Dei siste vekene har det vore nytt fokus på den 28 år gamle uløyste kriminalsaka. Etter at NRK avslørte at ein tidlegare iransk diplomat er sikta for medverking til drapsforsøket meiner leiinga i Venstre at saka har tatt ei helt ny vending.
– Denne saka er jo eit ope sår. Drapsforsøket var eit angrep på ytrings- og pressefridommen. Difor er det veldig viktig at vi gjer alt vi kan for å få ei oppklaring, seier ho.
Press på Iran
Venstreleiaren meiner at vi bør ta i bruk utradisjonelle verkemiddel i håp om å kome vidare. Ettersom den sikta eks-diplomaten oppheld seg i Iran er det utenkeleg at norsk politi kan få avhøyrt han.
– Difor bør vi prøve den diplomatiske vegen i håp om at vi kan få til ei samtale med han.
– Men har du verkeleg tru på at dei kan greie å få til det?
– Eg meiner at norske styresmakter bør strekke seg veldig langt. Det var eit svært alvorleg attentat, ikkje berre mot en person, men også mot sentrale verdiar i samfunnet vårt. Difor bør vi også bruke alle dei diplomatiske kanalane vi har. Dette er nok siste sjanse, seier ho.
I eit brev til Utanriksdepartementet ber Venstre om at utanriksministeren engasjerer seg.
Politiet utanfor William Nygaards hus på attentatdagen i 1993.
Foto: Jon Eeg / NTB scanpix– Vil forfølge saka.
Venstres nestleiar Abid Raja meiner at denne saka både er ei politisak og ei politisk sak. Han har bakgrunn som advokat og trur det kan vere eit visst håp om å få den sikta i tale.
– Det eg i alle fall er sikker på er at norsk politi og påtalemakt ikkje vil kome i dialog med iranske styresmakter utan at regjeringa og utanriksministeren involverer seg. Det er berre på den måten vi kan kome eit steg vidare.
Han seier at han vil forfølge saka.
– Eg trur at absolutt alle i Norge er interesserte i at drapsforsøket på William Nygard blir oppklart. Difor må vi gjere alt vi kan for å få vite kva som har hendt og få stilt nokon til ansvar.
-Vi må gjere alt for å oppklare denne saka, seier stortingsrepresentant Abid Raja
Foto: Vidar Ruud / Vidar RuudUtanriksdepartementet skriv i ein SMS til NRK at departementet på generelt grunnlag ikkje uttalar seg om saker som er i justis- og rettssystemet i Noreg.
Hei!
Jeg har jobbet journalistisk med attentatet på forlagsdirektør William Nygaard siden skuddene falt i 1993. Jeg har skrevet to bøker om skuddene: Attentatet (2000) og Hvem skjøt William Nygaard? (2010), og laget flere TV-dokumentarer om hendelsen. Kontakt meg gjerne om du har tips i saken.