Over 500 norske instagram-profilar med i mørkt nettverk: – Dette er berre toppen av isfjellet

Nettverket deler depressivt innhald med kvarandre, og overlege Ruth-Kari Ramleth er redd for at jentene skal smitte kvarandre.

Overlege Ruth-Kari Ramleth ser på innlegg jentene i nettverket legg ut.

BEKYMRA: Ruth-Kari Ramleth er redd jentene i nettverket skal smitte kvarandre.

Foto: NRK

Trigger-warning-banner

Ramleth arbeider til dagleg som overlege og som medisinfagleg rådgjevar på Oslo universitetssjukehus. Ho har mykje erfaring med ungdom som slit med sjølvskading og sjølvmordstankar.

Overlegen blir likevel prega når ho blar seg gjennom innlegga sytten år gamle Andrine la ut på Instagram i timane før ho tok sitt eiget liv.

Deler selvmordsbilder på hemmelig Instagram-nettverk

– Det er jo fortvilande, særleg når ein veit korleis det enda, seier Ramleth.

Overlege Ruth-Kari Ramleth.

FORTVILANDE: Ramleth trur nettverket kan vere langt større enn me trur.

Foto: NRK

Kva tenker du når du får høyre at det er minst 500 norske Instagram-profilar som tilhøyrer eit nettverk kor dei deler sjølvskading og sjølvmordsinnhald?

– Da tenker eg at det berre er toppen av isfjellet.

Smitteeffekten

I nettverket så er variasjonen av bilda stor. Nokre har bilde av natur med ein mørk tekst, eller dystre tekstar henta frå internett. Medan enkelte andre innlegg er langt meir alvorlege. Tydelege kutt, metodar for korleis dei skal ta sitt eiget liv eller sjølvmordsbrev. Ramleth peikar på eit bilde der Andrine har eit kutt på venstrearmen, og over kuttet har ho sjølv stripsa såret.

Ruth-Kari Ramleth ser på Instagram-innlegg som er skrive ut.

SMITTSAMT: Overlege Ramleth får sjå noko av innhaldet i nettverket. Ho meiner mykje av det kan vere smittsamt.

Foto: NRK

Det er innlegg som det her som bekymrar meg. Det her kan ha ein stor smitteeffekt på dei som ser det. Spesielt med tanke på det nettverket her, kor det er så mange unge. Me veit frå forsking at barn og unge er enda meir utsett for denne smitteeffekten.

På kva slags måte er det smittsamt?

– Det er smittsamt ved at dei etterliknar både metodar og stader ein gjer det på, både når det gjeld sjølvskading og sjølvmord.

Det her kjem til å bli ein augeopnar

På Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging sit psykologspesialist Fredrik Walby. Han reagerer når han får høyre at 15 jenter har døydd i nettverket.

Det er veldig dramatiske tal. Både talet på sjølvmord sjølvsagt, men også talet som er med i nettverket, seier Walby.

Sjølvmordsforskar Fredrik Walby

AUGEOPNAR: Sjølvmordsforskar Fredrik Walby trur denne saka kjem til å bli ein augeopnar for dei som arbeider med dette.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Han trur helse- og forskingsmiljøet veit for lite om temaet til å kunne behandle dei i nettverket riktig.

Eg trur at dette er litt for nytt for veldig mange fagfolk. Det som kjem fram no kjem til å bli ein augeopnar med tanke på å bli meir merksam på denne typen påverknad, seier sjølvmordsforskaren.

Walby fortel at det tidlegare har vore mykje fokus på korleis media og populærkultur kan påverke sjølvmordstala. Eit tydeleg døme er da Netflix-serien «13 Reasons Why» førte til at fleire kopierte sjølvmordet i tv-serien.

– Dette Instagram-nettverket er ein annan type smitte, og som nok er mykje meir direkte og eigentleg mykje meir alvorleg. Me burde verkeleg vere opptekne av det. Både i fagfeltet, og ikkje minst i kontakten med kvar enkelt pasient.

Sjølvmordsforskar Fredrik Walby på sitt kontor.

SMITTEFARE: Fredrik Walby meiner fagfolk burde vere opptekne av denne type nettverk.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Sjølvmordsforskaren er einig med Ramleth i at nettverket kan vere farleg, men han utelukkar likevel ikkje at det kan ha ein verdi for dei som er involvert.

– Viss ein brukar mykje tid på å gå gjennom så mykje destruktivt materiale så er det eit ganske alvorleg teikn. Det finst likevel fleire beskrivingar frå liknande forum der brukarar fortel at dei får hjelp til å kanskje handle annleis, og til å takle smertene sine. Sånn sett kan det nok bli opplevd som positivt og støttande der og da, men det er openbert urovekkande på lengre sikt, seier Walby.

På jakt etter meistring og merksemd

Jentene som legg ut alvorlege sjølvskadingsbilde eller truslar om å ta sitt eiget liv får som regel meir kommentarar og reaksjonar i miljøet enn dei meir vanlege bilda. På desse innlegga får jentene ofte kommentarar om at dei er verdt noko, og at dei ikkje må skade seg sjølv.

– Dei får merksemd, men på veldig feil grunnlag. Denne merksemda kan forsterke problemåtferda deira, seier Ramleth.

At jentene med dei sterkaste truslane får mest respons har også dei i miljøet fått med seg, og fleire er frustrert over det. Når overlegen får sjå gjennom denne typen innlegg, så blir ho bekymra.

Eg tenker at desse innlegga er tydelege døme på kva som kan utgjere ein stor risiko med dette nettverket. Ungdommane «lærer» at alvorleg sjølvskading eller truslar om sjølvmord er det mest verknadsfulle middelet for å utløyse den responsen dei ønsker, og viss dei ikkje brukar sterke uttrykk så blir dei gløymt, seier Ramleth.

Ruth-Kari Ramleth ser på eit Instagraminnlegg me har skrive ut til ho.

MERKSEMD: Behovet for å bli sett er ein av årsakene til at jentene deler slikt innhald ifølge Ramleth.

Foto: NRK

Ho begynner å lese eit innlegg me har skrive ut til ho.

– «Føler ikkje at eg får så mykje støtte her inne i nettverket lenger, og det er ganske trist». Det her får meg til å tenke kva ho er villig til å gjere for å få dei likarklikka og kommentarane som ho ber om. Kva kan ho gjere neste gong? Jo, ho kan legge ut enda sterkare truslar om å ta livet sitt, fortel Ramleth.

Ifølge overlegen så er årsakene til sjølvskading mange, men ein jakt på å få merksemd og ønske om å vise meistring kan vere ei sterk drivkraft for å legge ut dei bilda dei gjer.

– Ønsket om å få merksemd, det å fortelje nokon om smerta si er sentralt her.

Eg les at mange i nettverket reagerer sterkt når dei får høyre frå terapeutar og psykologar om at dei gjer det på grunn av merksemda. Kva tenker du om det?

– Det er mange som får høyre at dei BERRE gjer det for å få merksemd, men ønske om merksemd er ikkje noko «berre» det. Det er eit heilt legitimt ønske. Det å kjenne at nokon bryr seg, og forstår ein er viktig for oss alle, poengterer Ramleth.

Har du behov for å snakke med noen etter å ha lest denne saken?

  • Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
  • Mental helses hjelpetelefon: 116 123
  • Chattetjeneste fra Kirkens SOS: soschat.no