Slik kan du støtte ein venn som slit

– Nøkkelen ligg i å tørre å snakke om det som er vanskeleg, ifølgje helsebror Per Arthur Andersen.

Illustrasjonsfoto

Det er mange ulike grunnar til at ein person får sjølvmordstankar. Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

Trigger-warning-banner

Rundt 600 personar dør årleg som følgje av sjølvmord i Noreg. Av dei er det dobbelt så mange menn som kvinner.

– Vi har erfart at gutar slit med det same som jenter. Men fellesnemnaren for mange gutar er at dei trur at ein ikkje skal snakke om slike ting, seier Per Arthur Andersen, helsebror ved Helsestasjon for gutar, til NRK.

Han er i faggruppa i prosjektet "Start praten". Det er eit prosjekt Mental helse ungdom har for å sette søkelys på psykisk helse og sjølvmord blant unge menn.

Det kan vere mange grunnar til at nokon vel å ta livet sitt.

– Når nokon tar livet sitt, vil dei etterlatne alltid spørje seg sjølv om det var noko ein kunne gjort. Ein kan aldri klandre nokon for at nokon har teke livet sitt, seier Elizabeth Barrett, psykologspesialist ved Oslo universitetssjukehus.

Her er råda til deg som vil støtte ein person som slit:

1. Legg merke til desse tinga

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto.

Foto: HANS OLA HEVRØY / NRK

– Det er fleire ting som kan føre til sjølvmordstankar. Nokre opplever å bli deprimerte utan ein spesiell grunn, og andre gonger er det meir konkrete hendingar som utløyser det, seier Kristin Lie Romm, spesialist i psykiatri ved Oslo Universitetssjukehus.

Utløysande faktorar kan mellom anna vere stress og press over lang tid, tap av relasjonar, brot med kjærasten, at ein stryk på eksamen eller misser jobben, ifølgje psykiateren.

– Det kan vere eit problem som andre tenker at skal gå over, men som for personen det gjeld verkar uoverkommeleg. Det er ofte vanskeleg for andre å sjå alvoret i ei slik krise. Ein ser ikkje kor ufatteleg vanskeleg det kan vere for den det gjeld, seier Lie Romm.

Risikoteikn kan vere at personen snakkar om døden eller eit ønskje om å døy, les om sjølvmordsmetodar, viser negative forandringar i tankar, kjensler eller åtferd. Det kan også vere uttrykk for ei sterk kjensle av håpløyse eller manglande grunn til å leve.

– Ein kan leggje merke til at personen trekk seg unna eller verkar mindre engasjert. Ein kan også vere fråverande eller trist, seier ho.

2. Ver konkret

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

– Nokre kan tenkje at om ein byrjar å snakke om det, så skjer det. At ein kan setje tankar i hovudet på folk. Slik er det ikkje, fortel Elizabeth Barrett, som har forska på sjølvmord.

Det gjeld å tore å stille konkrete spørsmål, meiner ho.

– Ein kan gjere det vanskelegare i sitt eige hovud enn det eigentleg er. Det er lurt å byrje med å fortelje at ein faktisk er bekymra, som ei forklaring på kvifor ein tek det opp. Så kan ein spørje:

«Er det slik at du har det så vanskeleg no at du tenkjer på å ta livet ditt?»

Om det er tilfelle, gjeld det å få klarleik i kor langt desse tankane har kome, meiner ho.

– Ein ting er å tenkje på det. Men har ein faktisk byrja å førebu og planlegge? Har personen tenkt til å gjennomføre planen, og har den det som skal til for å gjennomføre? Om personen svarar ja på desse spørsmåla, er det alvorleg og ein må skaffe hjelp. Då kan ein til dømes ringe legevakta. Om det er akutt fare, ring 113, fortel ho.

Helsebror Andersen legg til at det er lurt å bruke litt tid på å førebu seg før ein spør om ein person har sjølvmordstankar.

– Det krev noko av deg som venn. Før du spør må du førebu deg på dei svara som kan kome. Undersøk kva telefonnummer som er tilgjengeleg og kva tilbod kommunen har som kan hjelpe venen din. Om du er i tvil, ta kontakt med nokon du stolar på, fortel han.

3. Ikkje stå i det aleine

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

– Det kan opplevast vanskeleg å stå i ein slik situasjon, og det er viktig å ta vare på seg sjølv. Snakk med fastlegen din eller andre som har erfaring med sjølvmord, seier Barrett.

Ho får støtte frå kollega Lie Romm, som seier at det ikkje er eit svik å søke råd hos andre om ein er bekymra for nokon.

– Vi opplever at vener er veldig lojale. Men ein er ikkje ein dårleg ven om ein seier ifrå til helsevesenet eller nokon andre som ein stolar på, fortel Lie Romm.

– Eg har enno til gode å høyre frå nokon som har heldt fram med å mislike venene sine for å ha gjort noko konkret for å hjelpe dei, legg ho til.

Om du har ein ven som er i ein vanskeleg periode i livet, kan det vere ein idé å gå saman fleire vener for å hjelpe.

– Å bli invitert på fest er ikkje alltid det beste. Kanskje ein heller vil gjere noko saman med to, tre personar. Det kan hjelpe å vere fleire vener som kan avlaste kvarandre litt og lette på stilla dersom nokon er langt nede, seier Lie Romm.

4. Ver ein ven, først og fremst

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

Venskap er viktig for personar som har det vanskeleg i livet. Men hugs at du er ein ven, og ikkje ein behandlar.

– Om ein person har sjølvmordstankar, er ikkje vener dei beste til å greie ut slike flokar. Ein treng òg andre sin hjelp. Vener er best til å vere vener, fortel Lie Romm.

Ho legg til at ein samstundes ikkje må undervurdere betydninga av venskap.

– Det kan hjelpe folk til å finne glede i livet. Å ha nokon som til dømes vil gå på kino. Det er den største hjelpa ein kan gi. Det er vel så viktig som den hjelpa vi i helsevesenet gir, men vi gir hjelp på andre måtar, seier psykiatrieksperten.

Om ein kjenner nokon med depressive symptom, gjeld det å ikkje slutte å ta kontakt.

– Å ha folk som stiller opp når ein har det vanskeleg er ein viktig funksjon for betring. Sjølv om personen er stille og ikkje vil bli med på ting, får ein likevel ei stadfesting på at ein er verd noko. Det treng ein i slike situasjonar.

Ho meiner det er viktig å tilpasse aktivitetar til den situasjonen venen er i, og trekk særleg fram trening som ein positiv aktivitet.

– Trening er kjempebra. Mange eg har snakka med seier at dei skjønar at trening er bra, men det er vanskeleg å motivere seg sjølv. Så det kan vere ein bra aktivitet å ta initiativ til, fortel Lie Romm.

5. Hugs at du ikkje har ansvar for andre sitt liv

Som ven kan ein yte førstehjelp ved å bry seg og vere til stades. Men det er viktig å hugse at du ikkje kan vere ansvarleg for at nokon tar sitt eige liv.

Det er til sjuande og sist ikkje mogleg å sjå om nokon tenkjer på å ta livet sitt eller ikkje.

– Ein veit ikkje kva folk strevar med i hovudet sitt, fortel Lie Romm.

Norsk dokumentar.

Norsk dokumentar.