Fosse

MED PÅ SEREMONI: Søskenbarna Jan Harald og Øyvind Fosse var 9. mai med då prinsesse Olga Andreevna Romanoff kom til Drammen for å dele ut ein orden til nordmannen Halvard Hasseløy.

Foto: Werner Juvik / NRK

Keisarleg kaos

Keisar Wilhelm II av Tyskland elska Norge. Men elska han også med oldemora til Øyvind og Jan Harald?

Søskenbarna Jan Harald og Øyvind Fosse Hohenzolleren følgjer spent med når prinsesse Olga Romanoff skrider opp kyrkjegolvet. Det er ikkje kvar dag dei får vere med når den påståtte slekta er samla.

Søsken og søskebarn i Fosse-slekta har blitt sabla ned av historikarar og ekspertar på slektshistorie, seinast i ein artikkel i Aftenposten i februar. Men Øyvind og Jan Harald Fosse Hohenzolleren meiner at nye DNA-prøver syner at dei verkeleg kan vere oldebarna til keisar Wilhelm den II av Tyskland.

Ei utruleg historie, med røter attende til den gongen keisaren av Tyskland frå huset Hohenzolleren var verdas mest kjende statsoverhovud. Då hoffet annonserte i Bergens Tidende etter vakre, norske kvinner til å delta på keisaren sine festar. Og dei lyse sommarnettene på Vestlandet var ramma for vorspiel, nachspiel og storpolitisk spel i norske fjordar. I år er det 125 år sidan den siste keisaren av Tyskland sette sin bein på norsk jord for første gong.

Keisar Wilhelm II

TRONA ØVERST: Keiser Wilhelm II om bord i keisarskipet Hohenzolleren.

Foto: Th. Jürgensen / © Fylkesarkivet

I alt 23 gonger tok han med seg sine næraste vener, ministrar og andre høgtståande frå den tyske eliten til Norge. Særleg blei bygdene langs Vestlandskysten eit ynda reisemål. Historien fortel om fjellturar, vandringar, fiske - og ikkje minst festar og ball.

Men skal vi tru medlemene av familien Fosse så skjedde det meir i desse lyse sommarnettene enn det augevitna har fortalt, og det dei tyske avisene sine korrespondentar rapporterte heim om. For frå dei var små fekk dei høyre historia om at bestefar deira, Anders Elias Fosse, var uekte barn av keisar Wilhelm den II av Tyskland. Ein bestefar som vaks opp på Meland i Nordhordland, men med ei slekt som no er spreidd over heile landet.

– Vi hadde denne historia med oss heilt frå eg var liten. For litt over tjue år sidan tenkte eg at eg skulle finne ut av dette, seier Jan Harald Fosse Hohenzolleren.

Jan Harald er taxieigar i Bergen og langt over snittet interessert i slektshistorie. Utan nokon akademisk bakgrunn for det byrja han på ei reise attende i si eiga, heilt spesielle familiesoge. Reisa tok han først ut til den vesle bygda Fosse som ligg i Meland kommune i Hordaland. Der kom han mellom anna i kontakt med ein gamal mann som stadfesta at der ute i bygda kjende mange gamle folk til keisarbarnet.

Anders Elias Fosse

KEISARBARNET: Anders Elias Fosse hadde bilete av keisaren på veggen. Han blei fortalt frå han var liten at faren var keisar Wilhelm II.

Foto: privat

– Eg tenkte umiddelbart på om dette verkeleg kunne vere sant, og om det ikkje berre er ei historie som oppstod av ein eller annan grunn. Eg slo meg til ro med det, men tykte det var heilt utruleg at ute i den bygda også var mange som kjende til vår historie, seier Fosse Hohenzolleren og smiler.

Etter kvart vart fleire i familien kopla på. Det vart oppretta kontakt med den preussiske Hohenzolleren-slekta i Tyskland. Ei slekt som framleis er det næraste forbundsrepublikken kjem eit kongehus, og dei som no er etterkommarane etter keiser Wilhelm II. Rett nok utan moglegheit til noko trone, og med avgrensa støtte i det tyske folket.

