NRK Meny
Normal

Stavanger-politiet nektar å vise kritikk-avhøyr

Dei fem frikjente 15-åringane har alle samtykka til at NRK skal få innsyn i avhøyret som retten og landets fremste avhøyrsekspert har kritisert.

Brev frå Rogaland politidistrikt
Foto: Simon Solheim / NRK

Det aktuelle avhøyret blei tatt av ein erfaren politimann i Stavanger i 2014. Guten som blei avhøyrd var 15 år og var sikta for forsøk på valdtekt mot ein jamaldrande lagkamerat. Han blei avhøyrd utan verje og utan forsvarar.

– Avhøyret er ulovleg og det bryt med menneskerettane. Etterforskaren skulle ha guten til å tilstå, og han var villig til å bruke press og manipulasjon for å få det til, seier Asbjørn Rachlew, ein av landets fremste avhøyrsekspertar.

Han vurderte avhøyret på oppdrag frå Stavanger tingrett, og er ikkje til å misforstå i konklusjonen. No reagerer han på at Sør-Vest politidistrikt ikkje vil vise avhøyret.

– Guten har jo samtykka, så kva er argumentet då? Kven er det dei skal beskytte, spør Rachlew.

– Heile avhøyrsmetodikken byggjer på tillit gjennom openheit. Korleis skal ein kunne vurdere påtalemakta sitt arbeid og bevisvurderinga dei har gjort, når dei nektar å vere opne?

Påtalemakta nektar også innsyn i den sakkunnige rapporten som Rachlew skreiv til retten.

Viser til teieplikt

15-åringen og hans føresette har samtykka til at NRK kan få innsyn i avhøyret. Stavanger-politiet har avslått innsynskravet og viser til teieplikta.

Dei skriv:

Opplysningene som fremkommer i avhøret er utvilsomt opplysninger om noens personlige forhold.

Stavanger-politiet i sitt avslag til NRK

Guten blei saman med fire andre arrestert og sikta for forsøk på valdtekt. NRK også fått samtykke frå alle dei fem som var sikta i saka.

– Vi meiner det er teieplikt knytt til dette. I utgangspunktet har pressa berre rett på innsyn i tiltalar og rettslege avgjerder, seier påtaleleiar Kristin Nord-Varhaug i Sør-Vest politidistrikt.

Men kven gjeld teieplikta for når den som blir avhøyrd samtykker?

– Dette er ei sak som også gjeld andre. I det biletet meiner vi at teieplikta framleis er til stades, og at det såleis ikkje er høve til å gi innsyn. Innsyn kunne også fått konsekvensar for andre i andre saker.

– Dei personlege forholda er jo allereie omtalt i dommen, som er offentleg?

– Ja, men det er komplekst og det er eit stort bilete. Det handlar også kva konsekvensar eit innsyn i denne saka vil få for innsyn i andre avhøyr generelt.

Avslag frå Rogaland politidistrikt

Sør-Vest politidistrikt har avslått NRKs innsynskrav.

Foto: Simon Solheim / NRK

Forsvarar reagerer på avslaget

Guten sin forsvarar, Inger Marie Sunde, meiner det er kritikkverdig at politiet nektar innsyn.

– Det verkar som om dei ikkje tek lærdom av det dei har gjort. Hadde dei gitt innsyn og stått for det dei har gjort, hadde dei også vist at dei tek til seg kritikken og tek lærdom, seier Sunde.

NRK har ikkje fått samtykke frå den fornærma, og bistandsadvokaten hans ønskjer ikkje å kommentere saka. NRK har klaga saka inn for Riksadvokaten.

Kristin Nord-Varhaug

Påtaleleiar Kristin Nord-Varhaug i Sør-Vest politidistrikt seier dei ikkje kan gi NRK innsyn i avhøyret grunna teieplikta.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK