Stine Øiestad i butikken
Foto: Sander Heggheim / NRK

– Eg var redd han skulle skyte meg

Stine Øiestad (24) vart utsett for det som har blitt omtala som eitt av dei mest brutale butikkrana i Norge i fjor. Allereie dagen etter ranet bestemte ho seg for å ikkje la seg skremme av ranaren som hadde sikta på ho med automatvåpen.

– Det går bra no, men den første tida etter ranet var tøff, seier Stine.

Bak hyller med havregryn, kjøleskap som durar og haugar med epler sit Stine saman med systera Linda (27) på pauserommet. Det var dei to som var på jobb den kvelden to menn med finlandshetter kom springande inn i butikken med automatvåpen i hendene.

Kvittering

Her er den siste kvitteringa som vart skrive ut før ranet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg var veldig redd då det skjedde og frykta at dei skulle skyte meg. Men etterpå bestemte eg meg for at dei ikkje skulle skremme meg, seier Stine.

No er det over sju månader sidan kvelden som starta så vanleg, men enda så veldig anleis enn elles.

Sikta på Stine
20. august i fjor var Stine på nok ei kveldsvakt. Ho skulle jobbe kveldsskift til klokka 22, saman med systera. Sørlendingen kom rett frå stallen og stell av hesten Cayana, som ho brukar mykje tid på.

Klokka er 21.12 då Stine seier hei til ein mannleg kunde. Tre-fire andre kundar står i kø og ventar tålmodig. Ho slår inn ein Coca Cola-boks og ein Red Bull.

– Pose, spør Stine.

Kunden svarar ja og ber om å få betale med kort då inngangsdøra går opp. To menn kjem inn i butikken. Dei har finlandshette og mørke klede på seg. Dei ropar og skrik og den eine kjem bort til kassa. Han kastar ein bag opp på rullebandet og siktar på ho med eit våpen. Det liknar på eit våpen ho har sett på film.

Stine og Linda Øiestad

Stine og Linda på pauserommet i butikken.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Lite pengar å hente
Ranet av Rema 1000-butikken var eitt av dei 121 butikk, kiosk- og bensinstasjonsrana i Norge i fjor. Talet på ran har gått kraftig ned dei siste åra. Faktisk må vi heilt tilbake til 1997 for å finne tilsvarande låge ranstal.

Politiet meiner at overvakingskamera, meir kortbetaling og «cashguard», der pengane er innelåst, er hovudårsakene til at talet på ran har gått ned jamnt og trutt dei siste åra.

Jens Martin Reiersølmoen

Etterforskingsleiar ved Arendal politistasjon Jens Martin Reiersølmoen meiner overvakingskamera og meir kortbetaling gjer det mindre attraktivt å rane butikkar, kioskar og bensinstasjonar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Når det er lite pengar er det ikkje like attraktivt å rane. I tillegg er dei fleste butikkar, kioskar og bensinstasjonar blitt flinke til å køyre ranskurs, seier etterforskingsleiar i Arendals-politiet Jens Martin Reiersølmoen.

Men i Rema 1000-butikken der Stine jobbar var det verken overvakingskamera eller «cashguard» då butikken vart rana.

– Få alt du har. Fort, ropar mannen før han løftar våpenet og siktar på ho.

Stine stivnar og ser på mannen som siktar på ho med automatvåpen. Ho klarer ikkje å gjere noko. Skrekkslagne kundar observerer det som skjer. Ranaren blir irritert, truleg fordi Stine ikkje puttar pengane i bagen, som han bad om. Han går bak kassa, siktar på henne heile tida og sparkar ho i ryggen. Det gjer vondt.

I mellomtida spring Red Bull-kunden ut av butikken. Den andre mannen som står ved utgangsdøra blir stressa og ropar eitt eller anna til mannen som står og siktar på Stine. Så spring dei. Utan ei krone. Dei etterlet seg ei livredd Stine Øiestad, og sjokkerte kundar.