– Eg sende ein epost til Hohenzoller-slakta sitt overhovud, Georg Friedrich von Preussen, og hans hoff i Berlin. Det gjekk minst ein månad før eg fekk noko svar, og då i form av ei melding på Facebook frå familien om at dette må vi finne ut av saman. Så byrja dette å rulle.

Ei Facebook-melding blei til fleire, og stadig fleire medlemer av Fosse-familien blei engasjerte. Jan Harald Fosse starta ein diskusjon på Statsarkivet sitt diskusjonsforum, og i time etter time søkte han stadig djupare ned i jakta på det han er overtydd om at er hans stamfar.

– Vi hadde kontakt med dei eit halvt års tid og dei forlangte ikkje nokon DNA-test, noko eg tykte var litt merkeleg. Dei skulle kome til Bergen, men trekte seg to dagar før. Dei var redde for at det skulle bli mykje presse, trur Jan Harald.

Fosse og keisaren

SOM TO DROPAR VATN? Jan Harald Fosse sin son til venstre. Keisaren til høgre.

Foto: Privat

I ettertid har det også blitt hevda at desse Facebook-meldingane er falske, og at nokon har forsøkt å lure Fosse-familien til å tru at dei faktisk var i kontakt med Hohenzolleren-slekta i Tyskland.

Svein Skotheim

AVVISER: Forfattar Svein Skotheim meiner at det er lite sannsynleg at keisar Wilhelm II fekk barn med nokon norske kvinner. Sjølv om ryktene om dette var eit tema då han skreiv boka om keisaren i Norge.

Foto: Erlend Haukeland / NRK

Vi skrur tida tilbake til 1889. Wilhelm var vore keisar i vel eitt år. Og no gjer han endeleg som han vil. På sitt yttarste royale vis set han kursen for landet han har drøymt om sidan han først høyrde dei mektige sagaene om vikingane sitt land. Ikkje minst gjennom den svenske diktaren Elias Tegnér sitt mektige diktepos om hovdingsonen frå Vangsnes i Vik kommune, Fridtjov den frøkne. Ein tekst keisaren kunne utanåt, og gjerne framførte sjølv. 4. juli 1889 set han for første gong foten på norsk jord i Norheimsund i Hardanger.

I alt 23 gonger kom han altså tilbake til Norge, både fordi han elska landet, men også fordi det tyske folket elska historiene som blei sende heim frå det «ariske» Norge. Keisarlege festar i vill og vakker natur fenga, og bidrog til å halde oppe keisaren si rolle som statsmann.

– I Tyskland var det jo daglege reportasjar i mange aviser. Ei avis som Frankfurter Allgemeine Zeitung kom ut med ekstrautgåver enkelte dagar dersom det var ein eller annan episode. Det same skjedde i Köln og i fleire andre store byar. Det var kunstnarar og journalistar med på reisene, og det blei send daglege reportasjar til Tyskland, som igjen blei sende ut i verda. Vi finn jo att reportasjar frå den tida mellom anna i Australia, Canada og i alle verdshjørner, fortel Skotheim.

Han er forfattaren bak hovudverket om keisaren sine 23 reiser til Norge. Få, om nokon, har gått så nøye gjennom den tyske keisaren sine opphald i Norge. Han skildrar korleis keisaren nærast var større her heime enn den ferske, norske kongefamilien frå 1905. Og i alle fall langt meir populær enn den svenske kongen før unionsoppløysinga.

– Keisardømet var på retur og den tyske adelen var på ein rask historisk nedtur. Dei måtte finne noko som legitimerte dei, og noko av det som fascinerte massane var jo dette keisardømet med pomp og prakt. Dette var den store mannen som reiste med sitt keisarskip i norske fjordar. Så bygde han opp mytar, både rundt seg sjølv og rundt desse såkalla nord-germanerane.

At keisaren mest truleg var bifil, om ikkje offisielt, var lenge ein dårleg skjult løyndom i Tyskland. Homofili var ikkje akseptert, og keisaren sin nære ven, prins Philipp Eulenburg, vart tiltalt for dette. Han var med på mange av reisene til Norge, men døydde som ein ulukkeleg mann i 1921.

