Fastlegane delte om Tamiflu-frislepp

Styresmaktene si avgjerd om å gjere influensa-medisinen Tamiflu reseptfri, splitta fastlege-Noreg på midten. Det syner ei spørreundersøking NRK Brennpunkt har laga.

Tamiflu

Berre halvparten av fastlegane i Brennpunkts undersøking meiner at «det var riktig å frisleppe tamiflu».

Foto: Mathias Oppedal / NRK

130 allmennlegar frå heile landet har svart på spørsmål frå NRK Brennpunkt, berre halvparten av desse svarar ja på om «det var riktig å frisleppe tamiflu».

I mai i fjor understreka helsestyresmaktene at berre pasientar med symptom på svineinfluensa, skulle få resept på Tamiflu.

30. oktober 2009 gjekk det ut brev frå Norsk Forening for Allmennmedisin, NFA, til medlemmane. Her vart det understreka at ein ikkje skulle vere slepphendte med tamiflu-reseptane. Det skulle ikkje bli gjeve Tamiflu til hamstring, lager hos bedrifter eller til beredskapspakkar.

– Jeg forutsetter at kollegene forvalter dette med klokt klinisk skjønn, skreiv leiar i NFA, Gisle Roksund.

Ombestemte seg

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen i Helsedirektoratet ønska at fleire skulle nytte Tamiflu.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Det gjekk ikkje mange dagane før klokt legeskjønn vart vraka av helsestyresmaktene. 5. november vart Tamiflu gjort reseptfritt. Eit skjema ein sjølv fylte ut om helsetilstanden og samtale med farmasøyt, erstatta resepten.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen i Helsedirektoratet forklarar at ein ønska at fleire skulle nytte Tamiflu.

– Vi såg av salsstatistikken at det blei brukt for lite Tamiflu, og at personar i risikogrupper ikkje hadde god nok tilgang på medikamentet. Dette skyldtes at det var vanskeleg å kome til hos fastlegane, som hadde stort arbeidspress, seier Larsen.

Avgjerda om å la folk kjøpe Tamiflu utan resept gjorde sitt. Frå å vere langt nede på bestselgarlista for legemidlar, rykka Tamiflu i november 2009 opp på ein suveren førsteplass. Berre i november kjøpte vi Tamiflu til ein salsverdi av 58,8 millionar kroner.

Usikker effekt

Det er uvisst om Tamiflu i det heile har nokon effekt mot svineinfluensa. Forsking som er gjort er nøktern til kor frisk ein blir av å ta medisinen, ifølge seniorforsker Signe Agnes Flottorp ved Kunnskapssenteret.

– Dei studiane som er gjort viser at Tamiflu reduserer symptomane og gjer at sjukdommen varer i gjennomsnitt eit halvt døgn kortare, men det er ikkje påvist nokon sikker effekt mot dødeligheita av svineinfluensa, seier Flottorp.

Kvifor frislepp?

NRK Brennpunkt har bede Helsedirektoratet dokumentere kva faglege råd ein bygde frisleppet av Tamiflu på. Svaret frå direktoratet kom kjapt via e-post: «Fire studier/oppsummeringer som er blant det som lå til grunn for vurderinger omkring bruk av antiviralia pr. oktober 2009».

Dette var altså studiane som låg til grunn for å gjere Tamiflu reseptfritt:

Studie frå The New England Journal of Medicine, datert 13. august 2009:

  • Studien omhandlar 18 av dei første svineinfluensapasientane i Mexico som hamna på intensivavdeling.
  • Ingen av desse hadde teke Tamiflu før dei hamna på sjukehus, men 14 av dei fekk det under sjukehusopphaldet. Dessutan fekk 22 helsepersonell Tamiflu etter at dei fekk influensa-symptom, og ingen av desse døydde. I oppsummeringa konkluderer ikkje artikkelforfattarane verken i den eine eller andre retninga når det gjeld viktigheten av Tamiflu og Relenza – men understrekar at framtidige studier på feltet bør klargjere desse tinga.

Artikkel frå British Medical Journal, datert 22. august 2009:

  • Artikkelen omhandlar erfaringar frå Australia under pandemien.
  • Professor Terry Nolan frå University of Melbourne School of Population Health seier i artikkelen at Australia kanskje ikkje brukte nok Tamiflu og Relenza tidleg under pandemien.
  • Elles er ikkje Tamiflu nemnt i artikkelen.

Artikkel frå Eurosurveillance, datert 27. august 2009:

  • Artikkelen omhandlar starten av pandemien i Tyskland
  • Den viste at behandling med antiviralia oftast starta innan 48 timar etter influensasymptom, som anbefalt av produsenten
  • Elles er ikkje Tamiflu nemnt

Dessutan viste Helsedirektoratet til ein amerikansk studie publisert i New England Medical Journal.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vedgår at det faglege grunnlaget for avgjera om å frisleppe Tamiflu, kunne vore betre.

– Sjølv om det var uvisse kring kor god effekt Tamiflu har, var det ei alminneleg oppfatning internasjonalt at ein burde tilrå bruk av Tamiflu, spesielt i risikogruppane. Og vi såg at også engelske helsestyresmakter friga medikamentet omtrent på tilsvarande måte som vi gjorde, og at dei hadde gode erfaringar med det, seier Larsen.

Helsedirektøren meiner det var gode grunnar for å gjere medikamentet meir tilgjengeleg.

– Tamiflu hadde også ei gunstig effekt på sjukdommen hos dei aller fleste, det vi hadde lite kunnskap om då ein starta denne hausten, var korvidt medikamentet hadde effekt mot livstruande sjukdom, fortel Larsen.

Gått ut på dato

Helsedirektoratet sitt beredskapslager av Tamiflu var på 1,4 millionar pakningar. Fram til veke 45 i fjor var ingenting av dette brukt. Dei som trengte Tamiflu fekk det utan at beredskapslageret vart rørt.

Men frå 3. august 2009 og fram til 25. november vart ein del av beredskapslageret brukt. I denne perioden vart det utlevert totalt 350.000 pakningar antiviralia (i hovudsak Tamiflu, samt ein liten andel av influensamedisinen Relenza) frå apoteka.

200.000 av pakkane i beredskapslageret har påstempla holdbarhet med utløpsdato 2006/2007. Den gong pakkane vart kjøpt av helsestyresmaktene var holdbarheten sett til tre år. Den influensamedisinen som no blir produsert har ein holdbarhet på sju år. For bruk i ein pandemisituasjon har Europeiske Legemiddelstyresmakter, EMEA, vurdert at legemidler som vart produsert tidlegare også kan brukast i inntil sju år.

No har styresmaktene kring 700.000 pakningar som gjekk ut på dato i januar/februar 2010, men som kan brukast i to ekstra år skulle det komme ein ny pandemi.

Resten av pakningane med Tamiflu går ut på dato i 2011, men kan også til naud brukast i to ekstra år.

Skal evaluerast

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vonar ein gjennomgong av pandemihausten vil gje betre svar på kor god effekt Tamiflu har mot svineinfluensa.

– Det er viktig at vi brukar den mogleiken ei evaluering i ettertid vil gje, til å skaffe betre kunnskap om effekta av å bruke Tamiflu, seier Larsen.