På veg ut slår og sparkar dei ei gravid kvinne.

Det er slik Stine hugsar dramatikken som utspann seg ganske nøyaktig klokka 21.14 denne onsdagen.

– Kjende ho ikkje att
– Alt gjekk så fort. Det var over på få sekund, seier ho.

Etter at ranarane hadde sprunge ut av butikken var det første ho tenkte å gi beskjed til systera. Ho tenkte aldri på å ringe politiet sjølv. Stine la på sprang mot lageret der ho møter systera i døra.

– Eg kjende ho nesten ikkje att. Ho hadde ikkje farge i ansiktet. Eg har aldri sett ein person slik før, seier Linda.

Det var ho som ringde politiet. Tankane fauk i alle retningar og i staden for å ringe 112 ringde ho 02800, men ho kom fram.

Væpna politi var på plass kring 15 minutt seinare. I mellomtida samla Stine og Linda alle kundane som var i butikken.

Framleis på frifot
Politiet bar våpen, hadde med seg hund og sette i gang jakt etter dei to ranarane. Bag, finlandshetter og våpen vart seinare funne berre kring hundre meter unna butikken. Det gjorde at politiet sikra seg DNA-spor. Likevel har dei ikkje funne ranarane og saka er henlagt.

– Vi har brukt mykje ressursar på dette. I tillegg var det ikkje overvakingskamera i butikken. Vi har ikkje fått match på DNA-spora vi har, seier etterforskingsleiar Reiersølmoen.

Han sit på kontoret sitt på politistasjonen i Arendal sentrum. På bordet føre han ligg ransvåpenet. Det var ikkje eit ekte våpen, men det ser ekte ut.

– I ein ransituasjon er det nærast umogleg å sjå skilnad på eit ekte våpen og ein softgun. Det er eit problem når slike våpenkopiar blir brukte til å true folk, seier han.

Politiet har tidlegare bede om forbod mot softguns og våpenkopiar fordi mange av dei ser ekte ut og kan skape frykt.

Jens Martin Reiersølmoen.

Jens Martin Reiersølmoen i Arendals-politiet viser fram ransvåpenet, som viste seg å vere ein våpenkopi.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Klarte ikkje å prate
Politiet sperra av området og sette i gang teknisk etterforsking. Samstundes vart dei to systrene køyrde til sjukehuset i Arendal der dei vart undersøkt. Dei sat i samtale med psykolog då politiet banka på døra og bad dei bli med til politistasjonen for avhøyr.

– Det var rart å sjå deg på politistasjonen då vi var i avhøyr. Du klarte knapt å prate utan å byrje å gråte. Men du reiste deg raskt. Ho er ei sterk jente ho her. Lille, søte lillesystera, seier Linda.

Overvaking

Det vart sett opp overvakingskamera i butikken etter ranet. På skjermen kan dei tilsette sjå kven som kjem inn i butikken.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– For meg trur eg det var det viktig å komme raskt tilbake til kvardagen, fortel Stine.

Korleis ein reagerer etter å ha blitt utsett for ran er individuelt. Professor og stressforskar Are Hole ved NTNU har jobba med ei rekkje ransoffer og har sett mange ulike reaksjonar.

– Under ranet vert dei aller fleste relativt skrekkslagne. I etterkant blir ein del redde for mørkret, for kva som befinn seg bak lukka dører og frykt for at nokon kjem igjen, seier han.

Professoren understrekar at det er viktig å prate om det som har skjedd etter eit ran.

– Det er viktig med sosial støtte frå næraste familie og frå arbeidsplassen. At det blir vist forståing for at ein har vore i ein uvanleg belastande situasjon. Det verkar godt og lindrande. Dersom det heng i noko meir enn 3-4 veker, så bør ein ha profesjonell hjelp, seier Hole.