Hans Dahl sin villa i Balestrand

ÆRVERDIG VILLA: Hans Dahl sin villa blei bygd i 1893 og er i dag i privat eige. Biletet er henta frå eit NRK-program om keisar Wilhelm frå 1980-talet.

Foto: Ole Fretheim / NRK

Etter kvart vart Balestrand i Sogn keisaren sitt favorittreisemål. I avisa Bergens Tidende vart det etterlyst vakre, lyse, ærbare kvinner til å delta på tyskarane sine etter kvart berømte sommarfestar. Anten om bord i keisarskipet Hohenzolleren, eller gjerne i hagen til Wilhelm sin nære ven, kunstnaren og professoren Hans Dahl.

Den kjende kunstnaren var offisersutdanna, men samstundes ein lettliva mann som elska å sosialisere seg med keisaren og hans store følgje. Til tonane frå skipsorkesteret svinga han og keisaren seg rundt med vakre kvinner i hagen på Villa Strandheim. Det mangla ikkje på noko. God, kortreist mat, god drikke sendt med skip frå Tyskland – og ikkje minst vakre kvinner. Også dei kortreiste. Gjerne frå pene familiar i bergensområdet.

– Dei annonserte jo etter høge, vakre, lyse kvinner. Men dette var høgst ærbare kvinner frå Bergen, og dei blei passa godt på. Dei hadde anstand med, forsikrar forfattaren av boka Keiser Wilhelm i Norge, Svein Skotheim.

Men kunne det verkeleg då ha seg slik at keisaren også utførte andre, langt mindre ærbare handlingar under sine opphald i Norge? Var det faktisk slik at han ein gong, eller fleire gonger, hoppa i høyet eller tilsvarande stadar? Og at det faktisk då blei barn ut av det?

Ja, meiner søskenbarna Jan Harald og Øyvind Fosse Hohenzolleren. Sjølv om historikarar og arkivarar totalt har avvist deira påstandar og familiehistorie, så tviheld dei på teorien om at keiar Wilhelm la att andre ting enn berre gode minner under sine besøk i norske fjordar. Men nei, meiner forfattar Svein Skotheim.

– Vi var jo sjølvsagt på jakt etter dokumentasjon på det, og hadde vi funne noko så hadde vi jo brukt det. Men vi fann ingenting. Statsarkivet i Bergen har gått gjennom kyrkjebøker frå ei rekke stader og sett på dei aktuelle tidsromma i dei åra. Men det er ikkje funne nokon uekte barn. At han har vore i nærleiken av ei gift kvinne som då skal ha fått barn, er heilt usannsynleg. Det ville opplagt ha vore kjelder på dette. Vi fann ingen, seier Skotheim.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Tidslinje Keiser Wilhelm» i nytt vindu

Ein stad i Sverige, april 2014. Ein labteknikar analyserer blodprøver frå familien Fosse og ser på DNA-strukturar frå Hohenzolleren-slekta. Den første DNA-prøva Fosse-familien tok var rett og slett for dårleg, innrømmer familien sjølv. Men denne gongen er treffet langt betre. I ein epost til familien skriv analyseinstituttet mellom anna følgjande:

«Ja de har verkeleg interessante slektsspørsmål som vi gjerne vil hjelpe dykk med å løyse. Vi arbeider for tida med å stille spørsmål direkte den attlevande greina, Prins Georg Friedrich Ferdinand av Preussen, i fall han tenke seg å stille opp i ei DNA-samanlikning. Det kjem til å ta litt tid og veit jo ikkje no korleis han stiller seg til dette. Den informasjonen som peikar på YGATHA 11 og Haplogruppe, er sjølvsagt ein indikasjon på at de er i rett retning»

y-Gata og Haplogruppe er tekniske spesifikasjonar innanfor særleg slektsgransking, og seier noko om kor nær - eller ikkje er nær - ei slektsgrein.

