Hopp til innhold

Støre stoppar israelsk ubåt-testing

Utanriksdepartementet vil ikkje lenger at israelske ubåtar skal få bruke norske hamner og farvatn til test-tokt.

Ubåt utenfor Marvika

Det blir slutt på ubåt-testingen ved den nedlagte marinebasen i Marvika i Kristiansand.

Foto: Per Ole Lindhjem / NRK

NRK Brennpunkt er kjent med at eksportkontrollavdelinga i UD for fleire veker sidan avslo det tyske selskapet Thyssenkrupp sin søknad om å få bruke norsk farvatn til å teste to nybygde angrepsubåtar.

Årsaka er at ubåtane er bygde på oppdrag frå den israelske marine.

Land i krig

- Vi har det strengaste regelverket det er råd å ha på eksport av varer og tenester på forsvarssida. Og det seier at vi ikkje eksporterer materiell eller tenester til land der det er krig eller krig trugar, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Lova om eksportkontroll pålegg han teieplikt om konkrete eksportsaker. Difor svarar han slik på spørsmål om israelske ubåtar får kome inn i norske farvatn:

- Eg vil ikkje kommentere den enkeltsaka, men du kan tolke det eg seier.

Gaza-blokaden

Israels sine tre angrepsubåtar av Dolphin-klassen har vore sentrale i handhevinga av den omstridde sjøblokaden av Gaza. Det stadfesta det israelske forsvaret (IDF) overfor NRK Brennpunkt i juni.

Norge i dobbeltrolle

Difor har bruken av norske hamner og farvatn vore omstridd, mellom anna i Kristiansand.

- Greit å teste ubåter i Kristiansand

OK 10 år tilbake

I 1999 godkjende departementet bruk av farvatna på Sørlandet til testing av israelske undervassfartøy. Men Støre avviser at det er endringar i forholdet mellom Norge og Israel som ligg til grunn for at ubåtane deira ikkje lenger får bli testa på Sørlandet.

- Dette er ein høgmilitarisert region, der det er stor fare for konflikt, og det må legge sterke føringar på vår situasjon i dag, seier Støre.

Tenester som våpen

Ifølgje NRK Brennpunkt sine kjelder var det ikkje vanskeleg for UD å finne argument for å nekte israelske ubåtar adgang. Årsaka er at UD har behandla eksport av denne tenesta som om det var eksport av blanke våpen.

- Eg opplever at vårt regelverk og vår tilnærming til regelverket har gått i skjerpa retning.

- Også når det gjeld tenester som dette?

- Ja, eg trur tenester er noko det blir meir av. Det å produsere eit våpen eller ein våpendel er veldig konkret, men tenestekomponenten høyrer også med, seier Støre.

Millionavtale i fare

Sidan 1997 har det tyske selskapet Thyssenkrupp leigd den nedlagde marinebasen i Marvika i Kristiansand. Derifrå har mellom andre israelske ubåtar lagt ut på test-tokt til den djupe Norskerenna, med israelsk militært mannskap ombord.

Området har vore svært gunstig for den testinga og sertifiseringa som er naudsynt før fartøya kan bli overlevert til bestillarlanda. Med avslaget frå UD må det tyske ubåtverftet finne andre stader å teste israels nybygde ubåtar.

I utkastet til ny avtale med den kommunalt heileigde selskapet Kristiansand Næringsselskap har verftet fått inn eit vilkår som seier at kontrakten kan brytast dersom eksportreglar hindrar testing av visse land sine fartøy.

Norge eig verftet

I juni avdekka NRK Brennpunkt at Israel sine tre høgteknologiske ubåtar har vore testa og sertifiserte i Norge, og at to nye ubåtar under bygging kunne vere på veg til test-tokt utanfor sørlandskysten.

I programmet kom det også fram at Norge, gjennom Statens pensjonsfond Utland (oljefondet) har investert 1,82 milliardar i aksjer og 50 millionar i obligasjonar i det tyske selskapet Thyssenkrupp, som eig ubåtverftet i hamnebyen Kiel.