Ottar Wiik

«STATISTIKKVISAS FAR»: – Så lenge Sogn og Fjordane tek vare på særtrekka sine, vil den teksten stå seg. Så eg får nesten håpa at me held fram med å vera litt spesielle her, seier Ottar Wiik om den kjende visa om det statistiske avvikarfylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

20 år og like treffande

Ottar Wiik ser det særmerkte i livet langs vestlandsfjordane, som me andre har sett oss blinde på. Slikt er det blitt klassiske viser av, om kvardagar mellom regnbyer, rundballar og statistiske avvikarar. I år er det 20 år sidan «Statistikkvise» kom ut på plate.

– Dikting skal etter tradisjonen handla om havet, døden og kjærleiken, men som alle forstår, er det store rom innimellom, og i dei romma har eg funne tema som er verdt å lyfta fram.

Ottar Wiik sit i stova si i Vik. NRK har spurd han om å fortelja om «Her langs fjorden», ei plate som i år er tjue år gamal, men som framleis kjennest nærverande, og som har gjort Wiik til ein høgt skatta visemakar.

«Eg har levd 56 av mine 63 år i fjordbygder. (...) Det kjem ein sjølvsagt ikkje umerka frå.»

Ottar Wiik, om ballasta

Kan visene på rams

Ottar Wiik-CD

STERK VESTLANDSIDENTITET: I over 40 år har Ottar Wiik skrive viser om folk og fe langs vestlandsfjordane. 21 av desse kom med på plata «Her langs fjorden» i 1995.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Som ei slags programerklæring kan eg hengja meg på gode gamle Ivar Aasen, når han seier at:

Heppen den, som var so hæv,
at slik ei Gaava han aatte
og kunde gjera so gilde Stev,
at Folket læra deim maatte

Folk har lært seg visene til Ottar Wiik: «Fø da står i statistikkjen, og då må da vera sant!» er berre eit av refrenga som sit spikra i skallen til mange. Og der finst ungar kan visene hans på rams.

I over førti år har sivilarkitekten og kommuneplanleggjaren, fødd på Eidslandet i Vaksdal kommune i Hordaland, laga og sunge viser om folk og fe langs vestlandsfjordane. 21 av dei blei samla på «Her langs fjorden» i 1995. Det livet han skildrar på plata, handlar om sauer og rundballar, ferjekaiar og parabolantenner, innflyttarar, heimfødingar og statistiske avvikarar, blant mykje anna.

– Eg er oppvaksen i eit fjordlandskap og har levd 56 av mine 63 år i fjordbygder. Nokre år har eg hatt i sjølvvald eksil i Trondheim og eit år i USA. Men elles har eg budd her langs fjorden. Det kjem ein sjølvsagt ikkje umerka frå, seier Wiik.

Kvardagsleg løye

Skarp observasjonsevne og ein velutvikla sans for det kvardagsleg komiske blir gjerne trekt fram som to kjenneteikn ved visetekstane til Wiik. Han ser det sermerkte i det me andre ikkje lenger får auge på.

– Eg har mykje moro av å betrakta det humoristiske i ein del forhold rundt oss. Eg spelar meg med ord og har gjerne litt andre innfallsvinklar enn det som er vanleg, og slikt kan det bli vers av.

I «Statistikkvise» er det ei linje «Her leve me te me vert gamle, og somme mesta vel so da». Den siste delen av setninga var ein seiemåte Wiik hadde snappa opp i heimbygda, der ein eldre kar hadde dette som fast uttrykk.

– Eg har grådig sans for slike seiemåtar, som folk har lagt seg til.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jens Brekke

KLASSISKE VISER: – Ottar Wiik ser verdien av livet langs fjordane. Han greier å setja ord på det, og tone til òg, og lyfta det opp, seier Jens Brekke, kulturarbeidaren som har samarbeid med Wiik sidan byrjinga av 1980-talet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ei kjærleikserklæring

I visene kan Wiik finna på å sjå med skrått blikk på både heimfødingmentalitet og haldningar til innflyttarar, som i «Tale til innflyttaren»:

Du trur du kan komma her

Og meina i hytt og ver

Kar skapet ska sta

Kar vegen ska ga

Kar hunden ligg graven ned

Lat hunden vår liggja i fred!

«Visene til Ottar er blitt klassiske, rett og slett.»

Jens Brekke, om ottar Wiik sin musikk

– Samstundes som Ottar maktar skildra noko som er typisk ved einskilde vestlendingar, er visene på same tid ei djup kjærleikserklæring til folka langs fjordane, som han har stor respekt for, seier Jens Brekke.

Kulturarbeidaren i Vik har arbeidd mykje i lag med Wiik sidan sistnemnde flytta til sognebygda i 1980. Saman har dei halde konsertar, vore programleiarar og stått bak - saman med fleire andre - musikalske oppsetjingar av diktinga til mellom andre Ivar Aasen, Per Sivle og Jakob Sande.