To gonger har familien Fosse Hohenzolleren fått utført DNA-prøver for å bevise sitt opphav med den preussiske adelsslekta.

– Eg sit ikkje her og seier at vi er i slekt, men vi har funne noko. Den første DNA-prøva var for svak, men den nye prøva med 101 ulike DNA-markørar syner at vi er i slekt med Hohenzolleren-slekta. Vi har også trass alt ei historie som er over 100 år gamal, seier Jan Harald Fosse Hohenzolleren.

Ein DNA-test med 101 ulike markørar vil gje eit breitt spekter av teikn som kan føre Fosse-slekta nærare Hohenzolleren, og i følgje Fosse-familien ein langt betre test enn den slektsforskaren Arnfrid Mæland fekk utført via ein femmening av Fosse-søskenbarna. I følgje Aftenposten synte testen utført av analyseinstituttet Gena i Stavanger at det ikkje er noko slektskap.

– Den testen var ikkje god nok, den nye testen er mykje betre og gjev eit anna resultat, meiner Jan Harald.

Både han og ei rekkje andre i Fosse-slekta fekk for eit par år sidan godkjend etternamnet Hohenzolleren av folkeregisteret. Nokon av dei brukar det til dagen, andre vegrar seg litt mot den merksemda eit slikt namn fører med seg. Sjølv har Jan Harald teke slektsnamnet i bruk, nesten dagleg.

– Eg ser på meg sjølv som ein heilt vanleg mann og familiefar, men ein som er svært interessert i historie. Når vi då sjølve har ei slik historie i vår eigen familie, så må ein bli interessert og fascinert. Med den historia og familielikskapen som er, så trur eg på det. Men om vi nokon gong vil klare å bevise det 100 prosent veit eg ikkje. Det er mellom anna avhengig av at den preussiske slekta må vere villig til å møte oss.

NRK har vore i kontakt med fleire av dei som fekk godkjend namnet Hohenzolleren, og alle stadfestar at dei trur på det Anders Elias Fosse fekk vite då han var liten - at han var keisaren sin son.

For kva skjedde eigentleg der ute i Nordhordland for over 100 år sidan? Ifølgje kyrkjebøkene var Anders Elias Fosse fødd i 1906 med Anders og Karen som foreldre. Han vaks opp der ute, men var han verkeleg fødd der? Om keisaren skulle vere far hans, så må han i så fall ha vore fødd i 1903 eller 1904. For i unionsoppløysingsåret 1905 så var ikkje keisar Wilhelm i Norge.

NRK har vore i kontakt med fleire, ikkje berre frå Fosse-familien, som hevdar at guten kan ha blitt tiltatt til garden. At små, men uekte barn fekk kome til gardar som var betre stilt, var ikkje uvanleg.

Mor til guten skulle altså ha vore ei vakker, ung jente som keisar Wilhelm la sin elsk på ein vakkar sommardag i 1903 eller 1904. Sjølv fekk i alle fall Anders Elias høyre frå han var liten at det var keisaren som var hans eigentlege far. På veggen heime i stova hang det fleire bilete av keisaren, som guten nok undra seg over kvifor hang der.

– Men vår bestefar var sjølv aldri i tvil om sitt opphav. Eg veit heilt konkret at på 50-talet ville bestemor mi at han skulle gjere noko med dette. Men det blei aldri til.

Jan Harald smiler og ler. Slektsforskarane kan seie det dei vil. For han er det høgst reelt at Europas mektigaste keisar i moderne tid kan vere hans oldefar.

Keiser Wilhelm var 23 gonger i Norge frå 1889 til 1914.

UT PÅ TUR: Kong Haakon (t.v.) var heidersgjest då keisar Wilhelm II inviterte han til avdukinga av Fridtjov-statuen på Vangsnes.


Bedriftseigar Øyvind Fosse Hohenzolleren er på telefon. Mellom mange møter tek han seg tid til å forklare kvifor han trur at det bestefaren fortalde er tilfelle. Eit syn han deler med mange i Fosse-slekta, uansett kva forskarane og historikarane måtte meine.

