Hopp til innhold

– Respirator ikkje beste løysing

Respirator blei sett på som løysinga då ein førebudde seg på ei bølge av akutt sjuke pasientar med svineinfluensa. Men ein anna behandlingsform har betre resultat. Den behandlinga fekk berre fem av kring 200 norske intensivpasientar.

ECMO-maskin vs respirator
Foto: Christian Kråkenes / NRK

Teknikken kallast ECMO, og har ein heilt anna måte å hjelpe kroppen på enn respirator. Fagfeltet er smalt, og topplegar i utlandet kritiserar no Noreg for å vere usynlege i det internasjonale samarbeidet på feltet. Eit samarbeid som er svært viktig i livreddande arbeid.

Let lungene helbrede seg sjølve

Klinikksjef Øyvind Skraastad ved intensivavdelinga på Rikshospitalet.

Klinikksjef Øyvind Skraastad ved Rikshospitalet måtte behandle mange pasienter med alvorleg lungesvikt.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Under pandemien i fjor døydde 29 nordmenn av svineinfluensa. Kring 200 vart innlagde på norske intensivavdelingar. Mange av dei som vart dødssjuke av svineinfluensa hamna på intensivavdelinga på Rikshospitalet.

– Den største utfordringa var at mange pasientar låg svært lenge med alvorleg lungesvikt, seier klinikksjef ved intensivavdelinga, Øyvind Skraastad.

Vanlegvis brukar ein respirator ved akutt lungesvikt, for å hjelpe lungene med å ta opp oksygen. Ved respiratorbehandling tek ein utgangspunkt i at lungene framleis er i stand til å ta opp oksygen, sjølv om dei er svært dårlege.

ECMO nærmar seg problemet på ein heilt anna måte. I staden for å sende oksygen inn i dei sjuke lungene, sender ein i staden oksygenet rett inn i blodet, slik at lungene får kvilt seg. Behandlinga er omfattande, og innebær at blodet pumpast ut av kroppen før det sendast gjennom ei mekanisk lunge. Her fjernast karbondioksid og oksygen blir tilsett, før blodet blir leda inn i kroppen igjen. Fem liter i minuttet går gjennom den kunstige lunga. ECMO-maskina fungerer på mange måtar som ein pauseknapp for lungene, som får tid til å lege seg sjølve.

ECMO i Noreg

Norske styresmakter kjøpte i samband med pandemien inn 393 respiratorar og fire ECMO-maskiner. ECMO er ei svært ressurskrevjande og dyr behandling. Ved Rikshospitalet reknar dei med at eitt døger på ECMO kostar kring 100 000 kroner.

I Noreg vart ECMO brukt på fem pasientar med svineinfluensa. To døydde. I Sverige vart den same behandlinga brukt på 15 pasientar dødssjuke av svineinfluensa, to av desse døde.

Annleis terskel i Sverige

Terskelen for å gje pasientar ECMO-behandling, «legge dei på», som fagfolka seier, er litt annleis i Sverige, meiner klinikksjef Øyvind Skraastad på Rikshospitalet. ECMO-maskinene i Noreg er ein integrert del av intensivavdelinga, medan dei i Sverige har ei spesialisert ECMO-avdeling.

– På ei rein ECMO-eining skal det mykje til for at ein pasient ikkje blir lagt på. Det betyr at terskelen, eller typen pasient, kanskje er litt annleis. Kanskje dei pasientane som kjem til ei rein ECMO-eining i utgangspunktet har ei litt annan mogleik til å overleve, enn dei pasientane vi reserverer denne behandlinga for, seier Skraastad.

Egen ECMO-avdeling

Kenneth Palmer ved Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm

Kenneth Palmer er seksjonssjef på ECMO-avdeldinga på Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm (bilde fra brennpunktdokumentaren)

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Kenneth Palmer er ein av dei leiiande ECMO-legane i verda. Han er seksjonssjef på ECMO-avdeldinga på Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm, ei avdeling som i fjor fekk tittelen «Center of Excellence» av den internasjonale ECMO-organisasjonen ELSO. Palmer understrekar at dei slett ikkje har ein lågare terskel enn andre for å sette inn ECMO-behandling.

– Internasjonalt så har vi rykte på oss for å ta i mot sjukare pasientar enn dei fleste andre ECMO-senter. Vi tek i mot utruleg sjuke pasientar. Vi legg på ingen måte pasientar tidleg på ECMO, seier Palmer.

Redder liv tross lungesvikt

Ei av dei største ECMO-einingane i Europa ligg i Leicester i Storbritannia. Dr. Giles Peek ved avdelinga har jobba med og forska på ECMO i 16 år. Han meiner fordelen med behandlinga er åpenbar.

– Ved hjelp av ECMO reddar ein eitt ekstra liv for kvar sjette pasient med akutt lungesvikt. Det er heilt klart ein god måte å behandle denne pasientgruppa på, seier Peek.

Peek sto i bresjen for den til no største studien som samanliknar bruk av ECMO og tradisjonell respirator ved akutt lungesvikt.

Studien, kalla CESAR, vart offentleggjort under pandemien. Den stod å lese i det velrenommerte medisinske tidsskriftet The Lancet, i september 2009.

Av CESAR-studien går det fram at ECMO-behandlinga gjev 34 prosent høgare sjanse for å overleve akutt lungesvikt. 180 slike pasientar vart fulgt, eit halvt år etter at behandlinga starta var 47 prosent av respiratorpasientane heilt friske, medan 63 prosent av ECMO-pasientane var heilt friske.

Forundra over norsk behandling

Kring 200 nordmenn vart så sjuke av svineinfluensa at dei hamna på intensivavdeling. Giles Peek undrar seg over at ikkje fleire av dei nordmennene som vart dødssjuke fekk ECMO-behandling.

– Eg ville tru at talet på ECMO-pasientar var høgare. Vanlegvis er det kring ein prosent av intensivpasientane som blir lagt på ECMO. Når det gjeld intensivpasientar med svineinfluensa har gjerne ti prosent av desse fått ECMO-behandling hos oss. Så dersom dei hadde 200 intensivpasientar med svineinfluensa i Noreg, så ville eg jo tru at kring 20 av desse fekk ECMO-behandling.

– Ingen magisk maskin

Klinikksjef Øyvind Skraastad åtvarer mot å tru at dette er ei maskin som kunne redda fleire norske liv under svineinfluensaen.

– Vi har ikkje holdt unna behandling som er så god at det ville ha redda fleire liv. Dette er ingen magisk maskin som ville ha redda alle pasientane, seier Skraastad.