Heller enn fjonge konsertsalar, har den naturlege arenaen for desse framsyningane – og for visene til Wiik – vore ungdomshus og nedslitne gymnastikksalar.

– Der kjenner me oss heime. Eg har òg trong til å seia at eg er sterkt knytt òg til det språklege og kulturelle på Vestlandet. Eg kjenner meg veldig sterkt som ein vestlending. Det er eit val som ligg i tittelen på cden - «Her langs fjorden» - nemleg å bu i det nynorske kjerneområdet. Det kjenner eg er rett for meg, seier Wiik.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ottar Wiik sitt band

MUSIKKVENER: Innspelinga av «Her langs fjorden» var eit dugnadsprosjekt med gode musikalske vener frå Vik, seier Ottar Wiik. Frå høgre: Jostein Fjærestad, Agnes Fosse Refsdal, Jens Brekke, Gunn Karin Aase, Morten Midlang, Wiik, Øivind Netland og Øyvind Lyslo frå Førde.

Foto: Pressefoto

Klassiske viser

Sjølve plateinnspelinga i 1995 fann stad i NRK Sogn og Fjordane sitt studio i Førde, med Brit Jorunn Svanes som teknikar, og var – slik Wiik sjølv skildrar det – eit dugnadsprosjekt med gode musikalske vener frå Vik: hardingfelespelar Jostein Fjærestad, songarane Agnes Fosse Refsdal og Gunn Karin Aase, multiinstrumentalist Morten Midlang på bass, dåverande organist i Vik, Øivind Netland, på piano, tidlegare nemnde Brekke på trekkspel og song, og Wiik sjølv på song og gitar, forutan gitarist Øyvind Lyslo frå Førde som bidrog på nokre viser.

– Dette var litt bakpå den store visebølgja, men sjølv om bølgja var dalande, overlevde ein del av visene til Ottar like fullt. Når ein møter folk i Sogn og Fjordane i dag, kan ein oppleva at dei brukar strofer frå til dømes «Statistikkvise» eller «Smalavise», utan å heilt vera klar over kvar det kjem frå. Visene til Ottar er blitt klassiske, rett og slett, seier Brekke.

– Kva er det med tekstane som gjer at dei festar seg?

– Dei inneheld ikkje dette vanlege «Jeg sitter her på hybelen og lengter etter deg.» Nei, tekstane er så utspekulert grundige. Orda dett ikkje ned i vill rekkefølgje. Ottar systematiserer og flyttar på ord til han nøgd, og det kan gå lang tid, for det skal bli perfekt. Difor kan du høyra tekstane og til stadigheit og få nye aha-opplevingar. Det er det som gjer at dei har så høg kvalitet, seier Brekke.

Laga på reise

Det er knytt mange historier til korleis visene til Wiik er blitt til. Brekke hugsar spesielt to, som «Tale til innflyttaren»:

Ottar Wiik sitt konsertprogram

HISTORISK: Konsertprogrammet frå lanseringskonserten til «Her langs fjorden» i Oslo i 1996.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I mange år prøvde vikjene å få plassert ein idrettshall. Bygda var delt i to, og eg trur det nesten verserte tjue alternativ. EU-kampen bleikna i forhold denne idrettshallstriden. Ein dag var Ottar i skiløypa, og då kom det ein kar bort til han og snakka han til rettes i saka: «Du er innflyttar. No skal du høyra kva du skal meina. Det er nemleg det me meiner, me som bur her», fortel Brekke.

Eit anna muntert minne er om korleis «Rundballevise» kom til – ein ferjetur på Fjærlandsfjorden og ei urframføring tidleg ein søndag morgon.

– Ottar var på veg heim til Vik ein laurdagskveld, men dette var før det var veg til Fjærland frå Sogn. Han måtte difor overnatta i bygda. Om kvelden hadde han luffa rundt, og i Fjærland hadde dei ikkje mange siloar i den tida. Dei hoppa litt over siloperioden og rett på rundballane. Kulturlandskapet der var difor dekorert med kvite plastballar, noko som ikkje var vanleg elles i Sogn. Så på søndagsmorgonen kom han køyrande heilt sprekkeferdig opp til meg: «Eg må syngja til deg», sa han, og det var «Rundballevise», heilt nyskriven på ferjestrekninga Fjærland-Hella-Vangsnes.

Og nettopp på reiser, som på Fjærlandsfjorden, har påfallande mange av Wiik sine viser kome til, som den vesle stubben «Heimfødingsvisa»:

Uti veræ et dei snigl og kreps og chips,

og går på restaurant i dressjakka og slips.

Heima et me da me kadla,

heimelaga raspebadla.

– Den visa skreiv eg faktisk på flyet heim frå eit opphald i USA i 1975. Og «Smalavise» skreiv eg på ein båttur frå Modalen til Bergen i 1976. Eg blei så «tåtulla» av skrivinga at eg heldt på å ta feil båt på Vikanes og kunne ha hamna ein heilt annan plass enn eg skulle, humrar Wiik, som minnest at han gjorde det siste verset ferdig på ein kafé i Bergen.

