AV: Geir Rommetveit
Den same Trygve Bolstad er samtidig assisterande direktør ved bedrifta som i sommar sa opp 150 tilsette. Fagforeninga gjekk inn for at klubbleiaren også skulle inn i leiinga, og Bolstad er altså nå på både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida samtidig. Han har som klubbleiar tilgang til alle avgjerder og samarbeider tett med adm.dir. Odd Samstad.
I samme båt
- Vi er alle i samme båt, seier adm.dir. Samstad.
- Dette med motsetningsforhold mellom ansatte og ledelse er noe som henger igjen fra 1890-åra, og det er på tide å forandre på det synet.
Adm.dir. Finn Bergesen jr. i Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO, meiner også at det er slutt på motsetningsforholda i arbeidslivet, og at alle tener på at tillitsvalde går over til arbeidsgjevarsida. Klubbleiar og ass.dir. Trygve Bolstad meiner at det tette samarbeidet bare kan fungera når ei bedrift ”ligg nede for telling” som Odda Smelteverk nå gjer.