NRK Meny
Normal

PST: Russland sender agentar for å true folk i Norge

Russisk etterretning sender agentar for å kartlegge og legge press på folk som bur i Norge:– Det føregår omfattande spionasje mot politisk aktive grupper i Norge, og det kan vere svært farleg for dei som er involvert, fortel Arne Christian Haugstøyl i PST.

Russia Victory Day Ramzan Kadyrov

GODE VENER: Ramazan Kadyrov (i midten) er Tsjetsjenia sin president og Vladimir Putin sin nære allierte. På bildet går Kadyrov i Russisk militæruniform under markeringa av 70. årsdagen for slutten på Andre verdskrig.

Foto: Musa Sadulayev / Ap

PST stadfestar at russisk etterretning, FSB, er aktive med spionasje og agentar mot flyktningar som bur i Norge:

Tsjetsjenarar er ei gruppe som blir utsett for flyktningspionasje i Norge. Tsjetsjenarar er politiske aktive og opptekne av motstandskamp, det ser ein også her i landet. Denne aktiviteten er av interesse for primært russiske myndigheiter.

Er det farleg for dei som blir ramma av flyktningspionasje?

– Dette er absolutt farleg. Ein ser at dei som driv med spionasje har reelle represaliar mot politisk aktive som bur i Norge, eller familien deira i heimlandet fortel leiar av avdeling for kontraspionasje, Arne Christian Haugstøyl.

(Saka fortset under bildet)

Arne Christian Haugstøyl

PST: KONTRASPIONASJE: Arne Christian Haugstøyl er leiar for avdeling for kontraspionasje i PST. Han seier at det er omfattande flyktningspionasje i Norge. Politisk aktive frå Tsjetsjenia er utsett for russisk flyktningspionasje i Norge.

Foto: NRK

Sender agentar

Haugstøyl i PST seier at mange vil bli overraska over i kor stor grad det skjer flyktningspionasje på norsk jord:

– Me ser omfattande flyktningspionasje i Norge no. Dette skjer ved at landa sender borgarar til Norge som søker beskyttelse. I realiteten jobbar desse personane for myndigheitene i landet dei kjem frå, og jobbar med å kartlegge eksilmiljøet i Norge, fortel Haugstøyl. Han uttalar seg på generelt grunnlag og fortel PST ikkje uttalar seg om enkeltsaker.

NRK har vore i kontakt med fleire tsjetsjenarar i Norge som fortel at dei har blitt utsett for flyktningspionasje. Fleire av dei fortel at russisk etterretning trua familiane deira i Tsjetsjenia og at det er eit nettverk med angjevarar i Norge.

RUSSIA CHECHNYA

KRIGSHERJA: Det var krig i Tsjetsjenia i 1994–11996 og frå 1999 til 2001. Fram til i dag er det væpna kamp for at Tsjetsjenia skal bli sjølvstendig. Bildet viser eit russisk pansra køyretøy i ein utbomba del av hovudstaden Grozny.

Foto: MUSA SADULAYEV / Ap

Opposisjonelle i Norge

I det tsjetsjenske eksilmiljøet i Norge er fleire som er aktive opposisjonelle og protesterer mot det dei meiner er russisk okkupasjon og undertrykking av det nord-kaukasiske landet. Tsjetsjenia var defacto uavhengig Russland mellom 1991 og 1999. Russland prøvde å ta tilbake landet i den første krigen, som varte frå 1994 til 1996. Dei lukkast ikkje. Tsjetsjenarane organiserte val av eiga uavhengig regjering. Russlands president Boris Jeltsin anerkjente den nye regjeringa i Tsjetsjenia som legitim i 1997. Det nye landet fekk namnet Ichkeria. Jeltsin lova i ein tale blant anna:

«Å aldri bruke makt og vald eller truge med dette i relasjonane mellom Russland og Republikken Ichkeria».

Kort tid etter at Vladimir Putin tok over som president i 1999 beordra han invasjon av Tsjetsjenia og hærtok landet. Medlemmane av den folkevalde tsjetsjenske regjeringa flykta landet eller blei fengsla eller drepne. Fram til i dag har det vore væpna kamp i Tsjetsjenia for sjølvstende. Det er i dag rundt 10.000 tsjetsjenske flyktningar i Norge.

(Saka fortset under bildet)

Aage Borchgrevink

FARE: Aage Borchgrevink er forfattar og seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomitè. Han fortel at ein kollega og samarbeidspartnar blei kidnappa og drepen i Tsjetsjenia då ho jobba med å avdekke brot på menneskerettane: – Det er fare for at politisk motiverte drap på tsjetsjenske opposisjonelle kan skje i Norge også.

Foto: NRK

– Kan bli drepen i Norge

Aage Borchgrevink er seniorrådgjevar i Den norske helsingforskomitè og har jobba opp i mot tsjetsjenske flyktningar i Norge i fleire år:

Dessverre er det fare for at tsjetsjenske flyktningar kan bli drepne i Norge. Det er svært mange som blir kidnappa og tatt livet av i denne konflikten. Det har skjedd politisk motiverte drap mot tsjetsjenske opposisjonelle på open gate i blant anna Austerrike, seier Borchgrevink og fortset:

– Det bur folk i Norge som har vore vitne til tortur og grove lovbrot gjort av sentrale russiske tenestemenn. Dei har også sett torturert gjort av den tsjetsjenske presidenten Ramazan Khadyrov sjølv. Slike vitne har blitt forfølgt og drepne i Vest-Europa, og det er fare for at dette kan skje her i Norge også.