Landbruksministeren varslar stortingsmelding om dyrevelferd

Olaug Bollestad vil lage ei eiga stortingsmelding om dyrevelferd. Ho karakteriserer dei nye aktivistbilda frå svinenæringa som grufulle og graverande.

Landsbruksminister Olaug Bollestad er opprørt over de siste avsløringene om forholdene i svineindustrien. Stortingsmeldingen skal også handle om fiskeoppdrett og vurdere om lover og forskrifter er gode nok for å sikre dyrevelferden.

SJÅ VIDEO: Landbruksminister Olaug Bollestad er opprørt over de siste avsløringane om forholda i svineindustrien

Nok ein gong har dyrevernaktivistar tatt seg ulovleg inn i fjøsa til norske svinebønder. Bilda viser grisar som vassar i møkk, grisar med avbitne halar og store opne sår, og sjuke, døde og levande grisar i same binge.

– Eg blir skikkeleg irritert når eg ser kor graverande dette framleis er. Eg blir mållaus, seier landbruksministeren.

NRK viser henne opptaka på storskjerm i eit møterom i Landbruksdepartementet.

– Regelverket er krystallklart. Difor blir slike bilde utruleg sterke.

– Forstår du at nokon kan vere i stand til å drive på denne måten?
– Eg er ekstremt opptatt av dyrevelferd, og derfor så er det vanskeleg for meg å forstå.

Forstår aktivistane

NRK publiserte i helga utdrag frå eit omfattande bildemateriale som er tatt av dyrevernaktivistar. Dei har tatt seg ulovleg inn i fjøsa om natta.

Fleire av bøndene har sentrale posisjonar i politikken, i organisasjonslivet og i slakteria.

– Fallhøgda er større for dei som har posisjon, seier Bollestad

Metoden til aktivistane er omstridt. 24 av bøndene som er oppsøkt av aktivistane har meldt forholdet til politiet.

Landbruksministeren er skeptisk til metoden, men forstår aktivistane.

– Eg forstår engasjementet til dei som ønsker å vise at dei er opptatt av dyrevelferd, seier statsråden.

Også fiskeoppdrett

Landbruksministeren vil no ha full gjennomgang av heile næringa. Ho varslar at det vil kome ei stortingsmelding om dette.

Meldinga vil ta for seg alle dyreartar, og vil også handle om kjæledyr og fiskeoppdrett.

– Vi vil vurdere om lovverket er godt nok. Om forskriftene er gode nok, og om Mattilsynet har dei rammer og dei verktøy dei må ha for å kontrollere dei som produserer maten vår, seier Bollestad.

– Det er 20 år sidan sist vi hadde ein samla gjennomgang. Svært mykje er forandra når det gjeld matproduksjonen på dei åra, seier Bollestad.

For to år siden publiserte NRK en dokumentar som viste at det var veldig dårlig dyrevelferd hos en rekke svinebønder. Filmen skapte veldig sterke reaksjoner. Landbruksministeren, bondelaget og de store leverandørkjedene lovte å rydde opp. Men hva har egentlig skjedd siden den gang? En gruppe dyrevernaktivister har de to siste årene tatt seg inn på 28 gårder over hele landet. NRK har fått tilsendt bildene og publiserer dem fordi de dokumenterer forhold av vesentlig samfunnsmessig betydning som tilsynsmyndighetene ikke fanger opp. Metoden er omstridt, og Norges Bondelag sier aktivistbildene ikke er representative for næringa.

Sjå reportasjen frå Lørdagsrevyen