Hopp til innhold

Jusprofessor: Statsadvokaten må beklage

– Kva motiv hadde politiet for å gå laus på desse barna, spør jusprofessor Mads Andenæs, etter å ha sett Brennpunkt-serien om Silje-saka.

Avhør av barn. Rekonstruksjon i forbindelse med dokumentarserien «Drapet i akebakken»

OPPRØRT: Jusprofessor Mads Andenæs reagerer på det som kjem fram i NRK-serien «Drapet i akebakken»

Illustrasjon: Svend Even Hærra / NRK

Tre gutar på fire, fem og seks år fekk i 1994 skulda då fem år gamle Silje Marie Redergård vart funnen død. Politiet konkluderte etter vel eitt døgn med at det var dei tre barna som var «gjerningsmenn». I dokumentarserien «Drapet i akebakken» går NRK Brennpunkt gjennom politiets etterforsking av saka.

Grove feil

Jusprofessor Mads Andenæs er kritisk til avhøyrsmetodane. Han meiner dei framstår som manipulerande, og at det er påfallande at politiet i Trondheim ikkje følgde andre spor i 1994.

Mads Andenæs

Jusprofessor ved universitetet i Oslo, Mads Andenæs, er opprørt over det som kjem fram i Brennpunkt-serien «Drapet i akebakken».

Foto: UiO

– Kva motiv hadde politiet for å gå laus på desse barna på denne måten? Det er heilt ufatteleg, seier professoren.

Han er opprørt over det som har kome fram i Brennpunkt-serien.

– Det er grove feil i måten avhøyra vart gjennomført på. Barna hadde heller ikkje forsvararar til stades. Dei hadde altså ikkje den rettssikkerhetsgarantien som vaksne har. Det er særleg graverande når utfallet var at dei fekk skulda for eit lite barns død, seier jusprofessoren.

Han meiner at statsadvokaten i Trondheim bør gå ut og beklage overfor dei tre gutane, på vegner av norsk påtalemakt.

Jusprofessor Mads Andenæs uttalar seg på bakgrunn av kritikken som kom fram i NRK-serien. Han har ikkje hatt tilgang til politidokumenta.

Svarer i desember

Førstestatsadvokat i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes, ynskjer ikkje å kommentere dette på noverande tidspunkt. Han seier til NRK at han vil uttale seg offisielt om saka i starten av desember.

Førstestatsadvokat i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes

Førstestatsadvokat i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes, vil uttale seg offisielt om Silje-saka i starten av desember.

Foto: Riksadvokaten

Soknes fekk tilsendt ein svært kritisk rapport om etterforskinga av Silje-saka den 8. november. Rapporten var bestilt av Riksadvokaten. Den er basert på politioverbetjent og forskar, Asbjørn Rachlew, si gransking av politiarbeidet.

Soknes skal no ta stilling til det som har kome fram i dokumentarserien og Rachlews rapport, før han uttaler seg offisielt om saka.

– Grunnlag for erstatningskrav

Jusprofessor Andenæs meiner at også politiet må legge seg flate i denne saka og innrømme feil.

– Det er ikkje tvil om at det gjekk skikkeleg gale i 1994. Desse barna har blitt utsette for alvorlege krenkingar. Det gjev grunnlag for erstatningskrav, seier Andenæs.

Brødre mistenkt for drap på Kevin i Arvika i 1998

To brødre på fem og sju år vart avhøyrt i over 30 timar før dei «tilstod» drapet på Kevin i 1998.

Foto: Privat/Dokument inifrån/SVT

Jusprofessoren viser til den svenske «Kevin-saka» frå 1998. Der fekk to brør på fem og sju år skulda for å ha tatt livet av fire år gamle Kevin. 19 år etter hendinga avdekka ein svensk dokumentarserie store manglar ved politiarbeidet.

I forbindelse med serien bestemte statsadvokaten i Karlstad at etterforskinga skulle bli opna igjen. Bevismaterialet vart granska på nytt. Fleire titals personar vart avhøyrde.

Det enda med at mistanken mot dei to brørne fråfalt. Det vart ikkje funne nye gjerningsmenn. Det er heller ikkje klart om Kevin vart utsett for noko kriminelt eller om det var ei ulykke.

Destruert bevismaterialet

I Sverige hadde dei videoopptak av store delar av avhøyra. I tillegg hadde politiet tatt vare på bevismaterialet. Historia er ei anna i Silje-saka.

Når vi spør politiet i Trondheim om bevismaterialet i saka, får vi vite at store delar er destruert.

– Det som er igjen av bevis er referat frå avhøyra og bilete og den type ting, seier politimeister, Nils Kristian Moe i Trøndelag politidistrikt.

Politimester i Trøndelag politidistrikt, Nils Kristian Moe.

Politimeisteren i Trøndelag politidistrikt er i dag einig i at etterforskinga i Silje-saka ikkje held dagens standard.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Han fortel at resten av bevismaterialet vart destruert. Kleda til barna vart levert tilbake.

– Det var nok sånn det skjedde i dei sakene. Når ein ikkje såg at det var behov for det lenger, så vart det destruert. Det kan vi seie dessverre til i dag, men det var nok praksisen den gong, seier politimeisteren.

Ventar på statsadvokaten

Moe seier at motivet til politiet då, som no, var å etterforske og oppklare saka.

Norsk politi har erkjent at dei avhøyrsmetodane som vart brukt i 1994 har store svakheiter. Det gjeld både avhøyr av mistenkte og avhøyr av barn. Det blir difor spesielt ille når det gjeld avhøyr av mistenkte barn.

På kritikken mot at politiet ikkje følgde andre spor i saka, svarer politimeisteren at det ikkje ville ha skjedd i dag.

– Hadde hendinga skjedd i dag, ville vi etterforska alle hypotesar fullt ut. Borna ville og fått oppnemnt forsvarer før avhøyr. Avhøyra ville blitt gjennomført av særleg skikka personar. Vi ville også dokumentert avhøyra med lyd- og bildeopptak.

Politimeisteren i Trøndelag politidistrikt innrømmer at etterforskinga ikkje held dagens standard. Han ventar no på eventuelle føringar frå statsadvokaten.

Dette er ei svært tragisk og alvorleg sak og vi er opptekne av å opptre formelt riktig i prosessen som no pågår, avsluttar politimeisteren.

Sjå dokumentarserien «Drapet i akebakken»:

Silje blir funnet død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover en rask oppklaring.

Silje blir funnen død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover ei rask oppklaring.

Politiet finner spor som peker mot Siljes lekekamerater. Men uavhengige eksperter oppdager i dag noe overraskende.

Politiet finn spor som peikar mot Siljes leikekameratar. Men uavhengige ekspertar oppdagar i dag noko overraskande.

Når guttene avhøres, kommer det tilståelser. Hva skjedde egentlig i avhørsrommene?

Når gutane blir avhøyrt, kjem det tilståelser. Kva skjedde eigentleg i avhørsromma?

Riksadvokaten ber en ekspert gjøre nye undersøkelser i Silje-saken. Det han oppdager kan få store konsekvenser.

Riksadvokaten ber ein ekspert gjere nye undersøkingar i Silje-saka. Det han oppdagar kan få store konsekvensar.