– Men det er jo ei spesiell historie, og eg kan jo forstå at folk er i tvil. Eg er jo av og til i tvil sjølv. Men vi er heilt trygge på at dette ikkje berre er ei festhistorie. Det er vanskeleg å slåst mot det som står i kyrkjebøkene. Vi skal jo ikkje leggje skjul på at det har vore mykje tvil og tru. Så audmjuke må vi jo vere. Litt av kaoset har vi jo skapt sjølv ved at vi jobbar med å få verifisert det vi kjem med, seier Øyvind Fosse Hohenzolleren.

Kviknes Hotel Balestrand

TURISTSENTRUM: Kviknes Hotel i Balestrand har vore og er framleis eit heilt sentralt hotell i norsk reiselivshistorie. Balestrand var eit svært viktig reisemål for keisaren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For han starta det også med historiene frå han var liten. Få, om ingen i familien la skjul på at den tyske keisaren var far til bestefar. Innimellom blei det snakka om, men ingen gjorde noko meir med det. Slik var det berre i Fosse-slekta.

– Vi vaks jo opp med denne historia frå vi var små. Av og til så kom jo den opp. Første gang eg fekk høyre den skikkeleg var jo frå framande faktisk, frå nokon eg møtte første gong i New York og seinare på ein restaurant på Aker Brygge.

– I New York??

–Ja, det var ein som synte seg å vere ein som var fjern slektning av meg. Han og ein historieprofessor. Dei kjende historia vel så godt som meg.

Øyvind Fosse Hohenzolleren dreg litt på det. Han veit at å hevde nok ein gong at familiehistoria deira er sann er som å banne i kyrkja. Fleire gonger dei siste åra har koplinga mellom bondefamilien frå Vestlandet og den tyske adelen blitt avvist av historikarar. Og Hohenzolleren-familien i Tyskland har heller ikkje vist særleg meir interesse i å bli meir kjende med sine påståtte norske slektningar. Men familien lever i håpet.

– Vi må akseptere kritikken, og det er ikkje noko å leggje skjul at einskilde av oss gjekk litt høgt ut. Og då er det jo klart at ein blir lagt merke til. Vi har vore høgt oppe og langt nede. Eg, min bror og min fetter har jo prøvd etter beste evne å halde familien samla. Eitt eller anna er det uansett med oss. Vi står botnfast på at dei som står oppført som foreldre til min bestefar ikkje er foreldra, slår Øyvind fast.

Det han seier no står i rak motsetning til det som kom fram i Aftenposten i februar. Der beklaga Øyvind det som hadde kome fram i ein oppheta debatt på Statsarkivet sine heimesider om keisar-saka, og at han ikkje i tilstrekkeleg grad hadde sjekka fakta før han byrja å snakke med folk han meiner har lurt familien opp i stry.

– Vi blei veldig ivrige og gjekk for fort fram, det må vi innrømme. Og eg følte eit sterkt behov for å roe ned gemyttane på Statsarkivet sitt forum. Difor skreiv eg det eg skreiv der, seier Øyvind til NRK.

– Men som eg sa til avisa, så har vi ein ryddejobb å gjere. Men det handlar mest om korleis vi framover skal stå fram som familie. Ikkje fordi vi ikkje trur på historia, seier Fosse Hohenzolleren.

Sigurd Kvikne

KEISARSTOLEN: Hotelldirektør Sigurd Kvikne i ein av dei to keisarstolane på Kviknes Hotel. Keisaren forlangte å få sitje i ein av dei når han vitja sin nære ven, Hans Dahl, i Balestrand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bada i vårsola med fjella og Sognefjorden som ei mektig ramme. Kviknes Hotel i Balestrand er på alle måtar eit historisk hotell, i ei bygd som sidan 1800-talet har vore eit populært reisemål.

– Påstår dei det? Ja, ein kan jo ikkje vite heilt sikkert. Det som er sikkert er at keisaren elska å sosialisere seg.

Tredje generasjon hotelldirektør Sigurd Kvikne er ikkje overraska over at keisar Wilhelm framleis er aktuell.

