Hopp til innhold

Politimann fekk betalt for å spane på avhopparar frå Smiths venner

Ein nederlandsk politimann innrømmer å ha spana på avhopparar frå Smiths venner. No risikerer han fengsel for bestikking og korrupsjon.

Politiet hos Ben van Wijhe etter angrepet

RANET: Kort tid etter spaningsoppdraget vart Ben van Wijhe overfallen i eigen heim.

Foto: Ben van Wijhe

Denne veka måtte ein 60 år gammal politimann møte i retten i Nederland.

Der vedgjekk han å ha tatt imot betaling for å spane på to avhopparar frå Smiths venner i Nederland. Dei to vart intervjua og omtalt i Brennpunkt-dokumentaren «Guds utvalde».

Leiinga i Brunstad Christan Church (BCC), betre kjent som Smiths venner, har skulda dei to avhopparane, Jonathan van der Linden og Ben van Wijhe, for å stå bak ei svertekampanje mot dei.

Interessert i PC-en

Det var politimannen som sjølv opplyste i retten at oppdragsgjevaren hans var eit medlem i trussamfunnet i Nederland.

Vidare forklarte politimannen at oppdragsgjevaren var interessert i opplysningar frå PC-en til van Wijhe. Det skriv den nederlandske avisa de Stentor, som var til stades under rettssaka.

Kort tid etter spaningsoppdraget vart van Wijhe overfallen i sin eigen heim.

To innbrotstjuvar tok seg inn i huset og trua til seg van Wijhes PC.

Politiet hos Ben van Wijhe etter angrepet

Tjuvane klarte å få med seg PC-en, men vart arrestert like etterpå.

Foto: Ben van Wijhe

Tok til tårene

I rettssalen skal den tiltalte politimannen ha nekta for å ha noko med innbrotet å gjere.

Ifølgje den nederlandske avisa tok han til tårene og sa at hans oppdrag var ferdig før innbrotet.

NRK kjenner navnet på den påståtte oppdragsgjevaren. Vi har kontakta han, men ikkje fått svar. Politimannen hevdar altså at han er medlem i Smiths venner i Nederland.

Ben van Wijhe vart sjokkert då han fekk høyre at han hadde blitt overvaka.

Ben van Wiejhe

Ben van Wijhe voks opp i trussamfunnet, men gjekk ut etter 45 år.

Foto: Privat

– Det kom som eit sjokk. Dei skal ha plassert ein sender under bilen min. Det er svært ubehageleg å tenke på. Vedkomande som blir utpeikt som oppdragsgjevar, er ein tidlegare ven frå mi tid i Smiths venner, Nederland.

– Knytt til Smiths venner

Han trur at overvakinga har samanheng med innbrotet i heimen hans.

– Smiths venner var dei einaste som hadde interesse av innhaldet på min PC. Dei visste eg var i kontakt med journalistar i NRK, og ville nok vite om eg sat på informasjon som kunne bli brukt mot dei. I tillegg mistenkte dei meg for å ha bestilt og betalt ein sverteoperasjonen mot trussamfunnet.

Politiet hos Ben van Wijhe etter angrepet

Ben van Wijhe meiner spaningsoppdraget gjev sterke indikasjonar på at også innbrotet er knytt til Smiths venner.

Foto: Ben van Wijhe

Før jul varsla Ben van Wijhe søksmål mot BCC for påstandane om at han har bestilt og betalt ein sverteoperasjon mot trussamfunnet.

Røpa ikkje oppdragsgjevar

Dei to innbrotstjuvane vart i slutten av november dømde til 8 og 14 månadars fengsel. Dei skal ha hatt ein oppdragsgjevar, men røpa ikkje kven vedkomande var.

Politimannen som vart leid inn for å spane på dei to eksmedlemmane risikerer 1½ års fengsel for bestikking og korrupsjon.

Dommen kjem den 19. mars.

BCC tar sterk avstand

Styreleiar i BCC, Berit Hustad Nilsen, svarer at dei berre kjenner til saka gjennom nederlandske medier.

Berit Hustad Nilsen

– BCC tar sterk avstand frå all form for kriminalitet, medrekna forfølging, overfall og korrupsjon, skriv Berit Hustad Nielsen i ein e-post.

Foto: BCC

– Vi ville aldri oppfordra til eller støtta slike handlingar frå våre trusfellar, det er imot alt BCC står for, skriv ho.

– Ettersom vi ikkje har hatt nokon involvering i denne saka, tar vi også sterk avstand frå Ben van Wijhes forsøk på kriminalisering av BCC. Vi opplever dette som eit spel for å få merksemd i media, legg ho til.

Pressetalskvinne Hanna Kook i det nederlandske trussamfunnet, svarer at dei ynskjer å distansere seg frå både innbrotet og spaninga. Ho skriv at det er øydeleggjande for organisasjonen å bli assosiert med slike hendingar.

– Vi er eit trussamfunn med mange medlemmer. Når ein av desse gjer noko ulovleg skal og bør ikkje dette bli assosiert med trussamfunnet.

Anbefalt vidare lesing:

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?