I NRK-serien «Drapet i akebakken» får politiet i Trondheim kraftig kritikk. Tre gutar på fire, fem og seks år fekk i 1994 skulda for venninna Silje Marie Redergårds (5) død.
I haust ba politiet i Trøndelag Kripos om å gå gjennom saka og vurdere om den burde bli tatt opp igjen. Samtidig granska forskar, Asbjørn Rachlew, politiarbeidet på oppdrag av Riksadvokaten.
I sin rapport til Riksadvokaten tilrådde Rachlew gjenopptaking av saka. Kripos tilrådde det motsette. Men i dag fortel Kripos at dei hadde eit heilt anna utgangspunkt for gjennomgangen enn Rachlew.
5 år gamle Silje Marie Redergård vart funnen død i ein akebakke på Tiller i Trondheim kommune.
Foto: Privat / NTBDei fekk tilsendt Rachlew sin ofisielle rapport etter at dei hadde gjeve si tilråding til Trøndelag politidistrikt.
Vurderte aldri skuldspørsmål
Kripos ynskjer ikkje å stille til intervju sidan saka ligg til vurdering ved Trøndelag statsadvokatembete. Men kommunikassjonsjef i Kripos, Åste Dahle Sundet, svarer på NRKs spørsmål via e-post.
Her går det fram at mandatet til Kripos var å vurdere spor som kunne føre til oppklaring av saka, uavhengig av mistanken mot dei tre gutane.
– Kripos har ikkje vurdert styrken av bevisa i Silje-saka, skriv Dahle Sundet.
I fylgje Kripos var mandatet vesentleg annleis enn det Rachlew arbeida etter.
– Mandatet har ikkje omfatta ei evaluering av politiets etterforsking i 1994 eller vurdering av skuldspørsmålet, fortel Dahle Sundet.
– Kan bli misforstått
I Brennpunkt-serien «Drapet i akebakken» fortel politimeisteren i Trøndelag politidistrikt, Nils Kristian Moe, at Kripos har vurdert det slik at det ikkje er verifiserbar informasjon i saka som gjer at den bør bli tatt opp igjen.
Politimeisteren svarte dette til Brennpunkt om grunngjevinga til Kripos:
– Kripos grunngjev det med den informasjonen og den gjennomgangen som dei har gjort av saka. Og då har dei jo så klart vurdert bevisa. Både avhøyr av dei involverte gutane, og avhøyr av andre vitne, åsynsundersøkelser og så vidare.
Politimeister ved Trøndelag politidistrikt, Nils Kristian Moe, ba Kripos gå gjennom Silje-saka og vurdere om den burde bli tatt opp igjen.
Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRKMen i fylgje Kripos kan det politimeisteren seier bli misforstått.
– Sitatet framstår, isolert sett, som om det er gjort ei fullstendig evaluering av etterforskinga og bevissituasjonen. Dette er ikkje riktig og er utanfor Kripos sitt mandat frå Trøndelag politidistrikt, skriv Dahle Sundet.
Politimeisteren svarer til dette at dei heile tida har hatt ein veldig god dialog med Kripos, og har eit godt og avklart forhold rundt både saka og mandatet.
Ny teknologi
I fylgje Dahle Sundet hadde vurderinga til Kripos som mål å vurdere om dagens metodar og teknologi kan få fram ny eller betre informasjon.
I Birgitte Tengs saka frå 1995 førte ny DNA-teknologi til at ein ny, mogleg gjerningsperson vart arrestert i haust.
DNA-spor knytte blod frå Tengs si strømpebukse til vedkomande.
I Silje-saka er mesteparten av bevismaterialet destruert eller blitt borte.
– Det som er igjen av bevis er referat frå avhøyra og bilete og den type ting, fortel politimeister Nils Kristian Moe i Trøndelag politidistrikt.
På spørsmål om det destruerte bevismaterialet kunne gjeve fleire svar med dagens teknologi, svarer Moe at det ikkje kan utelukkast.
– Både teknologien og politiets etterforskingsmetodar er ein heilt annan stad i dag enn i 1994, skriv politimeisteren i ein e-post til NRK.
Kripos skriv at deira tilråding om å ikkje opne ny etterforsking i Silje-saka, var basert på ei vurdering om ein med dagens teknologi og metodar kunne ha fått fram ny informasjon.
Det er politiet i Trondheim, i samråd med statsadvokaten, som skal ta stilling til om Silje-saka skal bli tatt opp på ny. Fredag skal statsadvokaten i Trondheim uttale seg om saka.
Sjå dokumentarserien «Drapet i akebakken»:
Silje blir funnen død i akebakken. Drapsalarmen går og politiet lovar ei raskt oppklaring.
Politiet finn spor som peiker mot Siljes leikekameratar. Men uavhengige ekspertar oppdagar i dag noko overraskande.
Når gutane blir avhøyrde, kjem det tilståingar. Kva skjedde eigentleg i avhøyrsromma?
Riksadvokaten ber ein ekspert gjere nye undersøkingar i Silje-saka. Det han oppdagar kan få store konsekvensar.