Hopp til innhold

Anne (19) var tre år i psykiatrien: – Å snakke med ein psykolog ein time i veka er ikkje nok

19 år gamle «Anne» var lenge ein del av det mørke Instagram-nettverket NRK avdekte. Ho opplevde liten framgang med å snakke med ein psykolog ein gong i veka.

Inngangsparti, Sykehuset i Vestfold
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Trigger-warning-banner

(Denne saken har blitt endret. En av kildene er etter eget ønske anonymisert etter at artikkelen først ble publisert).

Ho merka at ho blei dårlegare og dårlegare av å ta del i Instagram-nettverket NRK avdekte. Så frå og med starten av året har ho ikkje vore aktiv der inne. I likskap med mange av dei andre jentene har også ho vore mykje i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

– Eg trur eg har vore på fire eller fem forskjellige poliklinikkar. Så eg blei kasta rundt for å seie det mildt, seier ho.

Anne er ikkje hennar rette namn, men NRK kjenner den rette identiteten.

Ønsker meir intensiv behandling

Mange av dei som er ein del av Instagram-nettverket slit med sjølvskading og sjølvmordstankar. Dette gjaldt også Anne, ho var tre år i behandling hos barne- og ungdomspsykiatrien i Tønsberg. Sjølv opplevde ho at det var lite hjelp i behandlinga med å gå ein time i veka til ein psykolog. Ho ønskte seg meir intensiv behandling.

– Det er ikkje nok med ein terapeut. Ein treng å samarbeide med heim, skule og helsesyster. Det er behov for å ha eit nettverk rundt seg, der fleire enn ein person kan vere med på å hjelpe deg. Det å snakke med ein psykolog ein time i veka er ikkje nok. Også veit me at mange av dei verste tankane kjem på kvelden, og da har ein ofte ingen å snakke med, seier 19-åringen.

Men svaret på mykje av det Anne spør etter finst allereie i den norske psykiatrien. For me har nemleg behandling som er meir intensiv enn vanleg behandling. Dialektisk åtferdsterapi (DBT) er ein behandlingsform som det er bevist at fungerer på dei som slit med sjølvskading og sjølvmordstankar.

Det finst rundt 40 slike DBT-team i landet, og BUP har 19 slike team rundt om kring. Ola Homb er psykologspesialist på BUP i Hamar, og han fortel at DBT kan ha god effekt.

Ola Homb sit på sitt eiget kontor og blir intervjua

GOD EFFEKT: Psykologspesialist, Ola Homb, fortel at DBT kan ha god effekt på dei som slit med sjølvskading og sjølvmordstankar.

Foto: NRK

– Det er ein terapiform som er mykje meir intensiv enn vanleg samtaleterapi. Ein har også tilgang til terapeuten utanfor opningstid. Så det er ein terapiform som kan virke på dei med sjølvskading og sjølvmordstankar, seier Homb

Behandlinga gir mange av dei tilboda Anne følte ho mangla i si tid i barne- og ungdomspsykiatrien. Gjennom sine tre år i BUPA fekk likevel aldri Anne tilbodet om denne type behandling.

– Eg hadde definitivt takka ja til den behandlinga, om eg fekk tilbodet, seier ho.

– Eit stort problem

Kristoffer Bele Ødegård veit mykje om denne behandlingsmetoden. For han jobbar med DBT-behandling på seksjon for behandling, ved Bjerketun i Vestre Viken. Etter å ha høyrd deler av Anne si historie synest psykologspesialisten det er synd at ho ikkje har fått prøve DBT.

– Eg synest det kan høyre ut som at det hadde vore bra for ho å prøve DBT. Det er likevel vanskeleg for meg å seie kva slags vurderingar dei har gjort på Vestfold sjukehus, men eg kan vel seie det sånn at hadde ho vore i Vestre Viken så hadde ho nok fått prøve DBT, seier psykologspesialisten.

Kristoffer Bele Ødegård sit på sitt eiget kontor under intervju med NRK.

PSYKOLOGSPESIALIST: Kristoffer Bele Ødegård jobbar med DBT-behandling, og han ser at det hjelper.

Foto: NRK

Ødegård er også universitetslektor på nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging, og han trur det er mange som aldri får moglegheita til å prøve DBT-behandling, som kunne hatt bruk for det.

– Det er forsvinnande få som blir tilvist til DBT. Problemet er at me ikkje har nasjonale retningsliner for kven som skal få tilbodet om spesialisert behandling. Det gjer at det blir litt tilfeldig kven som blir fanga opp og kven som ikkje blir det, seier Ødegård.

Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging har funne ut at ungdommane som får DBT-behandling får ein sterk reduksjon i tankar som dreiar seg om håpløyse, sjølvskading og depresjonssymptom. Resultata deira viser at behandlinga ikkje berre gir umiddelbar effekt, men at den også varer. Ødegård synest det er synd viss mange av ungdommane som ikkje får tilstrekkeleg behandling i BUP ikkje får moglegheita til å prøve DBT.

– Eg ser på det som eit stort problem viss ungdommar som kunne hatt bruk for det ikkje får anledning til å prøve spesialisert behandling, seier Ødegård.

Det er på sjukehuset i Vestfold Anne gjekk til behandling frå ho var 14 til 17 år. Klinikksjef på sjukehuset, Inger Meland Buene, fortel i ein e-post at dei har DBT-behandling på avdelinga, og at det ønsker dei å tilby alle som kan ha nytte av den.

– Kvifor ein spesifikk ungdom ikkje har fått tilbod om DBT kan me ikkje svare på. Det er naturlegvis svært beklageleg om nokon som kunne hatt nytte av eit slikt tilbod, ikkje har fått det. Me vil ta kontakt med Anne så me saman kan ta ein gjennomgang, så ho kan få svar på dette om ho ønsker det, seier Meland Buene.

Hvordan påvirker unge med selvmordstanker hverandre på sosiale medier? Vilde utforsker et lukket nettverk av unge som deler fra sin vonde hverdag.

Korleis påverkar unge med selvmordstanker kvarandre på sosiale medium? Vilde utforskar et lukka nettverk av unge som deler frå sin vonde kvardag.