I ein barnehage sit ein fireåring i «tenkestolen». På ein skule har ein åtteåring fått kort der det står «BRA». På ein ungdomsskule står det øvst på ein plakat: «Vi skal ikkje mobbe andre».
Norske kommunar har i årevis bestilt ulike program som skal gjere barnehagar og skular betre for barna. Kortstokkar, kurs, punktlister, plakatar, seminar og samlingar.
Sidan 2000-talet har Noreg brukt over ein kvart milliard kroner på ulike antimobbe- og skuleprogram.
Det finst inga oversikt over kor mange slike program som får støtte – eller kor mange som finst.
– Det er misforstått at vi treng slike program
Birgitte Fjørtoft har jobba nesten heile sitt vaksne liv i barnehage. Tolv år til saman, ti av dei som pedagogisk leiar.
No gjer ho ikkje det lengre. I fjor haust stilte ho seg spørsmålet:
– Kvifor har eg studert barnehagepedagogikk i fem år – om eg skal følgje eit opplegg laga av nokon som ikkje har det?
Program, kompetansepakkar, idébankar, oppskrifter og modellar. Som pedagogisk leiar fekk ho tilbod om mellom 12 og 15 ulike opplegg frå offentlege og private tilbydarar.
– Vi har sagt frå høgt og mange gonger at vi treng fleire folk og meir kompetanse. Det er frustrerande når ein ser kor mange millionar som har blitt brukt på desse programma, seier ho.
Tilrår å flytte millionstøtta – for tredje gong
Ei intern utgreiing viser at frå 2004 til 2020 har Utdanningsdirektoratet betalt i overkant av 58 millionar kroner til eigarar av ulike læringsmiljø- og antimobbeprogram. Årleg er potten no på 4,5 millionar.
Helsedirektoratet har på si side gitt tilskot for vel 205 millionar kroner i perioden 2013 til 2022 for å styrke arbeidet med psykisk helse og mot mobbing.
Utgreiinga viser også at direktoratet gong på gong har tilrådd å flytte støttepengane som går direkte til eigarar av ulike læringsmiljø- og antimobbeprogram.
Først i 2011. Så i 2020. Sist i 2023, året der det vart registrert nye mobberekordar i den norske skulen.
Avdelingsdirektør Atle Teksum i Utdanningsdirektoratet seier til NRK at tilrådinga deira først og fremst handlar om ein meir heilskapleg bruk av midlane.
– I Elevundersøkelsen i år svarer 35.000 elevar at dei har opplevd å bli mobba. Då må tiltaka våre først og fremst støtte den systematiske og kontinuerlege innsatsen.
No tilrår dei Kunnskapsdepartementet å flytte pengestøtta direkte til kommunane og skulane, framfor å støtte ulike program som skulane kan kjøpe frå ulike universitet og forskingsmiljø.
Divisjonsdirektør for kompetanseutvikling Bjørn Lescher-Nuland i Utdanningsdirektoratet presiserer at de framleis vil leggja til rette for at kommunane jobbar systematisk med barnehage- og skulemiljø.
– Vi meiner dette blir gjort best ved å støtte arbeidet gjennom breie ordningar, og ikkje gjennom ei øyremerking til program, seier han.
Professor: – Tilliten tilnærma null
Utdanningsdirektoratet har ikkje oversikt over kor mange standardiserte program som finst der ute.
Men professor i pedagogikk Solveig Østrem ved Oslomet gir eit estimat.
– Det må vere fleire hundre ulike program. Det er sterke aktørar bak dei, og sjølv om dei fleste jobbar i det offentlege er logikken grunnleggjande kommersiell.
Ho er sterkt kritisk til både utbetalingane og bruken av standardiserte læringsmiljø- og antimobbeprogram i norske skular og barnehagar.
– Eg er i kontakt med massevis av lærarar og barnehagelærarar om dette. Dei er slitne av å få desse programma trykt nedover seg, seier ho.
Østrem meiner situasjonen er alvorleg i lys av dei låge søkjartala til lærar- og barnehagelærarutdanningane det siste året.
– Utdanningsdirektoratet seier frå igjen og igjen om at dei ikkje vil støtte desse programma direkte. At det framleis blir betalt millionbeløp til dei, tyder på at tilliten til lærar- og barnehagelærarprofesjonen er liten, seier ho.
– Vil sjå tilrådingane i samanheng
NRK har spurt Kunnskapsdepartementet om kvifor dei ikkje har flytta støtta, slik Utdanningsdirektoratet tilråder.
Statssekretær Kjetil Vevle (Ap) skriv til NRK at dei framleis ventar på nokon svar frå direktoratet.