Skeptisk til å gå på jobb igjen
Både Stine og Linda var tilbake i jobb berre fem dagar etter ranet. Dei jobba kveldsvakt, som dei gjorde då butikken vart rana. Dei to første vekene etter ranet var det Securitas-vakt med på alle kveldsskifta.

Mobil

Både Stine og Linda fekk sms-ar frå vener og kollegaer som lurte på korleis det gjekk med dei.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg var litt skeptisk til at eg skulle jobbe kveldsvakt og eg såg litt ekstra på kundane som kom inn. Etter klokka 19 var vi begge i kasseområdet heile tida. No går det bra, men i starten var det litt småekkelt, seier Stine.

Systrene har sluppe unna dei verste reaksjonane etter ranet. Dei er ikkje redde for å vere aleine, dei er ikkje redde for mørkret, men dei kan innimellom vere på vakt overfor mistenksomme kundar.

Dei dreg fram støtte frå både familie, vener og kollegaer som viktig for å komme raskt tilbake til kvardagen. Same kveld som ranet skjedde rann det inn med sms-ar frå uroa kollegaer. «Tenker masse på dere, jenter» og «Håper dere er ok. Ring meg om du vil snakke. Klem», er dømde på meldingar som tikka inn.

I tillegg fekk dei mange meldingar på Facebook frå slektningar og vener som lurte på korleis det gjekk med dei.

Fekk ranskurs
Søskenparet studerer vaktlistene som heng på døra inn til pauserommet. Stine jobbar berre kveldsvakter, medan Linda jobbar på dagtid. Inne på sjølve pauserommet heng det fleire ark med informasjon om kva du skal gjere om du blir utsett for ran. Det er eitt av tiltaka som er sett i verk etter ranet.

To gonger var Stine i samtale med psykolog i etterkanta av ranet. Ho føler ho har fått god oppfølging og støtte frå kollegaene på Rema 1000.

– Eg trur det var viktig å komme raskt tilbake i kvardagen, seier 24-åringen.

Professor Hole har også tru på at ranskurs har ein effekt. Der lærer ein mellom anna å ikkje gjere motstand, og gjere det ranaren ber om.

– Det gjer at ein er budd på ein heilt annan måte. Ein kan få ei kjensle av kontroll i slike stressa situasjonar. Det kan gjere at ein kjem raskare tilbake, seier han.

Stine og Linda Øiestad i stallen

Stine og Linda (t.h.) i stallen dei brukte mykje tid i etter ranet.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Dyrka hestehobby
For Stine og Linda har også hestehobbyen vore viktig i tida etter ranet.

Vi parkerer bilen utanfor Arendal og Grimstad rideklubb i Grimstad. Sola skin og vi høyrer fleire hestar som kneggar i bakgrunnen. I handa har Stine ein pose med gulrøter.

På veg inn i stallen ser vi ei dame som spar møk frå ein av båsane. Ein annan leier ein av hestane ut for ein luftetur. Dette var fristaden, spesielt dei første dagane etter ranet.

Stine og hesten

Stine saman med hesten Cayana i stallen i Grimstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er alltid godt å komme i stallen. Den første dagen etter ranet var vi her begge to. Vi snakka ein del om det som skjedde, men samstundes får du tankane bort frå ranet, seier Stine.

Hesten Cayana gumlar på gulrøter. Dei går ned på høgkant og posen er snart tom.

– Ranarane verka veldig nervøse, eller kanskje dei var rusa. Eg veit ikkje. Dei forsvann fort når ein av kundane sprang ut. Dei var sikkert redd for at kunden skulle ringe politiet, seier ho.

Stine klappar hesten sin. Ho er ikkje redd for at ranarane skal komme tilbake. Redsla for kveldsvaktene er borte. Syskenparet har følgjande melding til ranarane, som framleis ikkje er tekne:

– Det er frykteleg unødvendig å påføre folk ei slik påkjenning for så lite. For det det var jo berre nokre få tusen kroner i kassa. Det er dårleg gjort, men vi skal ikkje la oss skremme, seier dei.