Hopp til innhold

Høgdepunkt frå Brennpunkt hausten 2010 og våren 2011

I løpet av eit Brennpunkt-år fører journalistikken vår til at det skjer nokre positive endringar i samfunnet. Her er nokre minneverdige glimt frå hausten 2010 og våren 2011.

Rituell omskjæring i Istanbul

Etter Brennpunkts program om rituell omskjæring av gutebarn foreslo regjeringa ein ny lov som skal sikre at omskjæring blir utført på ein trygg og forsvarleg måte. Her frå ei rituell omskjæring i Istanbul.

Foto: Anders Ryman

Oktober: Eittåringar i barnehage og fosfor i fisken

I høst følgde vi eitt år gamle Oliver som skulle begynne i barnehage. Brennpunkt dokumenterte at norske styresmakter har lite kunnskap om korleis eittåringane utviklar seg i barnehagane.

Forskarane si største uro var korleis små barn har det i dei nye, store basebarnehagene med mange barn og mange tilsette. Kunnskapsministeren vedgjekk også at dei veit for lite om korleis barna har det i disse barnehagene.

No løyver Kunnskapsdepartementet 20 millionar kroner til forskning for å finne svar nettopp på dei spørsmålene som ble stilt i vårt program.

Oktober: Fosfor i fisken

Mange mista apetitten på fiskemiddag då dei såg korleis avskjær og fosfat vart pumpa inn i fileten for å auke veka.

Det europeiske overvakingsorganet ESA krevde forklaring frå norske helsestyresmakter på bruken av fosfat i fisk. Mattilsynet rykka ut og belsagla på nytt fosfat på norske fiskeribedrifter.

EU-kommisjonen slo fast at fosfat i fisk er ei ulovleg tilsettinga og ba Norge sørge for at dette tar slutt.

November: Fanga i mikrogjeld

Den kritiske Brennpunkt-dokumentaren om Mohammed Yunus og Grameen Bank blei starten på ein bitter strid i Bangladesh, som nyleg førte til at Nobelprisvinnaren blei kasta ut av Grameen Bank. Yunus grunnla Grameen Bank, som Norad opp gjennom åra har støtta med 400 millionar kroner.

Avsløringane av korleis ein 600 millioners-transaksjon vart halden hemmeleg, gjekk verda rundt og har ført til at mikrolån, som gav Yunus Nobelprisen, no blir debattert og granska verda over.

Mars: Surrogati i India

Den norske aleinemora Kari Ann Volden sat stranda i India med to små gutar. Tvillingane Mikael og Adrian blei fødde av ei indisk surrogatmor og unnfanga ved hjelp av anonym egg- og sæddonor.

Styresmaktene avviste i fjor haust å behandle søknaden hennar om å få adoptere tvillingane. Grunngjevinga var at dei måtte forhindre kjøp og salg av barn.

Indiske styresmakter hevda at barna var norske, og norske styresmakter at dei var indiske.

Saka sto i stampe, og ingenting skjedde. Men like etter vår sending i mars, fekk endeleg Kari Ann Volden klarsignal til å reise hjem til Røst med tvillingene. Ei politisk nøtt var plutselig løyst.

April: Omskjæring av gutebarn

Brennpunkt fortalte denne sesongen at kven som helst heilt lovleg kan omskjære gutebarn her i landet. Inngrepet kan foregå kor som helst - på kontor, i leilighetar eller forsamlingshus.

Etter dette programmet foreslo regjeringa ei ny lov som skal sikre at rituell omskjæring blir utført på ein trygg og forsvarleg måte av kompetente personar på offentlege sjukehus.

Lovforslaget er ute på høyring fram til oktober.

Gullrute til Brennpunkt

Mange vil også hugse programmet om tannlegeassistentane som NAV nekta erstatning for yrkesskade, trass i at landets fremste medisinske eksperter hadde gitt dei diagnosen kvikksølvforgifta.

Ei intern gransking i NAV førte til at etaten måtte legge seg flat. To kvinner har seinare fått Trygderetten sitt medhald i at skadene deira skal reknast som yrkessjukdom.

Brennpunkt fekk for to veker sidan TV-prisen Gullruten for programmet om NAV si behandling av dei sjuke kvinnene.

Ei oppløftande lita liste frå Brennpunkt det siste året. Bruk sommaren til å tenke på kva som kan vere ditt tips til oss!