– Direktoratet har også fått eit større oppdrag om å gå gjennom og samordna dei eksisterande tiltaka me har for å styrkja heilskapen i arbeidet med inkluderande, trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Me vil få Utdanningsdirektoratets svar på oppdraget i løpet av året og sjå alle desse tilrådingane i samanheng, seier han.
Nok tilsette er viktig, men ikkje nok
Regjeringa har nyleg lova 35 ferske millionar til kamp mot mobbing. Pengane går mellom anna til statsforvaltarane for å få bukt med klagekøen frå foreldre, og lokale beredskapsteam for skular som slit med skulemiljøet.
Ti av millionane går også til å styrkja «Læringsmiljøprosjektet», ei ordning der skular kan få støtte og rettleiing til arbeidet med skulemiljøet.
– Kvifor treng skular og kommunar ekstern hjelp?
– Me ser dessverre ein auke i både mobbetal og talet på saker hos statsforvaltarane. Det er veldig alvorleg at barn og unge ikkje har det bra på skulen og at så mange opplever at skulen ikkje klarer å løysa problemet sjølv. Då må me setja inn tiltak me veit fungerer, seier Vevle.
Vevle skriv til NRK at Læringsmiljøprosjektet ikkje er det same som læringsmiljø- og mobbeprogram.
– Det er eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som har slite lenge med dårleg skulemiljø, og som får rettleiing frå Læringsmiljøsenteret og erfarne skulefolk. Skular som har delteke ser at mobbetala går ned, og at endringane blir varige, skriv han.
– Fleire ønskjer at midlane heller skal gå til auka bemanning i barnehagar og skular. Har dei eit poeng?
– Nok tilsette er viktig for at barn og unge skal ha det bra i barnehagen og skulen, men det er ikkje åleine nok til å løysa utfordringar med skulemiljø. Skulane må arbeida systematisk og kontinuerleg med å sikra trygge og gode skulemiljø for alle elevar, skriv han.
Professor Solveig Østrem meiner regjeringa taler med to tunger.
– I den eine augneblinken seier dei vi skal styrke utdanninga. Så i neste augneblink seier dei at vi må ha noko anna i tillegg, som desse programma, seier ho.
Ho seier pengebeløpa blir mykje større om ein reknar med kor mange stillingar og arbeidstimar som går med til programbruken.
– Ein kunnskapsrik, erfaren lærar veit mykje om kva som fungerer. Dette er folk som kan spele instrumentet sitt, og både kan og bør improvisere, seier ho.
– Men kan ein ikkje sjå på desse programma som eit slags noteark då?
– Då vil du gjere dei viktigare enn det dei er. Dei har ingen verdi i seg sjølv. Verkeleg ikkje.
– Avhengig av støtta
Eit av programma som Utdanningsdirektoratet har undersøkt i utgreiinga er antimobbeprogrammet Olweusprogrammet.
Dei har via Kunnskapssenteret for barn og unge (RKBU Vest) mottatt like over 30 millionar i støtte frå 2016 til 2020. 7,33 av dei kom frå Utdanningsdirektoratet, og 23,4 kom frå Helsedirektoratet.
– Vi rapporterer for støtta vår kvart einaste år.
Det seier leiar Ann Heidi Nebb i RKBU Vest. Dei eig antimobbeprogrammet – og kjende ikkje til Utdanningsdirektoratet si tilråding om å flytte støtta før NRK tok kontakt.
Ho og prosjektleiar Hilde Hugaas for Olweusprogrammet har no sett på utgreiinga. Først og fremst treng dei forutsigbarheit, seier dei.
– No har vi eit tiltak i Noreg som vi veit verkar. Når vi har eit verktøy for ei så alvorleg problemstilling, er det viktig for oss at skulane har høve til å få støtte frå mellom anna oss.
I 2003 fekk alle skulane i landet tilbod om Olweusprogrammet – det var eitt av tiltaka i Bondevik-regjeringa sitt arbeid mot mobbing. 16 år seinare bruker 4 prosent av norske skular programmet, ifølge Utdanningsdirektoratet.
– Forutsigbarheit er viktig for miljøet som heile tida jobbar med å kvalitetssikre og forske på dette.
Hugaas presiserer at skulane ikkje betaler noko for opplæring og deltaking i programmet, og at det ikkje er kommersielle interesser inne i biletet.
– Vi veit at kommune- og skuleøkonomiane er stramme. Skular treng ulik hjelp i systemarbeidet deira. Om vi skal kunne bidra til det er vi avhengig av støtta.
Lescher-Nuland i Utdanningsdirektoratet utdjupar. Om tilskotsordninga skulle avviklast, håpar han framleis at dei ulike aktørane vil halde fram med å få støtte.
