Fredag gav statsadvokaten i Trondheim, Bjørn Soknes, ordre om å ta opp att Silje-saka frå 1994. Tre barn på 4, 5 og 6 år fekk skulda for å ha mishandla venninna Silje Marie Redergaard (5) til døde.
Silje Marie Redergård vart funnen død i ein akebakke på Tiller i Trondheim kommune.
Foto: Privat / NTBI Brennpunkt-serien «Drapet i akebakken» fekk politiet kraftig kritikk for etterforskingsarbeidet.
No skal politistudentar lære av feila politiet gjorde den gong. Kunnskapen om avhøyr av mistenkte barn skal betrast.
– Politiet må ransake seg sjølve
– Politiet sine avhøyrsmetodar har vore gjenstand for ei omfattande utvikling dei siste 20 åra. Politihøgskolen har i mange år tilbydt spesialisering retta mot avhøyr av fornærma barn. Dei mistenkte barna har falt mellom to stoler, skriv politioverbetjent og forskar, Asbjørn Rachlew, i ein rapport om Silje-saka.
Politioverbetjent og forskar Asbjørn Rachlew granska Silje-saka på oppdrag frå Riksadvokaten.
Foto: Svend Even Hærra / NRKRapporten vart bestilt av Riksadvokaten i sommar. Bestillinga kom etter at Brennpunkt tok kontakt med Rachlew og bad han sjå på politiarbeidet i saka frå 1994.
– Alle, inkludert meg sjølv, bør ransake seg sjølve og spørje kvifor vi har oversett dei mistenkte barna, seier Rachlew i ein artikkel på nettsida til Politihøgskolen.
Rachlew arbeider i dag ved Politihøgskolen i Oslo. Han understrekar at mistenkte barn har akkurat like stort behov for rettsvern som fornærma barn.
I same artikkel seier Politihøgskolens fagansvarlege for avhøyr, psykolog Kristina Jakobsen, at Silje-saka viser behovet for vidareutdanning innan dette feltet.
– Avhøyr av mistenkte barn har vore forsømt, seier Jakobsen.
Kristina Jakobsen håper ei vidareutdanning i avhøyr av barn kan tilbys alt neste år.
Foto: PrivatSilje-saka har gjeve politiet draghjelp
Brennpunkt-serien «Drapet i akebakken» kom på slutten av eit år prega av kritisk søkelys på politiets etterforsking.
Dei gamle drapssakene Baneheia og Birgitte-saka blir etterforska på ny.
Rachlew er oppteken av den avgjerande betydninga avhøyr har for rettstryggleiken.
– Sakene som har blitt tekne opp att den seinare tida, har fleire fellesnemnarar. Ein av dei er gjennomføring av avhøyr og kva betydning det får for rettstryggleiken, seier Rachlew.
Inger-Lise Brøste er Politihøgskolens fagansvarlege for tilrettelagde avhøyr av barn som vitne og fornærma.
Inger-Lise Brøste sit i ei faggruppe, leia av Kripos. Gruppa har i lengre tid jobba med nye retningslinjer for avhøyr av mistenkte barn.
– Vi har jobba med dette lenge i det stille. Silje-saka gjev politiet draghjelp til å rydde opp i noko som burde ha blitt rydda opp i for lenge sidan, seier Brøste.
Ingen krav til kompetanse
Ho fortel at det i dag finst få retningslinjer for avhøyr av mistenkte barn.
Tre gutar fekk i 1994 skulda for Siljes død. Politiarbeidet med saka har fått kraftig kritikk frå fleire hald.
Foto: Svend Even Hærra / NRK– Vi har regler, men vi manglar mykje å styre etter. Det er ingen krav til kompetanse. Heller ingen opplæring når politiet skal avhøyre barn som er mistenkte for alvorleg kriminalitet, seier Brøste.
Når det gjeld avhøyr av vitne og fornærma barn er mykje på plass.
– Vi oppdaterte lovverk og eigne forskrifter for avhøyr av barn, som er vitne eller fornærma, i 2015. Det finst eigne retningslinjer og direktiv frå Riksadvokaten for korleis avhøyra skal gjennomførast. Det er krav til kompetanse hos dei som utfører og leiar avhøyra, fortel Brøste.
Barnehusa ikkje for mistenkte barn
I 2007 vart det etablert såkalla barnehus i Noreg. Det er eit tilbod til barn og pårørande som møter rettsvesenet etter å ha blitt utsett for vald eller seksuelle overgrep.
I dag har vi 11 barnehus her i landet.
Foto: Ruth Marie Skulbru / NRK– Desse barnehusa omfattar ikkje mistenkte barn, fortel Brøste.
Ho legg til at barnehusa likevel har assistert politiet i fleire saker med mistenkte barn. Dei har hatt eit viktig ansvar for barn med seksuelt skadeleg åtferd.
– Men slik systemet er i dag er det opp til kvar enkelt politimeister om ein skal ta i bruk barnehus i avhøyr av mistenkte barn, seier Brøste.
Ho håper at barn som er mistenkt for alvorleg kriminalitet som drap, seksuelle overgrep, kroppsskade og liknande, skal bli omfatta av retningslinjene for Statens barnehus. Ho meiner og at opplæringa av fagpersonale i møte med mistenkte barn må styrkast.
– Når vi ser på «riggen» ved avhøyr av fornærma barn versus mistenkte barn, ja så er det mangelfullt. Det er på tide å løfte fram mistenkte barns rettstryggleik, avsluttar Brøste.
Sjå dokumentarserien «Drapet i akebakken»:
Silje blir funnet død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover ei rask oppklaring.
Politiet finner spor som peker mot Siljes lekekamerater. Men uavhengige eksperter oppdager i dag noe overraskende.
Når guttene avhøres, kommer det tilståelser. Hva skjedde egentlig i avhørsrommene?
Riksadvokaten ber en ekspert gjøre nye undersøkelser i Silje-saken. Det han oppdager kan få store konsekvenser.