Eg er ein nettavis-junkie. Fullstendig avhengig av å klikke innom VG, Aftenposten, Dagbladet, NRK, Firda, BBC og CNN fleire gonger i timen. Eg klikkar, scrollar og klikkar vidare. Det er slike skader ein nyheitsjournalist kan pådra seg. Men det gir meg sjeldan meir enn overskrifter og eit mms-bilde av den siste hendinga her eller der.
Stadig fleire brukar nettet slik, og konsumerer nyheiter på den måten. Papiravisene må spare pengar, og flyttar journalistane over dit annonsekronene er: På nettet. Følgjen av dette er at alt går fortare. Journalistikken blir meir fragmentert og overflatisk.
Difor arbeider eg i eitt av dei største miljøa for undersøkande journalistikk i Norge. Fordi eg trur at jo fortare overskriftene skiftar på nettet, jo større bilde og mindre tekst det blir i i papiravisa – di større trong er det for ein redaksjon som ikkje gir seg før alle steinar er snudde, alle stemmer er høyrde, og alle sider av ei sak er undersøkt.
Vi treng innsikt og kunnskap, og hjelp til å sjå samanhengar. Brennpunkt skal gi den kunnskapen nokon ønskjer du ikkje fekk. Og vi skal vise deg samanhengar nokon prøver å halde skjult.
Som journalist er eg meir glad i å avdekke enn å avsløre. Med det meiner eg at like viktig som å grave opp dei store skandalene er det å forstå kvifor ting har blitt som dei er: Å peike på samanhengar i eit samfunn som blir stadig meir komplekst og styrt av folk som har eitt mål: Å få personleg makt eller rikdom.
Då eg jobba med nyheiter, for fleire år sidan, tenkte eg ofte på at dokumentar; det skal eg drive med når eg blir gamal. Fire år i Brennpunktredaksjonen tydar kanskje på at eg har blitt vaksen.
Send meg en