Men det skal avgjerast av kommunane og skulane sjølve.
– Optimalt så hadde til dømes Olweusprogrammet framleis motteke desse midlane, men at sjølve bestillinga kjem ut frå vurderingar som blir gjort lokalt, seier Lescher-Nuland til NRK.
Samtidig meiner Utdanningsdirektoratet at programma i dag «ikkje dekker kompleksiteten i arbeidet med læringsmiljø».
– Vi har ikkje vurdert kvaliteten i akkurat denne utgreiinga. Men arbeidet med lokal kompetanseutvikling skjer lokalt. Vi vil at skule og kommune skal gjere sine val og sine prioriteringar, seier Teksum i Utdanningsdirektoratet.
– Men finst det dokumentasjon for at programma faktisk verkar?
– Vi har studiar frå 2014 gjennomført av NOVA, som konkluderte med at det er vanskeleg å måle effekten av dei programma. Mange skular bruker element frå dei ulike programma. Samtidig er det vanskeleg å dokumentere langtidseffektar opp mot helse, kriminalitet, utdanningskarriere, arbeid og så vidare.
Det får Hugaas i Olweusprogrammet til å reagere.
– Vi kjenner veldig godt kompleksiteten i norsk skule. Vi opplever at det ikkje stemmer – og meiner at både programmet og opplæringa vår speglar det.
Sakleg, men spekulativt
– Det blir heilt feil å kalle dette kommersielt. Det einaste vi sel er handbøker til kostpris, som ein kan laste ned gratis på nett. Alt anna er gratis.
Spesialrådgjevar Frode Heiestad ved Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) har overordna ansvar for modellen Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling (PALS), ein av dei mest utbreidde læringsmiljøprogramma i landet. Heiestad opplever at Utdanningsdirektoratet prøver å rydde opp i byråkratiet på ein sakleg måte.
– Hovudproblemet med denne rapporten er at påstandar om at programma ikkje overheld opplæringslova blir ståande. Det er heilt feil, som vi har tilbakevist tidlegare i mellom anna møte med Kunnskapsdepartementet.
Han meiner også at det er misvisande at Utdanningsdirektoratet omtaler finansiering av ulike tiltak og program som «dobbeltfinansiering».
– Det er bra å rydde opp i tilskotsordningane, og kven som finansierer kva. Samtidig er rapporteringa vår veldig tydeleg på korleis vi bruker midlane vi får tildelt, seier han.
I likskap med Olweusprogrammet og RKBU Vest er han bekymra for å miste midlane.
– Vi er førebels ikkje ein del av ordningane Udir tilrår i utgreiinga, og risikerer derfor å bli ståande utan nødvendig finansiering frå 2025. Vi er bekymra for om kompetansen som finst hos oss, RKBU Vest og andre kompetansesenter forsvinn. Konsekvensane er at viktige tiltak for å sikre trygge og gode skulemiljø for barn og unge blir borte, seier han.
Saknar kritiske spørsmål
Eks-barnehagelærar Birgitte Fjørtoft håpar midlane kan vere eit startskot for å auke bemanninga i barnehage- og skulesektoren.
– Eg forstår desse programma som lettvinte løysingar på vanskelege utfordringar, seier ho.
Det er fleire årsaker til at Fjørtoft slutta i stillinga si i barnehagen. I januar byrja ho i full stilling som redaktør for fagtidsskriftet Barnehagefolk, etter to år med ei femti-femti fordeling som barnehagetilsett og redaktør.
Først og fremst sakna ho å ha overskot og tid til faglege samtalar om korleis barna skulle få det best mogleg.
– Eg vil ikkje gå på jobb berre for å vere der, eller følgje eit eller anna opplegg laga for meg. Eg vil vere der for barna og faget, seier ho.
Ho sakna også at fleire av dei tilsette torde å stille kritiske spørsmål til kommuneleiinga om dei ulike programma dei vart bedne om å følgje.
– Eg opplevde å bli åleine i det, og til slutt trong eg ein pause, seier ho.
– Lettare å få innpass i skulen
Fjørtoft trur det har blitt lettare for ulike program å få innpass dei siste åra, nettopp på grunn av bemanningssituasjonen.
– Mange kommunar, skular og barnehagar vil vise at ein gjer noko for at barna skal ha det godt. Og då er det lett å seie at ein har kjøpt og bestilt eit ferdig program, framfor å stole på dei tilsette i skule og barnehage gjer jobben sin, seier ho.
Likevel saknar ho å jobbe med barna kvar dag. Avgjerda å slutte i barnehagen var tung.
– Eg håpar at eg kjem tilbake. Men eg er redd eg er pensjonert før rammene for det er på plass.