Ingebjørg ser forskjell på det mørke nettverket etter NRK si avsløring

Ingebjørg Blindheim (22) fortel at fleire søker seg inn i Instagram-nettverket, som blant anna deler sjølvskadingsbilde og sjølvmordsmetodar. Ho meiner likevel at avsløringa til NRK har hatt flest positive sider.

Ingebjørg sit huska med telefonen i handa og kikkar ut i lufta.

STORE FØLGER: NRK si avsløring har skapt reaksjonar i Instagram-nettverket. Ingebjørg Blindheim seier konsekvensane stort sett er positive.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Trigger-warning-banner

Ingebjørg har vore ein del av Instagram-nettverket i mange år. No forsøker ho å hjelpe dei som treng det i miljøet. Etter at NRK avdekte det hemmelege nettverket har ho merka ein auke av folk som søker innpass i miljøet. Sjølv har ho motteke 52 nye følgeførespurnadar på Instagram.

Ingebjørg sit på ein benk i skogen.

TILVEKST: Ingebjørg Blindheim vil ikkje at nettverket skal bli større.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Eg og fleire andre har fått ein del følgeførespurnadar. Mange er folk som har hatt det vanskeleg eller som slit sjølv, og som vil inn i miljøet for å hjelpe. Det er ein god tanke, men det er ikkje deira ansvar. Eg vil ikkje at fleire menneske som slit skal ta på seg det ansvaret. Eg vil at det skal vere helsevesenet eller politiet sitt ansvar, seier Ingebjørg.

– Det har vore ein positiv endring

Etter at NRK avdekte det mørke nettverket så er det ifølge Ingebjørg fleire av dei som er ein del av miljøet som i større grad reflekterer over kva dei gjer.

– Det har vore ein veldig positiv endring blant dei som var i miljøet frå før. Folk har blitt mykje meir bevisst på kva dei legg ut, og reflekterer meir rundt korleis dei påverkar kvarandre. Fleire av jentene seier også no ifrå om andre sine innlegg, og om kva som er skadeleg å legge ut av bilde, seier ho.

Dei siste dagane har det og vore jenter som har sagt at dei vil ta sitt eige liv. Fleire har kontakta Ingebjørg og sagt at dei er bekymra for jentene. Ho ser likevel ein endring blant jentene.

Ingebjørg sit i ei huske og kikkar på telefonen

SER ENDRING: Ingebjørg ser no ei endring i jentene i miljøet.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Eg har spurt om dei kan ringe etter hjelp sjølv, og det er fleire no enn før som tør å gjere det. Det er bra, sjølv om det framleis ikkje bør vere vårt ansvar, seier 22-åringen.

– Dei er nysgjerrige

Sjølv om Ingebjørg synest avsløringa av det mørke nettverket stort sett har vore positivt, så har det også ført med seg nokre negative sider.

Mange av jentene i nettverket merkar profilane sine med Trigger warning eller TW. Det gjer også fleire av dei som no vil ta del i miljøet.

– Dei har tydelegvis kopiert det frå det dei har lest på NRK, om korleis slike profilar ser ut. Nokon av desse nye profilane har ofte meir alvorleg innhald på kontoane sine enn dei som var i miljøet frå før, seier ho.

Ingebjørg står ved vatnet og kikkar ut.

SKADELEG: Ingebjørg åtvarar andre om å ikkje bli ein del av nettverket.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ingebjørg håpar ikkje at miljøet skal vekse og at nye brukarar skal påverke miljøet negativt.

– Eg håpar folk er forsiktige med kven dei tar inn i miljøet no, og at det roar seg. Eg trur folk oppsøker det på grunn av medieomtala, og fordi dei er nysgjerrige. Målet mitt er at dei heller skal finne hjelp på ein betre måte, avsluttar Ingebjørg.

Har du behov for å snakke med noen etter å ha lest denne saken?

  • Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
  • Mental helses hjelpetelefon: 116 123
  • Chattetjeneste fra Kirkens SOS: soschat.no
Hvordan påvirker unge med selvmordstanker hverandre på sosiale medier? Vilde utforsker et lukket nettverk av unge som deler fra sin vonde hverdag.

Hvordan påvirker unge med selvmordstanker hverandre på sosiale medier? Vilde utforsker et lukket nettverk av unge som deler fra sin vonde hverdag.