Hopp til innhold

Statssekretær: – Vi tok feil

Tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen (SV) tek eit kraftoppgjer med eit av Regjeringa sine viktigaste klimatiltak.

Heidi Sørensen

Tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen, angrar på at ho var med og vedtok ordninga med grøne sertifikat.

Foto: NRK

Alle dei politiske partia var samde om at subsidiering gjennom grøne sertifikat var vegen å gå for å redusere utslepp av klimagassar.

– Vedtaket var ikkje grundig nok utgreia, og politikarane var ikkje lydhøyre for motargumenta, seier tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen (SV).

Sørensen sat i fire og eit halvt år som politisk nestkommanderande for miljøsaker. Ho gjekk av i april.

– Dette er det vedtaket eg angrar aller mest på at eg var med på, seier ho no.

Les også: Vindmøller er ødeleggende pengesløseri

– Voldsomt press

Etterkvart som ho såg ho bunken med søknader om vasskraftutbyggingar vekse på pulten sin, forstod Sørensen kva ho hadde vore med på.

– Vedtaket om subsidiering av fornybar energi kom i ei tid då vi var fortalde at vi hadde kraftkrise. Det var eit voldsomt politisk press, og press i media, for at vi skulle satse på grøne sertifikat. No er eg ikkje i tvil; vedtaket kunne ha vore betre utgreia, sier hun til NRK Brennpunkt.

– Ordninga med grøne sertifikat er i praksis ei subsidiering av store øydeleggingar av norsk natur.

Vassdrag er seddelpresse

I SV har skepsisen alltid vore sterk mot storstila kraftutbygging i norske vassdrag. No meiner Sørensen at politikarane har vedtatt ei ordning som subsidierer utbyggingar som frå første dag er lønsame:

– Eig du eit vassdrag eig du i prinsippet ei seddelpresse.Og no skal utbyggarane attpåtil få utbyggingane subsidierte.

– Var vedtaket feil?

– Det var feil med så høge subsidier, seier Sørensen og minner om at ordninga omfattar alt av vind- og vasskraft, både store og små prosjekt.

Kraft nok

To sentrale argument har vore framførde for auka utbygging av vass- og vindkraft: Elektrifisering av den norske bilparken og elektrifisering av oljeplattformene i Nordsjøen, som i dag blir drivne av forureinande gasskraftverk.

– Vi har allereie i dag nok kraft til å elektrifisere bilparken. Og vindkrafta er ikkje stabil nok til at ein kan drifte plattformene med den, parerer Sørensen.