Hopp til innhold

Lov som kunne straffa nakenbilde-svindel har vore under behandling i to år

Det er ikkje ulovleg å gi seg ut for å vere ein annan, for å utnytte andre på internett. No krev Arbeidarpartiet at regjeringa får på plass ei lovendring.

Maria Aasen-Svensrud (Ap): Vil bruke mer ressurser på norsk kriminalomsorg.

FORVENTAR LOVENDRING: Maria Aasen-Svensrud forventar at dette blir behandla så fort som mogleg.

Foto: Bernt Sønvisen

På sundag fortalde me i NRK, om mannen i trettiåra som gav ut seg for å vere kvinne for å få skeive til å sende nakenbilde av seg sjølv.

Mange av kvinnene opplevde situasjonen som veldig ubehageleg, ei i den grad at ho forsøkte å melde det til politiet. Likevel kan ikkje politiet gå vidare med saka, for det er ikkje ulovleg å lure til seg nakenbilde av folk, så lenge ein ikkje spreier bilda vidare.

Det vanskelege lovverket

Me har brukt mykje tid på å få ein oversikt over kva som er lov og ikkje.

Det som er heilt klart er at å drive med utpressing, truge eller spreie nakenbilde av andre er ulovleg. Men dette tilfellet går ikkje inn under det lovverket. For formålet til denne mannen var å lure til seg intime bilde for eigen nyting.

Etter å ha vore i kontakt med politidistrikt, interesseorganisasjonar og eit titals juristar så blei det etter kvart klart at om dette ikkje er eit lovtomt rom, så er det vert fall veldig vanskeleg å straffe nokon under dagens lovverk. Men slik hadde det ikkje tronge å vore.

For litt under to år sidan så kom nemleg regjeringa med eit forslag til nytt straffebod. «Formålet med forslaget er å sikre at all urettvis spreiing, framstilling og anskaffing av krenkande bilde er straffbart, og at dette går fram tydeleg av loven».

Høringsnotat frå regjeringa om nytt straffebud om befatning med bilde som er særleg egna til å krenke privatlivets fred

UNDER BEHANDLING: Regjeringa kom med eit høyringsnotat for nesten to år sidan. Det er framleis under behandling.

Foto: Skjermbilde

Ei slik lov kunne vore med på å gjere det tydeleg at det mannen gjorde var straffbart. Det einaste problemet er at det to år gamle forslaget, framleis er under behandling.

Maria Aasen-Svensrud (Ap) ser alvorleg inn i kameraet.

FOR TREIGE: Maria Aasen-Svensrud (Ap), meiner regjeringa har brukt for lang tid.

Foto: Bernt Sønvisen

– Det er svært uheldig at departementet har brukt så lang tid på å gjennomarbeide dette. Det er sånn at teknologien utviklar seg så fort at lovverket på enkelte punkt slit med å henge på. Da må ikkje eit treigt departement komme på toppen av dei endringane me trenger i lovverket, seier Maria Aasen-Svensrud (Ap), som er medlem av justiskomiteen.

Monica Mæland

ARBEIDER MED DET: Justis- og beredskapsminister, Monica Mæland (H), fortel til NRK at dei vil følge det opp i løpet av året.

Foto: Vidar Ruud

I eit svar til NRK skriv justis og beredskapsminister, Monica Mæland (H) følgande: «Me arbeider no med å følge opp høyringsnotatet i departementet, og vil levere noko i løpet av året». Departementet ser ut til å få litt fart på seg, men Aasen-Svensrud er likevel ikkje heilt fornøgd.

– Denne regjeringa ser ut til å hale ut i tid ein del saker som går på kvinner og kvinners tryggleik på internett. Og i stort omfang så er det denne saka vil omhandle. No har dette ligge lenge hos departementet. Så no reknar eg med at dette blir blant det første me skal behandle når Stortinget blir samla etter sommaren, seier Aasen-Svensrud.

