Finn Aamodt har meir enn berre faglege interesser av at dei norske skøyteløparane hevdar seg i verdstoppen.
Aamodt får nemleg bonus på sponsorkontraktene han skaffar Norges Skøyteforbund (NSF). Det gjer at han tener det dobbelte av grunnløna.
Verdt 11 millonar
Brennpunkt har fått tak i den hemmelege kontrakten mellom NSF og generalsponsoren Terra. Avtalen er verdt 11 millionar kroner over tre år. Den faste godtgjersla er på 8,5 millionar kroner. I tillegg kjem bonusar på opptil 2,5 millionar kroner fram til 2008.
Avtalen kom i stand etter at Skøyteforbundet i mai i fjor kasta teleselskapet Unofon på dør. Unofon, som var registrert i skatteparadiset Jersey, slutta å betale, midt i oppkøyringa mot OL.
Solid bonus
Finn Aamodt forhandla fram Terra-avtalen, og tente svært godt på jobben. For samstundes reforhandla han sin eigen lønsavtale med Skøyteforbundet.
I den står det at Aamot skal ha 150 000 kroner i året for kvar av dei største sponsorkontraktene.
Det gir sportsssjefen tre hundre tusen i bonus for kontraktene med generalsponsor Terra og hovudsponsor Grimstadgarasjene.
I tillegg får Aamodt ein prosentbonus, som gir han hundre tusen for at skøyteløparane har på seg logoen til digitalbutikken MPX.
Tilsaman utgjer Aamodt sine bonusar i år fire hundre tusen. Men grunnløna på 450 000, blir det tilsaman ei inntekt på 850 000 kroner.