Etter tysdagens Brennpunkt «Berre ein polakk» har mange nordmenn engasjert seg i å få tatt saka opp på ny og hjelpe ofra for husbrannen i Drammen der sju polske arbeidarar omkom i 2008.
Thomas Benestad vil freiste å få saka opna på ny.
Foto: NRKThomas Benestad var dei pårørande sin bistandsadvokat under rettssaka i 2009 og like etter filmen tok han kontakt med dei tidlegare klientane sine.
– Eg sende ein e-post og tilbaud min bistand for å få saka opna på ny, fortel Benestad.
Han sende og eit brev til huseigar sitt forsikringsselskap etter opplysningar som kom fram i Brennpunkt-programmet.
– I filmen kjem det fram at Jaroslaw Jankowski er varig ufør og får ikkje utbetalt pensjon i Polen, fordi han ikkje har vore lenge nok i arbeid. På bakgrunn av desse opplysningane har eg sendt eit brev til huseigar sitt forsikringsselskap, Gjensidige, og bedt dei å opne saka att og vurdere å betale ytterlegare erstatning til Jankowski, seier Benestad.
Les også:
- Dødsbrannen vi gløymde
- Qvigstad: Ville vore annleis om de var norske
- – Det ikkje lenger likskap for loven i Noreg
Nytt håp i Polen
Jaroslaw Jankowski redda seg ut frå det brennande huset ved å hoppe ut eit vindauge i 2. etasje. Han vart hardt brannskadd over heile kroppen og låg i koma i tre veker. I dag lever han for 1000 kroner i månaden som han får i sosialstøtte.
Jaroslaw fekk utbetalt 200.000 kroner i erstatning frå forsikringsselskapet til huseigar etter brannen, men Benestad meiner dette er for lite ut frå dei langsiktige konsekvensane brannen har fått for Jankowski.
Jolanta Rydzynska ynskjer å saksøke den norske stat for handteringa av dødsbrannen i Drammen.
Foto: Tore Vollan / NRK– Vi er svært positive til å få bistand frå Benestad, seier Jolanta Rydzynska, som mista mannen sin i brannen.
Brennpunktfilmen har blitt omtalt i polske medier og Jolanta seier den har gjeve eit nytt håp for dei pårørande og ofra i Polen. Dei ynskjer no å saksøke den norske stat for handteringa av dødsbrannen i Drammen, men treng norsk advokathjelp for å fremje ei slik sak.
– Først vil vi freiste å få saka opna på ny. Om vi ikkje lukkast med det vil vi vurdere om vi kan gå vidare med saka på annan måte, seier advokat Thomas Benestad til dette.
Norsk innsamlingsaksjon
Filmen har også vekt stort engasjement blant norske sjåarar. Fleire har tatt kontakt fordi dei vil hjelpe dei pårørande både med pengar og til å få saka tatt opp på ny.
På måndag startar eit arbeid på bistandsadvokat Benestads kontor med å få formalisert innsamlingsaksjonen.
Jaroslaw Jankowski vart hardt brannskadd over heile kroppen og låg i koma i tre veker. I dag lever han for 1000 kroner i månaden.
Foto: Tore Vollan / NRK