Ei barndoms åre

Gleda av å skapa har Wiik hatt i seg frå han var ung.

– Frå ungdomen av har eg nok hatt eit uttrykksbehov. Eg teikna og måla mykje i barneåra og byrja etter kvart å laga små vers. Då eg studerte i Trondheim, skreiv eg ein del viser og vers, så eg har nok alltid vore eit skrivande menneske. Det er språket som har vore min arena. Eg har laga mange melodiar, men dei har eg laga for å bera fram ein tekst.

– Kva musikk inspirerte deg til å velja visa som uttrykk?

– Eg var skikkeleg glad i Salhuskvintetten i si tid. Bob Dylan har eg hatt som eit stort førebilete og helt. Vømmøl-musikken var ei fantastisk oppleving då han kom.

– Går det òg ei linje attende til Ivar Medaas?

– Ja, Medaas var ein stor mann i mi barndoms musikkverd, og han var ein eg sette umåteleg pris på. Mange i min generasjon blei begeistra for The Beatles og The Rolling Stones, men dei gjekk ikkje heilt inn hjå meg, kan eg innrømma. Eg ser dei store musikalske kvalitetane deira, og eg har stor glede av Beatles i dag, men i ungdommen var det ikkje dei som fanga meg, men derimot den tidlege Bob Dylan.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ottar Wiik

OMTYKT 20 ÅR ETTER: – Stundom møter eg folk som seier at dei kan visene mine. Det gler meg stort. Då tykkjer eg det har vore bryet verdt, og vel så det, seier Ottar Wiik, som gav ut plata «Her langs fjorden» i 1995.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Systematisk kreativitet

Ottar Wiik har gått ned i kjellarstova si, har lyfta nylonstrengaren sin opp frå gitarkassen, hengt han rundt halsen i ei raud, velbrukt reim og prøver no ut eit par akkordar. Truleg utan å tenkja seg om byrjar han å introdusera visa han skal framføra – slik han har for vane å gjera på sitt fyndige vis når han er ute å spelar for folk. Det er visa om den tyske privatflygaren Matias Rust som landa på Den raude plassen i Moskva og starta «ruståtaket på det såkalla Jernteppet», for å bruka Wiik sine eigne ord:

Dar e’ eit hol

Eg kan sjå eit hol

I Jednteppe e’ dar eit hol

Kan du sjå ka da e’

Da må vera Rust, da må vera Rust, da må vera Matias Rust

– Det var ei Guds lukke at Ottar kom til Vik. Eg oppdaga tidleg at det var ein imponerande kvalitet i alt han tok seg til med. Det var så gjennomarbeidd og gjennomtenkt og samstundes kreativt. Oftast viss folk er kreative, er dei på same tid nokre rotekoppar. Men Ottar meistrar å kombinera det systematiske arbeidet med stor kreativitet, seier Brekke.

Nye viser

Visa om Matias Rust tonar ut i kjellarstova. Wiik blar seg gjennom ein ringperm med visetekstar, kåseri og revytekstar. Han stoggar opp ved ein eldre visetekst, «Kampsong for nynorske lærebøker», som blei mykje brukt under aksjonen for å få lærebøker på nynorsk på byrjinga av 1970-talet, ein aksjon Wiik var med på å organisera og gjennomføra.

– Dette arbeidet var formande for meg. Me opplevde at styresmaktene ikkje gjorde det dei hadde lova og ikkje gav oss det me hadde rett på. Me måtte ta sakene i eigne hender, og det viste seg å hjelpa. Så eg er litt stolt over at eg var med på det. Dessutan lærte eg kva vilkår nynorsk har i landet, at det er naudsynt å kjempa. Er du minoritet, må du stå opp for interessene dine. Elles blir dei overkøyrde.

«Får ein ha helsa og levedagane, er det enno mange tema innimellom havet, døden og kjærleiken som ventar på ei vise.»

Ottar Wiik, om nye viser

– Du har skrive viser i over 40 år, og mange av dei er framleis i bruk. Korleis kjennest det når du høyrer «Statistikkvise» eller «Staren syng utom glaset» blir spelt på radioen?

– Då tenkjer eg at eg har fått til noko som har verdi utover augneblinken. Og av og til møter eg folk som seier at dei kan mange av visene mine. Det gler meg stort. Då tykkjer eg det har vore bryet verdt, og vel så det.

– I år er det 20 år sidan di så langt einaste plate kom ut. Mange lurer på om det om det finst fleire viser som det kan vera aktuelt å gi ut?

– Ein kan ikkje utelukka noko, men det vil nok ta noko tid å samla i hop og laga nokre fleire viser. Men etter 1995 har det kome til viser som kunne ha tolt dagslys. Eg kan ikkje lova noko, men får ein ha helsa og levedagane, er det enno mange tema innimellom havet, døden og kjærleiken som ventar på ei vise.