombinert med tilgang både på fritida og på skulen.

Han er redd for at dette kan føre til store forskjellar mellom folk i framtida, både i arbeidsliv og utdanning.

– Tenk deg at du vil studere norsk, men ikkje kan å skrive i det heile tatt. Slik er det vi jobbar med IT i dag, vi lærer å lese, men ikkje å skrive, forklarer han.

Helge, faren til Emma, ser på det å få programmering i skulen som ein form for digital sløyd.

– Du lærer det minste målet: Å hamre inn ein spiker sjølv.

På same måte meiner han at alle må kunne skrive ein bitte liten kodesnutt.

– Du treng ikkje å bruke det, men det er kjekt å vite korleis det fungerer i alle fall, forklarer Helge.

Emma og Helge Astad underviser barn i koding.

PÅDRIVAR: Det var Helge, faren til Emma, som fekk ho til å interessere seg for koding.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Som far, så dotter

Emma var berre 10 år då faren spurte om ho ville vere med på eit kurs om koding. Det einaste ho visste om det då var at ein brukte det i datamaskiner.

– Det første eg gjorde var å prøve å lage mitt eige spel. I spelet er du ein fisk som må samle bokstavar i havet, og samtidig unngå å bli fanga sjølv av ein robot som jagar deg.

Scratchspelet til Emma Astad

FØRSTE KODING: Emma lagde eit heilt spel første gongen ho lærte seg koding.

Foto: Skjermdump / NRK

Dersom du sit på ein PC kan du prøve spelet til Emma her, det fungerer dessverre ikkje på mobil.

Sidan den gong har ho lagd fleire spel med forskjellige historier, eit interaktivt julekort til tanta si og ein vêrstasjon.

14-åringen er tydeleg påverka av å ha ein far som er ekstra engasjert i at barn skal lære seg programmering.

– Det hadde vore gøy å ha det på skulen, sidan det er noko eg kan.

– Kan ikkje berre dei som er interesserte i programmering lære seg det, og så kan dei som ikkje er interesserte sleppe?

– Det går jo an, men då må fleire bli interesserte. Elles er det nokre få skikkeleg opplyste som kan alt, og som må hjelpe alle andre, svarer Emma.

Inni spelet til Emma

INNSIDA AV SPELET: Spelet Emma har lagd er basert på eit enkelt blokkbasert kodespråk, Scratch.

Foto: Skjermdump / NRK

I takt med tida eller treigt ute?

Kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen er ikkje så uroa som Waterhouse for at Noreg ligg bakpå samanlikna med andre land i Europa. Han meiner pilotprosjektet i seg sjølv viser at Noreg er i takt med tida.

Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsminister (H)

KUNNSKAPSMINISTER: Torbjørn Røe Isaksen (H)

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Dessutan meiner vi at det er viktig at kommunane får nok støtte både økonomisk og fagleg for god innføring av eit slikt fag. Difor vil vi prøve dette i skulen før vi eventuelt innfører det som eit fast fag, seier Røe Isaksen.

Han ser elles inga grunn til lærarar ikkje skal kunne bruke programmering som metode i andre fag som naturfag, matematikk, og kunst- og handverk.

Waterhouse derimot meiner at prosjektet er for treigt, og at tre års prøveperiode er for lang tid. I følgje han burde prosjektet evaluerast og tilpassast årleg, for å kunne henge med.

146 skular får vere med på det treårige pilotprosjektet. Skulen til Emma er ikkje ein av desse.

– Ikkje alle skal bli programmerarar

Vibeke Guttormsgaard i Senter for IKT i utdanninga synest det er viktig å lære barn tankegangen som ligg bak programmering.

– Ikkje for at alle skal bli programmerarar, men for at dei skal skjønne at til og med bussbilletten vår er det nokon som har skrive koden bak.

Vibeke Guttormsgaard viser fram leiker som kan konkretisere programmering.

BARNEHAGEUTSTYR: Vibeke Guttormsgaard ved Senter for IKT i utdanninga viser fram leiker ein kan bruke for å lære programmering i barnehagen.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Ho viser vegen til eit lyst og stort rom så fullt av leiker og duppedingsar at det er vanskeleg å lukke skapdørene. Alt kan programmerast, nokre med meir avanserte kodespråk, andre med veldig enkelt.

Leiker som kan lære barn i barnehagealderen programmering.

LEIK MED PROGRAMMERING: Den gule bia Bee-bot og den vesle treroboten Cubetto kan lære barn i barnehagealderen programmering.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Ein treboks full av kodar

Ein liten og lys trerobot, kalla Cubetto, snurrar rundt på golvet med eit konstant smil. Ved sidan av den er det ein flat treboks med fargerike klossar du kan flytte rundt på i forskjellige innfellingar i treboksen.

Guttormsgaard flytter på klossane for å få Cubetto til å røre seg forskjellige retningar, og forklarer at på denne måten kan barn heilt ned i barnehagealderen lære seg blokkbasert koding, heilt utan skjerm og tastatur.

Helst skulle ho sett at programmering kom inn allereie i barnehagen, fordi det verkar å vere vanskelegare å få barn, spesielt jenter, interesserte i programmering jo eldre dei blir. Guttormsgaard understrekar at alle desse leikene er ikkje naudsynt for å få tankesettet til programmering inn.

– Barn kan også teikne opp ruteark og programmere kvarandre til å for eksempel gå så og så mange steg fram, tilbake eller til sidene, fortel ho.

To jenter programmerer sine eigne spel på ein datamaskin.

JENTER FELL FRÅ: Det er ikkje mange nok jenter som er interesserte i koding, slik som Stella (9) og Fiona (9).

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Lettare latskap

Ei oppglødd Emma hugsar tilbake til då ho i 1. klasse fekk leike mykje meir for å lære ting. Ho skulle gjerne leikt meir i dag også for å lære seg faget ho tykkjer er vanskelegast, matematikk. Ho hatar matematikk.

– Tenk om vi kunne brukt programmering til å løyse algebrastykker, det hadde vore kult, seier ho.

Emma er fullt klar over at å programmere noko som kan løyse mattestykkene hennar kan vere vel så vanskeleg som å løyse stykket sjølv, men tøysar med at ho godt kan gå vanskelege omvegar for å gjere noko som matematikk lettare.

Faren hennar, Helge, skyt inn at det ofte er drivkrafta til veldig mange programmerarar.

– Dei programmerer ting dei ofte ikkje gidd å gjere. Automatgir, for eksempel, seier han.

– Fordi dei ikkje orkar å gire.

– Verda rasar saman

Emma skjønner eigentleg at mykje hadde vore vanskelegare dersom matematikk ikkje eksisterte.

– Det er litt sånn at utan matte så hadde verda rast saman, så eg må nok lære det, sjølv om det er keisamt.

– Kva med alle barna som tenkjer på programmering slik du tenkjer på matte?

– Då kan eg seie at vi må jo ha det, viss ikkje rasar verda saman, akkurat som med matte.

Gut rekkjer opp handa for å få hjelp på kodekurs

BLI OPPLYSTE: Emma vil gjerne at fleire skal bli interesserte i programmering.

Foto: Jean Christine Cena / NRK