Når hotellgjester frå inn- og utland spør om keisaren, så svarar Sigurd Kvikne gjerne. Fortel om den gongen Balestrand var heitare enn Marbella, og om korleis keisaren og hans hoff av vener, offiserar – og vakre, unge kvinner flokka seg saman i hektiske sommarveker.

– Det eg tykkjer er veldig spesielt er jo at han hadde jo kone og mange ungar. Men familien var berre med på éin tur, og det var ein av dei første Norges-turane. Det blei jo påstått at keisaren la opp til eit så usedvanleg kjedeleg program for kona at ho aldri blei med igjen. Han reiste alltid åleine seinare, saman med denne herreklubben sin. Den bestod av 40–50 intellektuelle som var med for at keisaren ikkje skulle kjede seg. Alle dei aktivitetane som blei lagt opp i samband med kunst, kultur og sport var jo heilt fantastiske.

Hotelldirektøren blir ivrig når han snakkar om keisaren, ikkje minst om det som skjedde då keisaren avduka si gigantomaniske gåve til Norge i 1913. Ein statue av sagahelten Fridthjov. Med sokkel er den 26,5 meter høg og ruvar i ute på neset på Vangsnes i Vik kommune, midt i det mektige Sognefjord-landskapet.

– Under avdukinga av Fridthjov-statuen var det etter sigande minst 15.000 menneske til stades. Tenk all den infrastrukturen, planlegginga og kostnadane dette medførte.

Når keisaren hadde makt til å få reist ein statue i norsk fjordlandskap som i våre tider hadde utløyst demonstrasjonar og sivil ulydigheit, så hadde han kanskje også makt til å gjere vakre kvinner til lags?

– He he, nei det kan vi vel aldri få vite heilt sikkert, gliser Sigurd Kvikne.

Fridtjof den frøkne-statuen på Vangenes

GIGANTISK: Statuen av Fridtjov den frøkne på Vangsnes i Vik. Keisar Wilhelm fekk den bygd som ein takk til Norge. Den vart forma av den tyske kunstprofessoren Max Unger frå 1910 til 1912, og avduka i 1913.

Foto: Ottar Starheim / NRK

På ein trebenk utanfor Håkonshallen i Bergen sit Jan Harald Fosse Hohenzolleren. Den høgreiste bergensaren myser litt mot sola. Forbi oss ruslar eit kjærastepar, heilt uvitande om at på benken sit han som hevdar at han er oldebarnet til den siste tyske keisaren.

– Sjå så like dei er, seier Jan Harald brått og syner fram to bilete. Eitt av keisar Wilhelm som liten gut, og eitt av sin eigen son.

– Det bildet syner jo at sonen min er ein kopi av keisaren då han var liten. Det er ingen tvil. Eg kvapp og tenkte med meg sjølv og tenkte på at familielikskapen var så stor. Det er nesten sånn at det er skremmande å sjå på det, seier Fosse.

Drammen fredag 9. mai 2014. Ved Bragernes kirke står to søskenbarn og gler seg. Klare til å møte prinsesse Olga Andreevna Romanoff, påstått etterkommar etter tsar Nikolai II av Russland. Ho har kome til byen for å dele ut den ein moderne versjon av tsar-ordenen Sankt Stanislaus til evangelisten Halvard Hasseløy.

Jan Harald og Øyvind Fosse Hohenzolleren er invitert til å delta i den høgtidlege seremonien. Kledd i mørk dress, litt nervøse, men samstundes spente på å få møte det dei er overtydde om at er slekta. Denne kvelden betyr ikkje sinte forskarar heime på Vestlandet noko som helst. Kyrkjeklokkene ringer og prinsessa ønskjer dei velkomen inn - i varmen.

Fosse

LEVER I TRUA: SøskenbarnaJan Harald Fosse Hohenzolleren (t.v.) og Øyvind Fosse Hohenzolleren er berre to av av fleire familiemedlemer som lever i trua på at dei faktisk har keisar Wilhelm II som oldefar.

Foto: Werner Juvik / NRK