Thor Kleppen Sættem (H) er statssekretær i justis og beredskapsdepartementet. Han reagerer sterkt når han får høyre kritikken om at regjeringa nedprioriterer kvinners tryggleik.

Thor Kleppen Sættem

DJUPT UEINIG: Thor Kleppen Sættem (H), er langt ifrå einig med Aasen-Svensrud.

Foto: Olav Heggø, Fotovisjon

– Det synest eg er ein urimeleg påstand. Det er mykje av det som blir gjort på justis- og politiområde som fortel ein historie om det stikk motsette. Overgrepssaker og mishandlingssaker er den type kriminalitet som politiet i dag bruker mykje meir ressursar på enn tidlegare, og det har vore ein bevisst politisk prioritering, svarer Kleppen Sættem.

– Kor skal grensa gå?

Det er likevel ikkje alle som er einige i at denne type åtferd burde vere ulovleg.

Først og fremst må eg få seie at det denne mannen har gjort er uetisk, gale og umoralsk. Eg er likevel ikkje overtydd om at dette bør bli straffbart, seier Marius Dietrichson, som er leiar av forsvarargruppa i Den Norske Advokatforening.

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

PROBLEMATISK: Advokat Marius Dietrichson meiner ikkje handlingane til mannen burde vere ulovleg.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Mange har sikkert gjort det, viss ikkje så har du sikkert opplevd det. Folk lyg på datingtenester om kor gamle dei er, kva dei jobbar med, kor mykje dei veg eller kor høge dei er.

– Kor skal grensa eigentleg gå? Me menneske legger til eigenskapar til oss sjølv som ikkje alltid er heilt treffande. Det trur eg alle må vere førebudd på, også dei fornærma i denne saka. Dei som har sendt nakenbilde til nokon dei overhovudet ikkje veit kven er, burde nok vere førebudd på at mottakaren er ein annan enn kva dei gir seg ut for, seier Dietrichson.

Han meiner ein lovverksendring vil kunne vere problematisk.

– Det bør bli vurdert nærmare. For me grensar opp mot heilt alminneleg åtferd mellom menneske. Lureri er ikkje bra, men dette er noko som skjer i menneskeleg samhandling. Nokon vil kunne lyge om enkelte ting i bardisken, og det kan føre til nær intim kontakt. Viss det er greitt, kvifor skal det da vere ugreitt det som er mindre, nemleg at ein berre får tilsendt bilde, fortel advokaten vidare.

Urovekkande om det er eit lovtomt rom

Som så ofte før så er det slik at ikkje alle advokatar er einige. Partnar og advokat i Brækhus advokatfirma, Eivind Arntsen meiner det ikkje burde vere eit stort problem rundt kor ein skal sette grensa for kva som er straffbart og ikkje.

– Det er eit større tal av kvinner som har opplevd ein stor belastning, etter å ha blitt lurt til å dele bilde av svært privat karakter. Eg har vanskeleg med å sjå kvifor det ikkje skal vere mogleg å få ein lovregulering for denne type saker, seier Arntsen.

Eivind Arntsen

BEKYMRA: Advokat Eivind Arntsen vil ha ei lovendring.

Foto: BRÆKHUS

– Etter mi meining så er det urovekkande om dette er eit lovtomt rom. Eg har store problem med at ein ikkje skal kunne få hjelp av politiet i tilfelle som det her, held han fram.

Arntsen er einig med Dietrichson i at ikkje alt som er umoralsk bør vere straffbart, men han er langt ifrå einig i denne saka.

– Me må ha eit samfunn der me tar omsyn til kvarandre sine intime sfære. Og at ein ikkje bygger opp ein tillit på falske premissar, for så å misbruke den tilliten. Det tenker eg bryt mot ein del normer og prinsipp. Også er det kanskje ikkje så overraskande at ein advokat som Dietrichson, som har lang erfaring innan forsvarargjerninga vil meine noko anna, seier Arntsen.