NRK Meny
Normal

Isdalforfattar: – Ei enorm overrasking

Sonen til hovudetterforskaren i Isdalssaka er spent på kva som kan kome ut av nye funn.

Tore Osland

Tore Osland har lest hundrevis av politidokument i Isdalsaka.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Det hadde vore spanande å sjå om noko av det eg har tenkt var riktig, seier Tore Osland.

Det er som ei arv frå faren. Harald Osland var hovudetterforskar i Isdalssaka i 1970. Han klarte aldri heilt å legge frå seg saka om kvinna som vart funnen død i Isdalen i Bergen. Det har aldri sonen, Tore Osland, klart heller. Han har skrive bok om saka, og lest hundrevis av politidokument.

NRK har funne nye spor, i form av vevsprøvar og tenner. I 1970 fanst ikkje DNA-teknologien. Kanskje kan gammalt materiale og nye metodar gje nye svar no?

– At ein har klart å nøste opp og følgje eit sånt spor på ein sånn måte. Det er ei enorm overrasking, seier Osland.

Falske identitetar

Kvinna vart funnen sterkt forbrent i ei steinrøys. Det var ingenting på åstaden som kunne seie kven ho var. Etterkvart kom det fram at ho hadde reist rundt med falske pass.

Det var teoriar om både drap og spionasje, men politiet konkluderte med at kvinna truleg hadde tatt livet sitt. Så lenge dei ikkje fann ut kven ho var, var saka framleis ei gåte.

– Eg er heilt trygg på at han ikkje meinte at saka var oppklart med den konklusjonen som var gjort, seier Osland om faren.

– Som ein kriminalroman

– Eit uoppklart kriminalmysterium i Bergen i mitt næraste nabolag. Det er klart at det har eg vore oppteken av i alle år, seier kriminalforfattar Gunnar Staalesen.

Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen har vore oppteken av saka om Isdalskvinna i årevis.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Han er vand med gåter i bøkene sine, men han er òg vand med at det dukkar opp eit svar. Saka om Isdalskvinna er verkeleg, og har vore utan svar i 46 år. Staalesen har latt seg inspirere av den gamle saka i noko av det han har forfatta. For det er mykje i den som minnar om ein kriminalroman.

– Det skjer i eit veldig dramatisk landskap. Isdalen er tett og mørk. Staden ho var funnen er kalla Dødsdalen. Ho var skadd av både røyk og flammar. Ingen veit kven ho var, eller kva ho gjorde i Bergen.

– Eg skulle svært gjerne sett ei verkeleg løysing på den her saka.

Isdalsgåta er kjend for mange bergensarar. Staalesen var 23 år då kvinna vart funnen. Politiet etterforska massivt, og pressa dekka saka tett.Med jamne mellomrom har den dukka opp igjen i pressa i åra som har gått.

– Ein av tinga vi har mangla er biologiske spor. No er jo dette ei 46 år gammal sak. Mange aktuelle vitne og etterforskarar er borte. Det er vel tekniske og biologiske, og eventuelt andre spor ein finne, som i beste fall kan føre oss nærare ei løysing.